Den lærande bygda?

av Øyvind Glosvik, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Øyvind Glosvik

Kan bygda lære - korleis lærer ho i så fall?

Læring i eit kollektiv system
"Bygdeminnet" som regulative, formelle strukturar
"Bygdeminnet" som sosiale, normative verdiar
"Bygdeminnet" som kategoriar og klassifikasjonar
Læringsprosessar i bygdesamfunn
Den lærande bygda?

Som tittel på innlegget mitt fekk eg oppgjeve " Høgskulen i Sogn og Fjordane, ein aktiv deltakar i lokalsamfunnsutviklinga. Bygdeutvikling sett frå sidelinja". No kunne det vere freistande å ta dette bokstaveleg, og forsøke å seie noko om Høgskulen si rolle i bygdeutviklingsarbeidet i Sogn og Fjordane. Det hadde i så fall vore fort gjort. No har eg heller valt å gjere det tilsette ved slike institusjonar som HSF kan - og bør - gjere: Vi står rett nok på sidelinja i det praktiske arbeidet i bygdene, men vi kan prøve å bidra til arbeidet praktikarane gjer med teoretiske ressonnement, omgrep og tenkjemåtar dei kan nytte som reiskapar for å forstå seg sjølv og sitt arbeid.
Sidan programmet Levande bygder no går mot oppsummering og avslutning er det eitt tema som vil bli reist: Kva med tida etterpå? Kven skal drive arbeidet vidare? Vert det noko resultat att i bygda av innsatsen vår? Det er dette eg vil prøve å seie noko om. Men eg tenkjer ikkje på 'resultat' i denne samanheng som 'arbeidsplassar', 'tiltak' eller 'tenester' sjølv om det er dette vi i utgangspunktet er interessert i. Heller vil eg forsøke å seie noko om korleis vi bør tenkje dersom vi talar om at "bygda har lært", eller at "bygda tenkjer på ein annan måte enn før". Difor tittelen: "Kan bygda lære - korleis lærer ho i så fall"?



Læring i eit kollektiv system
'Læring' oppfattar dei fleste av oss som ein særs personleg og individuell prosess. Det er ikkje så rart. Det dreier seg jo om korleis vi med strev og møde tileignar oss personleg dugleik og innsikt for å handtere både nære og meir fjerne relasjonar til dei som omgjev oss og dei utfordringar vi møter.

Men læringsomgrepet kan vi også nytte om kollektive einingar - som grupper av folk, kommunar, verksemder - eller bygder. Når vi gjer det må vi likevel ha eit omgrepsapparat som er meir samansett enn det vi nyttar når vi seier at ""eg" har lært at.." osv. Eller sagt på ein annan måte. Vi må kunne setje våre eigne læringsprosessar inn i ei ramme der vi også ser og forstår andres læringsprosessar. Først då er vi i stand til å forstå korleis eit fellesskap lærer.

Ein måte å gjere dette på er å take utgangspunkt i teoriar om læring som også seier noko om korleis sosiale system er bygde opp - kva dei består av. Her tykker eg det er formålstenleg å starte med det vi innan samfunnsvitskapen kallar institusjonell teori. Med institusjonar meiner vi sosiale system som er verdiladde i meininga at folk og organisasjonar i bygda er berarar av bestemte verdiar og haldningar dei meiner det er verdt å take vare på, verdt å utvikle vidare - eller det stikk motsette - at det er nokre verdiar og synspunkt vi burde prøve å endre. Eg oppfattar "bygdeutvikling" som begge deler. Det er både forsøk på å endre nokre verdiar, men også å take vare på andre.
Når vi seier at "bygda har verdiar", må vi likevel ha ein eller annan idè om korleis desse verdiane så og seie er lagra. Her kan vi tenkje oss at vi finn dei lagra i bygda på tre måtar:


