Sølvi Bareksten har ordet

BYGDEUTVIKLINGSKONFERANSE I KJØLSDALEN 10.OKT-01

Eg vil kalle meg sjølv for ekte øybuar, oppvokst i havgapet.

Øya Hovden, som eg bur på er på heile 15 000 mål, og inntil i år så budde det om lag 52 mennesker på øya, altså med rikeleg plass for mange fleire.

Grunnen til at eg er her i dag, var at Rønnaug Leite ba meg komme å fortelje litt om dei nederlanske familiane som flytta oppover til øya vår, Hovden. Dette har eg sagt ja til, men eg vil også få sagt at eg er ikkje nokon taler, og å holde foredrag er eg ikkje vant med. Difor får dere ha meg unnskyldt om eg snubler litt i orda og blir sentimental.

Men før eg kjem innpå nederlendarane vil eg kanskje ta opp noko grunnleggjaned ting som eg meiner må vere på plass i ei bygd/grend/øy for at ein kan komme vidare: og skape framskritt: nemleg - SAMHOLD -
Ein må vere 100% sikker på at ein har fleirtalet av bygdefolket/innbyggjarane med seg på det ein vil utrette eller forandre. Utan oppslutnad av resten av folket er tingen dødfødt. Det nytter ikkje å sette ut i livet noko som mesteparten av bygda er imot.

Og så kjem spørsmålet: Kva skaper samhold ?

Jo, nemleg ein fiende. Når ein har ein felles fiende er det lett å få folket med seg, og skape samhold og felles interesser. Hos oss var fienden vår eigen kommune som ville ta frå oss utkantskulen vår, slik at ungane våre skulle pendle endå lengre. Vi såg at viss vi ikkje klarte å skaffe fleire ungar til skulen på Årebrot, var det kroken på døra om nokre svært få år. Første varsel kom i fjor, då Årebrot skule var ein av skulane som var foreslått nedlagt. Den kampen vant vi. Slikt virker samlande i ei bygd. Slikt rørar ved så mange i bygda, og alle er lettare til å få med, til å gjere eit samla løft for bygda. Altså er det sunt for plassen å ha ein fiende, slik at ein yter sitt ytterste og strekker seg endå litt lengre for å nå eit felles mål.

Ein viktig ting til. Tilgjengeleg tomteareal eller villige grunneigarar som sel tomtar. Her har bøygen/haka vore hos oss. Dette kjempa vi med frå 1980 – nov-1999, altså omtrent 20 år for å få utskiftning av felles utmark blant grunneigarane. Nesten all utmark var eigd i felleskap av 11 grunneigarar, og mange av dei budde ikkje på øya lenger. Utan at denne utskiftinga hadde gått i orden, hadde vi aldri hatt nokon tilflyttarar til øya vår. Og eg hadde heller ikkje vore her i dag. Eg seier ikkje at det andre stader kan fungere å eige noko i lag. Men hos oss stagnerte det utviklinga i 20 år.
Alle visste i nærleiken, at ute på øya vår, var det nesten umogeleg å få seg tomt.

Utskiftning kan ofte vere ein opprivande prosess, som kan lage hat og amesjuke/missunning til nabo osv. Men hos oss var det absolutt det mest avgjerande for om det skulle bu folk der i famtida eller ikkje. Og i dag er eg svært glad for at denne saka er ute av verda. Då er det godt å ha ein felles fiende i bakkant som kan samle bygdefolket på nytt og viske ut gamle sår.







Side 2


HUSK: FIENDE – VIRKER SAMLANDE

Den bølgja bør ein utnytte. Og med ei utskiftning av felles utmark, slik at kvar grunneigar kunne råde og bestemme over sine eigne områder begynnte ballen å rulle.

Grunneigarane fekk nedfelt i utskiftningssaka at ca 70 mål skulle gå til bustad og næringsformål, og dette skulle grunneigarane bestemme over etter prosentsatsen eller skylda dei eigde i felles. På 2. grunneigarmøte gjekk det igjennom at ein kunne gje gratis tomter til dei som ville busette seg der. Vi var frimodige nok til å gå i lokalavisa og tilby gratis tomter på dette området, men vi fekk liten respons. Nokre lo av oss og kom med bemerkninger.

MEN EG ER IKKJE SÅ SIKKER PÅ AT DEI LER AV OSS I DAG.

