Næring

KOMPETANSESTOVER

Grunnidéen for kompetansestover er den samme som for næringshagar, men i mindre skala:
Samlokalisering av bedrifter som driv innan kunnskapsintensive næringar. Kunnskap og bruk av IKT må vera vesentlege element.

Kjerna til etablering og oppstart av ei kompetansestove kan ha mange ulike utgangspunkt. Det kan vera nyetablerarar som vil utvikle forretningsideane sine i fellesskap. Etableringa kan og ha utspring i ein opplysningssentral, eit sørviskontor, eller eit bygdakontor, gjerne med tilknytning til skule, bibliotek, ungdomshus, nærbutikk, kafe.

5 kompetansestover utvalde
Følgjande etableringar er hittil utvalde til å delta i utprøvinga:

Reed Mini-næringshage i Gloppen, kontaktperson Per Svein Reed, tlf. 57 86 83 33

Norsida Næringsstove LL i Stryn, kontaktperson Liv Ingrid Iversen Rand, tlf. 57 87 37 68

Sørsida Idebank i Høyanger, kontaktperson Veslemøy Kolle Årnes, tlf. 57 71 02 85

Ytre Stadlandet kompetansestove i Selje, kontaktperson Marita Aarvik, tlf. 57 85 99 83/ 996 27 989

Lavik Nærings- og Bygdeservice i Høyanger, kontaktperson Johnny Litzheim, tlf. 57 71 11 47

Gaular Næringshage i Bygstad, dagleg leiar Britt Merete Aase

Den har eiga heimeside www.gaularportalen.no