"Bygdeminnet" som regulative, formelle strukturar
For det første: Prøv å forestill dykk bygda utan dei folka som er der i dag. Kva ville vi då sett etter dersom vi skulle prøve å beskrive bygda som kollektiv eining? Det er dette historikarane må gjere når dei skal skrive om dei som var før oss. Vi måtte leite etter og beskrive bedrifter, ungdomslag, butikkar, skular, frivillige lag og organisasjonar som på ymse vis over tid systematisk organiserer og handterer verdiar og viktige handlingar for folk. Vi kunne også beskrive korleis desse systematisk var bundne saman gjennom måtane folk brukte dei og på den måten heldt ved like eit lokalsamfunn. Vi kunne også beskrive korleis eit slikt samfunn gjennom dei formelle organisasjonane var knytte saman med andre lokalsamfunn.

"Bygdeminnet" som sosiale, normative verdiar
For det andre: Forestill dykk bygda med dei folka som er der i dag. Sjå føre dykk korleis folk samhandlar, talar i lag og gjer ting i lag fordi dei deler dei interessene og dei verdiane og er avhengige av dei handlingane eller oppgåvene dei formelle organisasjonane driv med. Dette er sjølvsagt viktig fordi ein butikk eller eit ungdomslag har ikkje nokon "verdi" i seg sjølv. Den har berre dei verdiar folk legg i dei. Ein må likevel vere klar over at dei sosiale verdiane "er" der - uavhengig av formelle organisasjonar. Dei er berre verre å få auge på. "Bygda ser deg" - uavhengig av om bygda har butikk eller ungdomslag. Verdiar kan også oppretthaldast over ein kaffikopp på kjøkkenet - eller ei stille samtale over grinda. Poenget er at verdiar vert opprettheldne gjennom samhandling mellom folk. Gjennom samtalen, sladderen, rykta og deltakinga vår i fellesskapet skapar vi, opprettheld, forsterkar eller svekkar verdiane eller bygdeminnet i denne meininga. Utan samhandling kan vi ikkje tale om "samfunn" i noko fornuftig meining av ordet.
"Bygdeminnet" som kategoriar og klassifikasjonar
For det tredje: Tenk på korleis vi sjølve - som individ - tenkjer om bygda, om naboar, om kommunen - og oss sjølve. Kva er det vi har i hovuda våre?

I motsetning til verdiane eg tala om er slike klassifikasjonar eller kategoriar våre eigne, heilt private konstruksjonar. Ideen her - som mellom anna er henta frå det vi kallar kognitiv teori - er at menneske har ein tendens til å tenkje i forenkla bilete av omverda. Dette hjelper oss til å utføre komplekse handlingar fordi vi kan konsentrere oss om nokre få sider ved ein situasjon. Slike bilete kan vere veldig generelle, td. "Nabo", "butikk", "kontor" eller "bygd", men dei kan også vere meir spesielle: td. "Snøfte Smith", "gamaldags krambu", "papirflytting", "fjordholl", eller dei kan vere slik: "god ven", "service", "trygg arbeidsplass", "heimen min". Det seier seg sjølv at det er ikkje uviktig kva bilete du har i hovudet av den personen som bur nærast, den butikken du kan handle i, kommunens næringskontor eller den staden du bur. Dette blir altså "bygdeminnet" på ein tredje måte: kva bilete har den einskilde av seg sjølv og bygda. Sjølvsagt er det viktig kven det er sitt bilete som får lov å dominere - som blir det "offisielle", som blir "sanninga" om bygda.