Ei nederlandsk dame hadde imidlertid busett seg her for ca. 9 år sidan, ved å få frigjeve noko grunn på innmark til ein av grunneigarane. Ho køyrer bussruta til nordsida av øya, og er landpostbod. For ca 4 år sidan klarte broren å få arbeid og litt innmark på nordsida av øya, slik at han kunne busette seg her med familien sin.

Når så vår felles fiende – kommunen – kom med trussel om skulenedlegging, vart det foreslått av dei nederlendarane som allereie budde her, at ein kunne prøve å få ein reportasje i ei nederlandsk avis, og at ein der skreiv om at her var gratis og billige tomter. Avisa som nederlendarane kontakta, valgte å sende ein journalist oppover. Han var her 3 – 5 dagar i november – 00. Journalisten skriev om det daglege livet på øya til dei nederlenderane som budde her, besøkte skulen, skreiv at vi ynskte meir folk i bygde, og om gratis og rimelege tomter.

Reportasjen kom ut lillejulafta i 2000. I romjula blei PC-en min invadert med nederlandsk e-post. Det var helt klart at dette måtte dei allereie tilflytta nederlandske på øya, hjelpe til med å oversette og lese. Det var jobbing til kl. 01.00 – 02.00 om natta. Vi fekk omtrent 500 henvendingar til saman, pr. telefon, brev og e-post. Nederlandarane på øya skreiv eit standard brev på nederlandsk, som vi svarte på til alle med e-post. Resten sendte vi pr. post eller nederlandarane svarte på telefonhenvendingane. Vi opplyste om sjølve øya, båtforbindelse, moglegheit for jobb, praktiske ting, web-sider og e-post adresser som kunne vere interessante for dei. Til slutt ba vi om at dei som virkeleg var spesielt interesserte, tok kontakt på nytt.

På meg virka det der og då skremmande, men samtidig var det ufatteleg, og eg er framleis i tvil om det er sant. Men sant er det, for i dag har vi fått 8 voksne og 6 ungar til øya. 14 mennesker, kor vi frå før var 52 innbyggjarar, det utgjer om lag 27 % tilvekst.







Side 3

Dei nederlandarane som ville oppover til Norge og som tok kontakt på nytt, altså for 2 gong, tok vi oss ekstra av, og svarte på spørsmål og andre ting. Til slutt enda vi opp med at bygda bestemte i felleskap at vi mottok 15 familier/einingar som skulle komme oppover i løpet av vinteren/våren, for å sjå øya og undersøke jobbmuligheter, offentlege kontor, skulen o.s.v. Vi følte der og då at vi ikkje på nokon måte kunne klare å finne hus/boalternativ til fleire på øya i startfasen. Derfor måtte vi lage eit standard brev til dei andre som vendte seg til oss, om at vi ikkje det første året kunne ta oss av fleire, og at vi eventuelt kunne kontakte dei seinare om det var mogeleg.

Av desse 15 einingane som kom oppover, er det 8 familier som vi veit helt sikkert vil slå seg ned på øya. 4 familier er allereie komne. Vi får ei famile på 2 voksne og 2 born som kjem 1 nov. Eit par kjem oppover rundt feb/mars. 1 familie på 3, kjem oppover i sommer når jentungen er ferdig med skuleåret. Så har vi ei familie med 3 små born under skulealder som kjem oppover når dei får selt huset sitt. Men dette kan ta tid, så det er uvisst når dei kjem.

Men alle desse skal ha hus å bu i medan dei byggjer sitt eige hus. Og det er ikkje lett å få den kabalen til å gå opp, i ei slik lita bygd. Som i alle andre bygder rundt om i Norge, står det mange tomme hus i utkantane. Men det er ikkje alltid like lett å få eigarane til å leie ut. Slik er det også i vår bygd. 3 av familiane som bur her no, bur i gamle tomme hus. Det er summen av dei husa vi har klart å lausrive. Standarden her er sjølvsagt ikkje så bra, etter å ha stått tomt i mange år. Utedo og enkle vindu, kalde golv og kalde hus, møter våre nye innflyttarar. Dette er sjølvsagt noko dei ikkje er vandt til. Så er spørsmålet:

KVEM KLARER DENNE OVERGANGEN SAMAN MED ALT DET ANDRE DEI SKAL OMSTILLE SEG TIL?

Riktig nok veit dei også at dei bur der i ein kortare periode inntil dei har sitt eige hus å flytte inn i. Eg ser helt klart at det er ikkje sikkert alle klarer denne omstillinga.

