Dugnad

Ordet dugnad kjem frå det gammalnorske gjerningsordet Duga.

Dugnad er velkjent frå gammalt i alle Norges bygder og var viktig i det gamle bygdesamfunnet.
Av og til måtte det gjerast større arbeid som ein ikkje klarte med eiga hjelp. Ikkje var det pengar å leige for og ikkje tilskotsordningar. Her måtte folket hjelpe klare seg sjølv og hjelpe kvarandre på dugnad.
Laurdag var dugnadsdag, og det var ei skam for familien å ikkje stille opp. Om kvelden var det god mat, fest og dans, og så kvilte ein seg oppatt søndagen.

Dugnaden følgde ein ikkje berre heile livet, men heilt til grava. Bryllaup vart også stellt til på dugnad for at både fattige og rike skulle få eit like verdig bryllaup.

Dugnadsånda blomstrar i enno i mange bygdelag sjølv om samfunnet har endra seg. Dugnad kan skape bygdekultur og identitet, det er sosialt og den bind saman.

Inspirasjonen til dette er henta frå Årbok for Nordfjord 2001- Rønnaug Leite