I røydomen - i den einskilde bygda - er sjølvsagt desse "minna" samanvevde og umogelege å "sjå". Likevel trur eg det kan vere viktig å tenkje seg bygda samansett av desse tre pillarane eller typar minne: Dei formelle strukturane som bind bygda saman - og som bind dei til omverda, dei folka som deltek i dei med sine verdiar og meiningar og dei orda, bileta eller kategoriane den enkelte nyttar for å forstå seg sjølv og bygda.
Det er viktig fordi vi bør tenkje på korleis den kollektiv læringa skil seg frå den individuelle. Og ikkje minst fordi samanhengane mellom dei tre typane minne kan vere så vanskelege og innfløkte at det ikkje alltid vil vere råd for oss å seie så mykje om kva det er som fungerer og ikkje fungerer når vi forsøker å setje i gong læringsprosessar på bygdenivået.


Læringsprosessar i bygdesamfunn
Med utgangspunkt i den tenkinga eg presenterer her, kan vi i alle fall sjå føre oss ei bygd der vi kan gjere greie for minnet slik:

Den formelle strukturen: Bygda har ungdomslag, idrettslag, musikklag, bondelag osv. osv. eigen skule og barnehage, nokre verksemder osv. Laga er flinke, men alle steller med sitt. Laga sin aktivitet er retta innover mot faste, stabile aktivitetar. Bygda er del av Dalfjord kommune, men det merkar ein ikkje mykje til. Skulen steller også med sitt, men er elles ikkje komen seg etter siste reform. Butikk er der også, og litt turistaktivitet om sommaren. Dette ynskjer vi å ta vare på, men vi ynskjer også å auke aktiviteten.

Den sosiale strukturen er prega av få møteplassar. Ein samlast i lag og organisasjonar - der ein treff dei som er opptekne av det same som ein sjølv. Elles er det like naturleg å delta i sosiale aktivitetar i kommunesenteret. Det vert mykje bilkøyring. Haldningane til folk er stort sett positive, men dei verdiane bygda hegnar om er gjerne "at slik har det vore før, og det er best at det er vert slik i framtida òg". Folk som stikk seg fram føler ikkje at dei blir direkte motarbeidd, men heller ikkje direkte støtta. Dei som føler at dei tenkjer på andre måtar enn "folk flest", har ikkje nokon naturleg plass å møtast. Det vil vi gjerne gjere noko med i det vi kallar bygdeutviklingstiltak.

Dei kognitive kategoriane er det verre å få grep på. Slikt snakkar ein ikkje om. Men vi kan ane noko når vi får ungdomen i tale: "Kor kjedeleg det er her", "det er i byen vi skulle vore". Eller vi treff ei utbrend eldsjel som fortel at: "her er ikkje noko framtid", "kom deg vekk", "her er ingen å snakke med" osv. "alle tenkjer som bønder" osv. osv. Spør vi bøndene, seier dei at det er ikkje noko framtid i landbruket. Vi anar likevel at ikkje alle meiner det like sterkt og tenkjer på alternative driftsformer, men talar helst ikkje om kva konkrete tankar dei gjer seg. Men alle har eitt eller anna i hovuda sine - kva det er for noko er verre å få tak på. Summen er i alle fall "bygda". Og vi er i regelen ikkje heilt nøgde med det. Difor lurer vi på korleis dei positive bileta skal få overtaket over dei negative.

Korleis kan vi tenkje oss læringsprosessar som endrar slike kollektive minne? Enklast og mest effektivt ville vi sjå slik endring om vi plasserte ei ny - rimeleg stor - verksemd midt i dette bygdesamfunnet. Lat oss seie det kjem ei produksjonsverksemd som må rekruttere både internt i bygda og eksternt. Ei slik hending vil over tid fundamentalt endre bygda fordi mykje må endrast - og vil endrast: Skular, kommune, organisasjonar og lag må tilpassast for å handtere den nye situasjonen. Nye og taleføre folk vil brått stå og høglydt fortelje på butikken kva dei meiner er godt og dårleg i bygda. Det kan komme som eit sjokk på fleire. Vidare må dei nytilsette - tidlegare gardbrukarar - i verksemda tenkje omkring seg sjølv som industriarbeidarar og ikkje som bonde. Den enkelte gardbrukar må refortolke seg sjølv og si rolle - og komme ut med ei anna sjølvforståing.
Det er ikkje alle som tykkjer det er like enkelt.