For å kunne ta imot resten av familiane, har bygda allereie kjøpt inn 6 brukte brakker, som skal fungere som mellombels boleg. 3 og 3 brakker er satt i saman mellom ein felles inngang. Kvar leilighet blir på om lag 50 m2, og innheld stove, kjøkken, 2 soverom og toalett/dusj. Utanom kjem felles inngang på om lag 18 m2 Brakken står like ved den gamle nedlagte skulen vår, som fungerer som forsamlingshus på øya. ( Men i dag har vi også eit sambuarpar buande i forsamlingshuset i mangel av boleg. Dei er i ferd med å bygge seg hus.) 1 november må vi ha halvparten/ ein av leilighetane ferdig innreia og klare til nok ei ny familie på 4 som kjem oppover frå Nederland. Vi har no hatt dugnad i brakkene i 2 måneder. Penger er det minimalt med, så alt som er muleg å gjere sjølv, går på dugnad. Vi har gjenbruk av alt som andre ikkje vil ha. Maling har vi samla inn på bygda, og miksa saman, slik at vi har fått nok til eit og eit







Side 4

rom. Glava har vi henta rundt om hos dei som hadde litt til overs frå byggeprosjekt i bygda. Dører inn til leileghetane kjem frå ungdomsskulen i Florø som kommunen har kassert. Ytterdør kjem fra ein konkursramma pub i Florø. Ein del av kjøkkeninnreiinga har vi henta frå eit gammelt hus i Florø, og pussa opp, og resten har vi kjøpt. For å kunne klare dette har styret i Grendautvalet tatt opp privatlån på kr. 125.000,-

Dette er noko av det største dugnadsarbeidet vi nokon gong har utført. Og eg håper at det vil vise seg å bli det mest fornuftige vi nokon gong har arbeidd med. Når alt er ferdig, sit bygda som eigarar av 2 leileghetar. Då kan dei som vil, få prøvebu, så lenge vi får lov til å ha brakkene der.

SÅ TIL NEDERLENDARANE:

Når dei kjem opp til Norge er det spørsmål om arbeid. Som utanlandsk borgar frå EU-land, kan dei oppholde seg i Norge i 3 mnd. På jakt etter arbeid. Har du ingen jobb då, kan du søke om ytterlegare 3 mnd. hos politiet. Er du energisk i jakten på arbeid, så får du det gjerne innvilga.

På øya vår er det nesten ingen arbeidsplassar. Dei må rekne med å pendle med båt til Florø. ( 30 – 45 min reise, alt etter hvilken vei båten går.) Men i Florø er det bra med ledige jobber. Språket er sjølvsagt ein stor flaskehals.

Vi var heldige, for dei som var her oppe på øya og såg, og bestemte seg til å emigrere til Norge, kom saman i Nederland 1 gong i veka for å lære norsk. Likedan fekk dei på den måten kjennskap til kvarandre og visste at dei skulle oppover til øya. Dermed hadde dei støtte i kvarandre.

Nesten alle av dei 15 familiane som var oppe, var også til skulen på Årebrot 1 dag, og helste på rektor, lærar og fekk sjå skulen. Nettopp skulen gjorde inntrykk. ”Ja, her vil vi at ungane vår skal gå”. Sa nokre. Her kor det var så få elevar, var dei trygge på at dei fekk den hjelpa dei trong.

Når nederlendarane var her oppe, budde mange av dei på ein ny fiskebåt som ikkje var i bruk. Vi hadde ikkje andre mulegheter å tilby. Men båten hadde dusj og toalett på alle lugarar og var helt ny. Til det er det å sei, at vi hadde flaks at den låg ved kai dei månadane vi trengte båten mest av alt.

Vi hjelpte nederlendarane dei dagane dei var her i Norge med å vise dei til A-etat, arbeidsdformidlingsbyrå, politistasjon, offentlege kontorer og private arbeidsplassar på jakt etter arbeid. Samtidig brukte vi e-post som hjelp til spørsmål og svar om alt tenkeleg, for dei som hadde PC og internett. Mesteparten av korrespondansen til Nederland måtte dei allereie etablerte nederlendarane hjelpe til med.


