Bygdeutviklingskonferansen 2001

TEMAKONFERANSE BYGDEUTVIKLING
Kjølsdalen Samfunnshus 20.10.2001 kl. 10.00 – 18.00

”Den første møteplassen for bygdeutviklarar og småsamfunn i regionen”

Dagen stod der med ”blanke ark” og strålande fint haustver, nesten for fint til å vere innandørs.
Kjølsdalen Samfunnshus var vakkert pynta for ei stor, historisk hending. Rønnaug Leite stod i døra og helsa kvar og ein hjarteleg velkomen. Ole Reinhart Bugjerde hadde ansvaret for registrering og deltakaravgift. Margun Ervik tok vel imot utviklingslaga som hadde med materiell for å presentere laget og profilere bygda si.

Hornindal Utviklingslag

Anna og Jens Cilleborg Jensen som driv catering-verksemd frå Midthjell, stod for matservering. Det var tid til ein liten kaffikopp og litt å bite i før programmet starta presis kl. 10.30.

Rønnaug Leite leia samlinga og starta med å lese Amund Mork sitt dikt ”Nordfjording”.
Diktet skulle representere felles røter og felles framtid.

Nordfjording det er eg og var eg
og vert kvar i verda eg fer
Her sat eg på fanget åt far, eg,
og mor byssa barnet sitt her.
Her drøymde eg draumane mine
som gladaste guten på jord
Her køyrde eg med folane fine
og sigla på glitrande fjord

Nordfjordingar er vi og var vi
Vi klangen i målet vårt ber
Og vyrdnad for ætta vår har vi
Av godt folk nordfjordingen er
Stor arv fekk vi med oss på ferda
frå feder i gamle Nordford
Vi namnet kan bera med æra
og kjenna oss byrge av mor

Men vyrdslast lyt morsarven store
og etlast åt ætter som renn
Her støtt heve fagnafolk vore
Her fagnafolk leve skal enn
Den nordfjordske svipen og dåmen
frå feder som kom og som for
skal heime her vera velkomen
åt kvar liten son åt vår mor

Rønnaug Leite la vekt på at ho var Nordfjording, at ho ikkje lengta til betong og asfalt i dei store byane, men at ho likevel reiste ut i verda av og til. For bygdefolk og småsamfunn er ein del av verdsbiletet og dette må vi setje oss i stand til å handtere!

Ordførar i Eid, Kristen Hundeide, helsa velkomen til Kjølsdalen i Eid kommune og opna den første Bygdeutviklingskonferansen i Nordfjord. Han har vore ein god ordførar for småsamfunna i Eid. Hundeide var svært positiv til Levande Bygder i Eid og utviklingslaga si rolle for å skape gode lokalsamfunn å bu i.

Ordførar i Eid, Kristen Hundeide, helsar velkomen til Kjølsdalen i Eid kommune.

Hovedinnlegget på konferansen var lagt i hendene på ordførar i Vågå, Rune Øygard. Han var bedt om å gje informasjon om korleis Vågå-samfunnet hadde tenkt og gjort for å bli ei kommune med suksessutvikling. Vi ville også hente inspirasjon frå deira arbeid, og vite meir om deira satsing på positiv marknadsføring og felles profilering av kommunen. Uheldingvis verka ikkje teknologien under innlegget, men ein god talar treng ikkje lys-presentajson.

Og Øygard fekk sett fokus på ein del viktige punkt m.a.
- grendeutvikling er basisen med skular og forsamlingshus i grendene
- polititarar og byråkratar må møte folket der dei bur
- lokalsamfunna må vere utfordrande for dagens menneske
- kultur og trivsel, livskvalitet, i kvardagen er viktig
- gje ungdomane ein stad å bu for å halde på dei i kommunen
- ta i bruk ledig bygdningsmasse både i landbruket og sentrum
- unngå å svare nei på søknader og gje dispensasjonar (finne løysingar kommune/søkjar)

Vågå har vist at ”det umulege er muleg”. Det dreiar seg om å fokusere på det positive, byggje nettverk med omverda, ta i bruk dei ressursane ein har og marknadsføre kvalitetane!

Takk til Vågåordførar Rune Øygard for informasjon og inspirasjon.

Etter ein liten pause med strekk på beina, frisk luft, stårheims-epler eller påfyll av kaffi innleia Roy Aron Myklebust og Elling Sølvberg temaet Bygdeutviklingsnettverk i Nordfjord. To eldre karar på Nordsida kom med sine ”plast bære-nett” og snakka om surring med ”breie” band osv. osv. Eit fantastisk innslag med humoren på lur i kvar replikk!

Bygdeutviklingsnettverk.