Poenget er at ei slik stor hending vil endre bygda for godt,både strukturelt, sosialt og kognitiv. Men bygdeutvikling dreier seg jo ikkje om dette.Kanskje gjorde det det ein gong - men kva kalle ein det då Førde vart vekstsenter? Det ein gjorde var å omforme ei lita landbruksbygd til industri- og tenestesenter. Og bygdefolket vart byfolk. På meir enn ein måte.

Den forma for bygdeutvikling vi er oppteken av dreier seg om å stable på beina mange små prosjekt. Skal vi kunne seie noko om korleis bygda lærer av desse må vi vere opptekne av kva konsekvensar dei har i ei vidare tyding enn å peike på eit bygdetun eller ein kafe og seie at "der er no i alle fall eitt konkret resultat..". Sjølv om mange prosjekt sjølvsagt er meir konkrete og handlingsretta enn andre og nokre openbert retta inn mot å endre på måtar ei bygd tenkjer om seg sjølv, kan vi ikkje tale om anten regulative, sosiale eller kognitive læringsprosessar. Heller er det slik at alle tiltak har ei regulativ, normativ og ei kognitiv side. Difor er det mogeleg å tenkje seg at når vi gjer noko i eller for bygda vi trur eller meiner har verdi for ettertida, kan dei forandre bygdeminnet på på fleire måtar:

For det første gjennom endring i den regulative strukturen; dvs at prosjekt vi gjennomfører fører til etablering av nye verksemder, til knoppskyting, til nye produkt eller til nye formelle kontaktar som skapar større aktivitet i bygda. For det andre kan vi tenkje oss at sosiale strukturen vert endra ved at folk tek i bruk ressursar dei før ikkje nytta, at det vert oppretta nye, sosiale mønster i bygda. For det tredje kan vi tenkje oss bygda forandra gjennom positiv endring av dei bileta, dei orda eller dei døma bygdefolket nyttar for å forstå seg sjølve

Så langt er alt vel. Vi har endra bygda. Det skal likevel truleg lite til før alt fell tilbake til det gamle. Det er mykje bygda kan gjere sjølv, men åleine er ho ikkje, og det kan td godt tenkjast at kommunale utspel, ein konkurs, nokre viktige personar som flyttar eller eitt eller fleire negative medieomtaler riv ned dei positive ringverknadane av eit bygdeutviklingstiltak. Det lærer bygda også av.

Men korleis kan ho lære å stå han av..?

Kan vi tenkje oss at læringsprosessar gjennom ulike tiltak lever vidare etter at eit eventuelt prosjekt eller program er over? At bygda så og seie lærer å lære? Kva måtte vi i så fall leite etter då?

I regulativ meining burde det i etterkant av vellukka bygdeutviklingstiltak finnast ein permanent "utviklingsorganisasjon" som fortset å byggje bru over andre organisasjonar og lag i bygda. Det kan godt vere kommunen som gjer dette, eller det kan vere eit bygdeutviklingslag, det kan vere ei verksemd eller det kan vere ein annan struktur. Poenget er at det eksisterer ein eller annan organisasjon eller formelt nettverk som lever vidare uavhengig av flo og fjøre i statlege eller kommunale satsingar. Eg veit ikkje korleis denne regulative strukturen ser ut, eg veit berre at den den held grua varm når eldsjelene må kvile..