Side 5

Ei helg hadde vi minst 5 familier oppe fra Nederland samtidig. (P.g.a skulefri den veka i Nederland, kom dei då.) Vi klarte på eit vis å bruke kjelleren i forsamlingshuset til samankomst, til tross for at det budde folk der frå før, og det var trangt om plassen.

Men som det heiter i ordtaket. ”Der det er hjerterom er det husrom”.Men for at alle skulle bli kjent med kvarandre, tok vi den belastninga. Og vi veit at nederlendarane sette pris på det.

Alle som var her på øya, såg på tomtar til husbygging. Tidlegare hadde vi forhørt oss med grunneigarane om kor og kvem som kunne tenke seg å selge eller gje bort tomter.
Når dei fant ein stad som dei ville ha, kontakte vi grunneigaren for å høyre om det var positivt svar. Berre 3 familier tok ut tomt i det felles arealet som grunneigarane ga bort gratis. Dei andre familiane har fått kjøpt/eller fått gratis tomt hos private grunneigarar. 20 – 30.000 kr for 1 – 2 mål er det grunneigarane har kravd som betaling. Dette viser at også grunneigarane skjønar kor viktig det er å få nytt blod inn i bygda.

Av dei nederlandske familiane som allereie er flytta til øya, har 1 av familiemedlemma arbeid. 1 er blitt fiskar og ligg i Nordsjøen no og dreg garn. Han hadde aldri prøvd dette før. Men han er blitt ein riktig ”sjøulke”. 1 har fått jobb ved eit nyoppretta firma på øya som driv not/bøteri for oppdrettsnæringen. Dette firmaet er starta opp i den gamle nedlagte sildoljefabrikken som var her på øya. 1 er lærar på Årebrot skule. Ho var utdanna musikklærar, og sidan vi allereie har 7 nederlanske ungar på skulen der, og disse har rett på morsmålundervisning. Den 4 familien som er komt oppover, driv å pendlar til Nederland. Han er naturmedisinar. Han reiste mandag til heimlandet for å jobbe 9 veker der nede. Men kona er her saman med 1 hund og 2 kattar.

I startfasen hadde grendautvalet på øya, møte med ordføraren vår, Kolbjørn Dyrli, for å høyre korleis kommunen såg på denne kolosale responsen. Vi fekk positiv tilbakemelding, og vi ba om eit brev som ordføraren skreiv, og innholdet skulle gå på å ynskje nederlendarane velkommen til kommunen. Vi var hos A-etat og fekk brosjyrar på engelsk som var tiltenkt utlendingar som kjem til Norge. Desse brosjyrene fortalte korleis ein skal gå fram for å få alle papir og løyve i orden. Samtidig henviser den til dei lover og regler som kan vere gode å ha kjennskap til, for utlendingar. Desse gav vi til alle dei som kom oppover i løpet av våren for å sjå. Og eg trur vi også sendte nokre brosjyrer i brev til dei som svarte oss for 2. gong, at dei var interessert i å emigrere.

TEKNISK ETAT/KART OVER ØYA.

Vi hadde møte hos teknisk etat i forkant for å klare å overtale dei til å være velvillig med saksbehandlinga av tomtefrådeling og byggjeløyve. Vi ba om fortgang i saksbehandlinga, då innflyttarane måtte bu i dårlege hus i ventetida, på at deira eige hus vert ferdig. I arealplanen til kommunen har øya kun lov til å byggje 10 nye hus i periode på 8 år. No er arealplanen på rullering i år og også der har grendautvalet lagt press på kommunen, for å få frigjeve fleire tomter. Dette håper vi at vi skal klare å få til. Men vi måtte også ta til på nytt og teikne opp for teknisk etat kor vi synes nye innflyttarer



Side 6

skulle få byggje. Eg kan i etterkant sei, at makan til eit stressande, spennande og hardt år, har eg aldri opplevd. Men likevel ville eg aldri ha vore det forutan.

Då skulen starta i august, stod det eit par dager etter i lokalavisa vår, med bilde av skulen: ” Frå nedleggingstruga til nederlandsk skule” Dagen etter ringte valforsker
Frank Årebrot, og gav beskjed om at skulen berre skulle ta kontakt viss det var noko
han og kona kunne hjelpe med. Valforskeren stammer frå Årebrot og er sjølv gift med ei nederlansk dame.

