Samhald gjer bygda sterk

I ei oppjaga tid er det alltid nokre i ei bygd/utkant som har altfor god tid. Vi som har ein stressa kvardag overser nok litt slike menneske i bygda. Dei er ein del av heilskapen, og det er ingen samfunn som har råd til å misse innbyggjarar eller la være å ta dei i bruk. La oss finne måtar å bryte einsemda til dei på i bygdene våre. La dette være ei oppgåve som vert prioritert og inkludert i utviklinga.

Helsing til oss med takk for sist frå Sølvi Bareksten.