I den sosiale meninga dominerer folk som har den haldninga at det er lov å prøve seg og det er lov å feile. Dei dominerer ikkje i kraft av å vere i fleirtal, men i kraft av handlingane sine, kontaktane dei har og viljen til å stå på. I ei bygd som har lært å lære vil det også vere mange nok som kjenner "systemet" eller "systema" som gjer det mogeleg å skaffe pengar og nye prosjekt til bygda. Eg er ikkje viss på kor mange det trengs før vi kan tale om at eitt eller fleire bygdeutviklingstiltak lever vidare og tek av, men eg forestiller meg at det kan vere relativt små miljø vi talar om. Likevel har dei eit indre samhald som gjev gjensidig støtte samstundes som dei er omgjevne av eit større nettverk av personar i bygda som støtter opp om dei og stimulerer arbeidet deira gjennom positive haldningar.

I den kognitive meininga dominerer ord, omgrep, bilete og metaforar som held ved like og styrkjer bygda sitt sjølvbilete. Det er vanskeleg setje "ord på slike ord", men det vi talar om er haldningar av typen "Her er godt å vere", "Prøv igjen, det nyttar" hjå folk som faktisk meiner det. Heltane i bygda må ikkje vere dei som reiser, men dei som vert att - eller dei ein trur vil vende heim og danne grunnlag for vidare eksistens og ny vekst.


Den lærande bygda?
Tittelen eg fekk oppgjeve for innlegget var " Høgskulen i Sogn og Fjordane, ein aktiv deltakar i lokalsamfunnsutviklinga. Bygdeutvikling sett frå sidelinja". Eg innleia med å seie at ein måte akademikarar kan bidra med er å forsøke å bidra med ord, omgrep og tenkjemåtar som kan vere nyttige for at dei som arbeider med slike ting som bygdeutvikling og bygde-mobilisering. Eg har forsøkt å syne korleis vi med utgangspunkt i institusjonell teori og læringsteori kan svare på spørsmålet: "Kan bygda lære - korleis lærer ho i så fall"?

Lat meg i avslutninga seie noko om korleis eg trur "den lærande bygda" ser ut:

Den lærande bygda er oppteken av formell organisasjonsbygging i meininga vedlikehald og utvikling av eksisterande verksemder og organisasjonar, byggjing av nye kontaktar til kommune, fylkesnivå, skular, bedrifter og "marknader". Ikkje fordi organisasjonar er viktige i seg sjølv, men fordi organsasjonar over tid er berarar av dei verdiane bygda lever av, både i materiell og ikkje-materiell meining.
Den lærande bygda møter folk med nye tankar og idear på ein positiv måte, og byggjer opp under den eller dei som prøver å auke verdiskapinga i bygda i vid tyding. Ein prøver å manøvere folk med ressursar og positive haldningar inn i utviklingsprosessar der dei får brukt det potensialet dei har.

Ikkje minst er den lærande bygda opptekne av dei gode døma, dei som peikar inn i framtida på ein positiv måte. I den lærande bygda reiser ein gjerne på studieturar, til andre bygder, til utlandet, og gjerne til byen - ikkje for å kopiere han, men for å finne inspirasjon for bygging av eigne symbol og "merkevare" som kan gjere bygdefolk stolte av seg sjølv.

I den lærande bygda klarar vi ikkje naudsynlegvis å skilje desse tre meiningane av å lære frå ein annan. Det er heller ikkje viktig. Det viktige trur eg er at dersom vi skal tale om bygdeutvikling som læring vert det feil å overfokusere på "resultat" i den trangaste meininga av omgrepet. Lat oss seie at ein i ei bygd brukar mykje krefter på å etablere ei verksemd. Som også vert rimeleg vellukka. Det er jo gjerne det vi vil oppnå. Men dersom no etableraren slit seg helselaus og initiativtakarane etter nokre harde år ikkje talar saman, kva har ein då å syne fram for bygda? Kva symbol og døme er dette for andre som lurer på å starte med noko nytt?

Av og til kan det vere betre å mislukkast med konkrete tiltak enn å lukkast. Dersom prisen ein betalar for suksessen er å brenne ut kvar einaste eldsjel i bygda for årevis framover er det kanskje ikkje verdt innsatsen.

Men den lærande bygda gjer ikkje slike feil heller..