Midt i september hadde vi besøk av VG-journalist som er halvt nederlansk sjølv. Ho hadde ringt minst 5 – 6 gonger i sommer. Så kom ho då oppover og laga ein 2-siders reportasje. Sidan ho var nederlansk talande var det ingen problem for ho å kommunisere. P.g.a. uroa og tragedien i USA kom dette ut i VG først 26. sept. Etter
denne reportasjen har eg hatt kontakt med eit østlandspar som også har sagt seg interessert i å komme oppover å sjå på øya. Dei sa dei hadde vurdert det nøye, og dei ville at borna deira ikkje skulle vekse opp i ein by. Media skaper ringverknadar. Det er ikkje alltid like kjekt å bli stempla PR-kåt. Ting kan også verte vinkla feil og gje dårleg inntrykk, men likevel trur eg det er viktig å bruke dei. Så får ein heller oversjå merknadar og kritikk.

Det siste som har skjedd i forge veke, er studenter frå Vold som har hørt om dette, og som vil lage ein dokumentarfilm om nederlendarane som er komt flyttande til ein utkant. Dei synes det var eit interessant tema å lage film om. Som oftast er trenden det motsatte, altså fråflytting, og hos oss var dette det omvendte. Dette hadde vakt deira interesse, og det er bra att unge studentar kan tenke slik.

Eg hadde trudd og håpa at eg skulle ha ein nederlendar med meg her i dag, som sjølv kunne fortelje litt om kva verdier dei ser i ein utkant, då eg ikkje er rette personen til å uttale meg. Men dette skar seg for vedkommande. Derfor kan eg berre fortelje kva dei sjølve hevdar.

I Nederland må dei kalkulere ein times ventetid i bilkø til og frå jobb. Du står i kø på butikken og alle andre offentleg plasser. I mange parker får du billett som gje deg adgang for 2 – kanskje 3 timer. Då må du forlate området, slik at andre kan få komme inn i parken. Det sier litt om folketettleiken. Dei nevner stress og bråk, trafikk og støy som kvardagskost.

Her hos oss er det stille og fredeleg. Dei høyrer havsusen, fuglekvitteren og måseskrika. Sjøen og fjella og den klare lufta legg dei merke til. Nordlys hadde dei aldri sett før. Vinden er dei vant til sidan landet er så flatt. I VG står følgande:

”Det er et paradis i forhold til Nederland. Både når det gjelder natur og stillhet, seier Patridk Lancee beigeistret. _ Her hører man stillheten, og du ser stjernehimmelen så klart siden det ikke er noe kunstig lys.”




Side 7


Eg set igjen med eit positivt inntrykk av dei nederlandarane som er komne opp til øya vår til denne tid. Dei er flinke å arbeide. Dei er helt enkle. Enkle klær og møbler, og gjerne gamle møbler. Dei vil gjerne ha ein liten hageflekk, så dei kan plante og dyrke
noko lite. Er forsiktige og sparer det dei kan spare. Rolege og holder seg til øya. Dei er godt orienterte om det meste og har kunnskap.

Vår øy har verken skule, barnehage eller butikk. Vi må pendle til og frå arbeid med båt. Fritidsaktiviteter og uteområder er vår store gave frå ” Vårherre” og naturen si side. Ellers er det lite med kommunale goder. Vi har rutestoppa som henter ungane til skulen og foreldra til arbeid i Florø. Og vi får litt grus til veien på øya, frå kommunen. Vi har det dårlegaste tilbudet av alle øyane i Flora kommune. Ofte har vi følt at vår eigen kommune, ikkje har visst at vi eksisterte inntil i år. Her skulle være all verdens betre muligheter for andre små samfunn til å få vekst i bygdene, før vår øy. Når vi kan få det til, så burde alle andre også klare dette, som har så mykje meir å tilby tilflyttarar. Men sjølvsagt koster det arbeidsinnsats og gratisarbeid.

EG VIL GJE ALLE DESSE RÅDA MED PÅ VEIEN:

- stå på for det du trur på.
- ha staheten og viljen som handbagasje og hold hardt på den i vanskelege tider.
- det er lett å bli upopulær i små samfunn kor misunning og kvardagsproblem kan vekse til store ting.
- gje aldri opp når det ser mørkast ut. Det er gjerne då det vært løysing på problema.
- gå på kommunale og andre kontor og mas forsiktig, så dei veit at du følger med og vil forfølgje saka.
- Søk støtte der den er å finne. Nokre få trufaste kan ofte være nok.

- HUSK, DEN SOM LER SIST, LER OFTE BEST.