Levande Bygder

Logoen til Levande Bygder er ein brennande vete og fjelltoppar med brennande vetar rundt. Hovudelden er eiga bygd, dei andre symboliserer mange levande bygder rundt. For 1000 år sidan brann vetane på fjelltoppane i Nordfjord og bodstikka gjekk til fots mellom bygdene. Vi vil leve i nye 1000 år, men i dag skal vi bruke IKT, e-post og felles nettstad som bodstikke, og denne går mykje raskare!


Levande Bygder
Vi vil at bygdene i Nordfjord skal framstå som Kompetansebygder, vi vil fokusere på det positive og på bygdestoltheita, våre kvalitetar skal synleggjerast og bygdene våre skal profilerast. IKT skal vere reiskapen. Saman er vi sterke dvs. vi er i ferd med å byggje nettverk både på nettet og ein årleg møteplass.