Om oss

www.bygdeutvikling.no

Status 2009

Kompetansebygder har vore pådrivar for å etablere årleg møteplass som dei siste åra har vore arrangert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Landbruksavdelinga/Bygdeutviklingsprogrammet, nettside/publiseringssystem for bygdeutviklingslag og bygder ved hjelp av DagenDin som vi oppmodar bygdene om å bruke aktivt og vi er spente på resultatet av etableringa av Distriktssenteret.

Framover er det opp til bygdene sjølve å ta i bruk denne infrastrukturen - lukke til!

Kompetansebygder
Rønnaug Berge Leite (koord.)





Samarbeid mellom Kompetansebygder/DagenDin og LivsVerkene

28. februar 2008 var representantar for dei lause nettverka samla til møte på Hotel Alexandra i Loen med kongstanken å samel alle bygder/småsamfunn på nett - di bygd er også velkomen med!



OPPMUNTRINGSagentar

Kompetansebygder var i januar 2007 på Norsk Humørgard på Hjelmås og vart sertifisert av humørbonden Geir Styve som Oppmuntringsagentar.



BygdeKraftverk

Kompetansebygder deltok hausten 2006 på landsdekkande møte på Næroset i Ringsaker og i november same år på interimstyremøte ved Mit Fab-Lab i Lyngen for å etablere eit desentralisert Kompetansesenter for Distriktsutvikling.



INNOBYGD 2006

Kompetansebygder tok initiativ til fellesreise til Lucky Næroset og Rikskomframsen for Bygdekraft 16. og 17. juni 2006.
10 deltakarar frå Nordfjord deltok og henta heim BYGDEKRAFT!



SMÅSAMFUNNSSATSINGA

Kompetansebygder sende innspel til KRD der kongstanken er å samle BU Norge til eit rike!



NASJONALT NETTVERK MED INTERNASJONALE KONTAKTER

17. oktober 2005 var Småsamfunnsenteret v/Johannes Ryan (Narvik), Det Kgl. Selskap for Norges Vel v/Arild Løvik (Tynset) og Kompetansebygder v/Inger Langvik (Nordsida/Stryn), Knut Åland (Selje kommune), Ola Bergheim (Breim/Gloppen) og Rønnaug Berge Leite (Kjølsdalen/Eid) samla til møte på Juv for å drøfte felles platform for etablering av eit landsdekkande BU-nettverk med internasjonale kontakter.















ENABLE

Kompetansebygder er etterkvart klar for deltaking i EU-prosjekt og søkte hausten 2005 samarbeidspartnerar på området bygdeutvikling i Tyskland og Austerrike. Vi fekk ENBALE-partner i Thüringen i Tyskland og i Hordaland til prosjektet FURORE Network and Leadership Competence. Dette resulterte i ENABLE-søknad og at Bygdeutvikling v/Rønnaug Leite no stod som leadpartner for prosjektet som har til føremål å byggje og styre internasjonale nettverk for framtida. Men diverre, vi kom ikkje gjennom nålauget denne gongen, MEN er ei erfaring rikare!



SAMARBEID MED SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE

Fylkesbanken Sogn og Fjordane har støtta arbeidet vårt både verbalt og med reine kroner; som innleiar og deltakar på dei årlege bygdesamlingane, Fylkesbarometeret, banken sin eigen nettstad og med støtte i tre år til drifting av bygdene sin eigen nettstad www.bygdeutvikling.no.
Som ein del av "drahjelpa i 2005", fekk vi møte ekspertisen Sandal/Klakegg for å drøfte vidare strategi - svært nyttig! Kompetansebygder har tru på samarbeid mellom dei frivillege bygdeutviklingslaga, det offentlege (administrasjon og politikarar) og næringslivet som har kultur for marknadsføring og sal.



STUDIEREISER I SVERIGE

Kompetansebygder deltok på studiereise i regi av Småsamfunnssenteret.
Bygdene våre må ta mål av seg til å bli viktige i det internasjonale samfunn. Vi som bur her må reise ut for å sjå og høyre korleis ein arbeider med bygdeutvikling og kva produkt og tenester som har suksess. Korleis kan vi organisere lokale ressursar med tanke på internasjonal marknad?
Bygdeutvikling v/Rønnaug Berge Leite arrangerte hausten 2005 tilsvarande studiereise for samarbeidsprosjektet "Kvinner og menn i distrikta - liv og virke" der bygdeutviklarar frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal deltok.