Inititativtakarane stod fram og presenterte ideen bak Nettverk – Portal – Møteplass.
Marita Aarvik, Inger Langvik og Knut Aaland la fram kvifor dei hadde prioritert tid og krefter på å få dette til. Rønnaug Leite oppsummerte slik:

Nordfjord og regionen skal kunne skilte med kompetansebygder i framtida og ta i bruk IKT som verktøy
- kunnskap og kompetansebygging
- marknadsføring, profilering
- tenesteytande næringsverksemd/bærekraftig næringsutvikling
- infrastruktur (breiband)
- felles røyst til fylke og stat
- hente midlar utanfrå
- internasjonale prosjekt
Det viktigaste i dag er å ha ein bygdemedarbeidar som har til oppgåve å orientere seg om dei mogelegheiter som småsamfunna kan ha og så sende ”bodstikka” vidare til bygdene ved hjelp av e-post eller formidle dette vidare via ein felles nettstad

Initiativtakarane presenterer Kompetansebygder.

Tor Åge Berglid og Svein Arild Bergset presenterte seg som DagenDin.’

Tor Åge Berglid sitt perspektiv ”Soria Moria” var glimrande og sette oss som levande og skapande menneske inn i kampen for at småsamfunna må bestå.

Bygdeutviklaren sitt SoriaMoria.

Svein Arild Bergset informerte om visjon og mål med www.bygdeutvikling.no

Det var høve for forsamlinga å prøve portalen på to maskiner i løpet av dagen, men tida strakk nok ikkje til for dei fleste.

Anna Jensen inviterte så på fårikål og sviskegraut, nydeleg haustkost og bygdekost i matsalen.
Arrangørane hadde fått ein spennande henvendelse om presentasjon av bokprosjektet ”Havlandet” – ”Folk og landskap i ytre Nordfjord, og dei som stod bak fekk bruke det siste kvartet av lunchpausen til å presentere verket, ei bok på 200 sider og 230 bilete. Boka kjem i handelen på slutten av året.

Det neste hovedinnlegget handla om ikkje om flygande hollendarar med flyttande hollendarar til øyane utanfor Florø. Sølvi Bareksten, ei tøff dame som har gjort ein bragd, fortalde om eit ”eventyr” som gav oss tårer i augekroken. Øya hadde auka folketalet og elevtalet ved skulen med 25 %. 500 henvendelsar hadde kome etter omtale i nederlandsk avis på vesle julaftan.
Men Sølvi Bareksten peika først på ein viktig forutsetnad for å lukkast; samhald i bygda.
For dei var Florø kommune som gjekk inn for å leggje ned skulen ein så stor fiende at alle gjekk saman. Vi fekk eit levande, ekte og gripande innlegg som vi vil leggje ut under tema seinare. Men bodskapen er at når folket flyttar frå våre bygder, må vi prøve utradisjonelle metodar for å hente nye innbyggjarar, elevar, arbeidstakarar og kreative ressursar.

Sølvi Bareksten, ei kvinne og eit øysamfunn som har gjort ein bragd!

Ingen hadde tekna seg på lista som vi hadde lagt ut om å ta opp tema på samlinga. Det vart teke ein ny liten pause. Media var aktive med. Fjordabladet sin mann var med heile dagen, Sunnmørsposten og Fjordingen var aktive og Fjordenes Tidende såg vi tidleg på dag.

Så var det tid for oppsummering. Roy Aron og Elling gjorde igjen dette på ein glimrande måte og foreslo den sikraste medisin, forplantning.

Forplantningshjelparane, småsamfunna sin medisin mot folketalsnedgang.

Nordfjordrådet v/Nils Støyva oppsummerte også dagen på ein svært solid måte. Han henta fram dei viktige poeng frå kvar programpost og avslutta med bygdeutvikling generelt.

Nordfjordrådet, repr. ved nestleiar og ordførar i Stryn Nils Petter Støyva

Dei viktigaste orda etter denne dagen vil vere positivitet og bygdestoltheit!

Rønnaug Leite takk Nordfjordrådet og Faggruppe Næring for støtte og bad om å bli budsjettert med vidare. Ho takka innleiarar, gode medhjelparar, deltakarane, media og sponsorane. Vi er alle viktige for denne dagen!

Eit spontant spørsmål tilslutt om kven som ville prioritere ei liknande samling i ei anna bygd neste år viste at ca. 2/3 av forsamlinga retta opp handa.

Kjølsdalen Krins Utviklingslag v/leiar Jan Eide tok så over styringa. Han presenterte arbeidet i KKUL, utfordringar og problemstillingar på ein engasjerande måte. Det vart tilslutt synfaring på

KKUL presentert v/leiar Jan Eide

Landhandelen, Kirsebærhagen og Kjølsdalen skule for dei som ville sjå dei konkrete resultat av arbeidet i krinsen sidan bygdemobliliseringa starta i 1995.