Nordfjordidentitet

Årbok for Nordfjord 2001 tek i år opp temaet Nordfjordidentitet.

Nordfjordbygder i blomst






























Med tanke på det nettverk som er bygt opp mellom utviklingslaga i Nordfjord dette året, var dette spennande lesnad.

Kvifor kjenner vi oss som Nordfjordingar frå yst til inst i Nordfjord?

Den blå Nordfjorden har vore ferdselsåre i mange århundre. Her har folket rodd og sigla i mange ærend, på veg både til framande kystar og varebyte eller handel i eigene grender.

Trenden i tida er større einingar -
regionar, og det kan sjå ut som styresmaktene vil tvinge oss til ny organisering. Kompetansebygder i Nordfjord si målsetjing er å liggje i førkant av utviklinga og motivere bygdene til å stå saman der det er naturleg og der det kan gje best utteljing.

Samstundes opnar ny teknologi for samhandling over heile verda.

Dette skaper nye utfordringar for dagens Nordfjordingar som er ein del av eit verdsbilete som endrar seg raskt.

Vi kan klare mykje om vi står saman!

20.11.2001 - Rønnaug Leite