BYGDENE SIN EIGEN NETTSTAD!

Etter Bygdesamlinga i Vetlefjorden 14.08.2004 utvidar Kompetansebygder igjen det uformelle nettverket til også å omfatte bygdeutviklingslag i Sunnfjord og Sogn. Vi vonar etterkvart at bygdene ser verdien av å knyte seg opp mot ein felles portal med eigen nettstad for informasjon, synleggjering og formidling av eigenart og bygdestoltheit.



UTVIDING AV KOMPETANSEBYGDER I NORDFJORD

Det uformelle BU-nettverket i Nordfjord har vore samansett av ei styringsgruppe representert frå ytre, midtre og indre Nordfjord.

Frå 2004 er gruppa utvida med ein BU-kontakt frå kvar av Nordfjordkommunane:

Bremanger -
Eid - Rønnaug Berge Leite
Gloppen - Ola Bergheim
Hornindal - Roger Løvlid
Selje - Marita Aarvik
Stryn - Inger Langvik
Vågsøy - Inger Johanne Heikkinen
Sogn og Fjordane - Knut Aaland

Første nettverksmøte vart halde på Bygdekontoret på Bryggja torsdag 15. januar.

Utviding av Kompetansebygder


Den uformelle nettveksgruppa har dei siste åra arbeidd med
ulike prosjekt og tema:

1. Bygdesamling
2. Publiseringsystem
4. Kompetanse
5. Administrasjon
6. Bygdemedarbeidar
7. Småsamfunnssenter
8. Distriktet.no
9. Nettverk
10. Studietur

I framtida gjeld det å byggje vidare på dette ved å danne nettverk, lære av kvarandre og samarbeide om å styrke grunnlaget for næringsutvikling i bygdene.


70 BU-LAG I SOGN OG FJORDANE

Kompetansebygder i Nordfjord v/Rønnaug Berge Leite har kartlagt nær 30 lag/org. i Nordfjord som arbeider med heilskapleg lokalsamfunnsutvikling og fungerer som koordinator for det uformelle nettverket.



ÅRLEG MØTEPLASS

20. oktober 2001 gjekk den første temakonferansen om bygdeutvikling av stabelen i Kjølsdalen Samfunnshus.
Ytre Stadlandet var arena for samlinga i 2002 og Nordisda vertskap i 2003. FMLA er no medarrangør av ei ei årleg samling på omgang mellom regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn; 2004 Fjordane i Balestrand, 2005 Holmedal i Askvoll, 2006 Oppstryn i Stryn og 2007 Fjærland.



PUBLISERINGSSYSTEM - BYGDENE SIN EIGEN NETTSTAD

DagenDinDagenDin v/Tor Åge Berglid og Svein Arild Bergset har utvikla eit publiseringssystem – www.bygdeutvikling.no – som skal vere ein reiskap for bygdene til å skape identitet og profilere nyhende, aktivitetar og det positive som skjer i bygdene.






KOMPETANSEBYGDER I NORDFJORD

Rønnaug - Inger - Marita - Knut














Nordsida utviklingslag v/Inger K. Langvik (indre Nordfjord)
Kjølsdalen Krins Utviklingslag v/Rønnaug Leite (midtre Nordfjord)
Ytre Stadlandet utviklingslag v/Marita Aarvik (ytre Nordfjord)

starta det nye årtusen (2000) med å ta initiativ til å kartlegge utviklingslag i bygdene i Nordfjord, danne nettverk både ved hjelp av e-post og internett og skipe til ein årleg møteplass på omgang mellom bygdene.

Svært mange bygdelag har no etablert Bygdekontor. Kompetansestover og Næringshagar er under oppbygging. Pilotprosjektet ”IKT som verktøy i bygdeutvikling” har vore medverkande til at mange utviklingslag har etablert eigne websider for informasjon og marknadsføring, og e-post vert nytta som kommunikasjon internt i bygda og mot omverda.



Bygdeutviklingslaga
Kompetansebygder
Rønnaug Berge Leite
6776 Kjølsdalen
Tlf.: 57863268
Mob.: 911 91 575
post@bygdeutvikling.no