Skottland mai 2002

Notat etter konferanse om bygdeutvikling i Norden,
Inverness i Skotland 27. – 28. mai 2002

Konferansen vart arrangert av University of Aberdeen og The Arcleton Center for Rural Development.
Invitasjonen var sendt til forskings- og utviklingsmiljø i alle nordiske land, men der var sjølvsagt flest skottar og nokre frå Noreg, Sverige, Finland og Danmark. Totalt var der om lag 100 personar som deltok.
Frå vårt fylke deltok eg og Øyvind Glosvik frå HSF.

Det vart lagt opp med felles førelesningar første dag + gruppearbeid på slutten av første dag og heile neste dag. Tema på innlegga og gruppearbeida var:
• Lokaldemokrati og styring
• Sørvis i bygder og utkantar
• Kommunikasjon
• Økonomisk utvikling i bygder og utkantområde
• Tilgang og bruk av goda på landsbygda (dette var særleg knytt til eigedomsforholda i Skotland)

Eg vil ikkje gjere noko forsøk på å oppsummere kvart enkelt foredrag, vi får tilsendet dette seinare frå arrangørane, men heller gjer eit forsøk på å formidle ein inntrykk av kva deltakrane var opptekne av og kva som er relevant for oss her i fylket.

Lokaldemokrati og lokalt engasjement
I Noreg har vi ein heilt anna kommunestruktur enn i Skotland (der kommunane ikkje finst), og også annleis enn i Sverige mop storleik. Eg syntest det var interessant å høyre korleis bygdesamfunna i Skotland og Sverige har det der kommunane enten er langt større enn her hjå oss (Sverige), eller ikkje finst (Skotland). Vi går truleg mot ein situasjon der kommunane vert langt større og/eller ikkje lenger har evne til å engasjere seg i utviklingsarbeid i bygdene.
• Ulla Herlitz frå Universitetet i Gøteborg fortalde om den svenske ”Folkrørelserådet Hela Norden skal leve” som er ei samling av 4000 lokale utviklingsgrupper. Hovudpoenget er at folk i lokalsamfunnet går inn og gjer ein enorm frivillig innsats på dugnad, med litt offentleg støtte. I Sverige var det for 80 år sidan om lag 6 mill menneske og over 2500 små kommunar, no er der 9 mill menneske og 290 kommunar. Dei frivillige organisasjonane har kome inn og gjer ei veldig viktig innsats for lokalsamfunna på område der kommunane ikkje lenger har identitet, engasjement eller kapasitet. Sjå meir om dette på nettstaden: http://www.bygde.net der det også står om Landsbygdriksdagen i mars med over 1000 delegatar. Ho var interessert i å høyre meir om vårt bygdeutviklingsprogram, og eg trur at her er slektskapen stor og vi har mykje å lære.

• I Skotland finst det ikkje noko formelt kommunesystem, men dei har regionar som til dømes Highland som kan samanliknast med våre fylke. Regionane Highland and Island med om lag 350 000 menneske (om lag som Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i folketal) har ei mengd lokale frivillige organisasjonar og lag. Dette området får mykje offentleg støtte frå både nasjonale fond og EU-fond, fordi der er tynt befolka og inntektsnivået er lægre enn i resten av landet. I følgje Glosvik har utviklingsselskapet Highland and Island Enterprise om lag 1 milliard kr/år til diverse utviklingstiltak. Ein kan lure på kor lenge dette vil vare for no er Inverness og Highland det området i GB med høgast vekst og best økonomisk utvikling. Fleire nemnde at eit av hovudproblema er å få til varige utviklingsarbeid og ikkje berre kortsiktige prosjekt. Dei bruker også mykje tid på å samordne ulike statlege satsingar og sektorpolitikk fordi det ikkje finst noko formelt politisk organ som tek ansvar for dette på lokalt nivå. Men dei får likevel dette til å fungere utan eigne kommunar (sjølv om mange er svært misunnelege på vårt kommunesystem), og årsaka må ligge i ein enorm frivillig innsats og evne til samarbeid for å løyse konkrete problem.


Utvikling av landbruk og andre bygdenæringar
Då vi flaug innover Aberdeen, og ikkje minst då eg tok toget nordover til Inverness, var det grønt gras og kornåkrar overalt + nokre gule oljevekstar og litt skog. Klima er om lag som på vestkysten hjå oss, men med heilt andre bruk og driftsforhold. Når eg då får høyre om at dette er eit landbruk under sterkt press, og i krise der det var munn- og klauvsjuke, slår det meg at vi har eit landbruk hjå oss som er svært sårbart ved politiske endringar i dagens skjerma landbruk. Det same har eg tidlegare sett i Danmark, Sverige, Finland og Estland.
Utviklingstrekka og problemstillingane i bygdenæringane er mykje likt i dei nordiske landa, men vi har svært ulike utgangspunkt. Professor Mark Shucksmith frå universitetet i Aberdeen snakka om hovudtrekk i utviklinga:
• Endringskreftene har vi høyrt om før, til dømes: globalisering av økonomien og handelen, endringar i sosiale forhold (yngre folk flyttar inn til sentrum, men også at middelaldrande og eldre flyttar ut på landet), staten sitt ansvar for lokalpolitikk vert fragmentert, endringar i landbrukspolitikken og sentralisering av offentlege tenester
• Blir enkeltindivid inkludering eller ekskludering i samfunnet ? Dette er avhengig av arbeidsmarknad, statleg politikk, frivillige organisasjonar og den enkelte sin familie
• Nordisk samarbeid og utveksling av erfaringar. Vi fekk kopi av mange notat frå regionale forskingssenter i Skotland, Finland, Noreg og Sverige, og fekk tips om ei Web-side med meir informasjon: http://www.abdn.ac.uk/arkleton/npp/ Her ligg også notata.

Kristian Aasbrenn frå Østlandsforsking snakka om sørvisnivå i distrikta:
• Dette hadde han forska på i over 20 år, og når han ser tilbake på det første han skreiv den gang, var det prega av pessimisme. Når han no ser tilbake, har det gått både bra og dårleg. Folketalet har gått ned og sørvisen har vorte sentralisert, men sørvisen har vorte integrert i andre tilbod og det har skjedd nyskaping. Kundane/folk som bur i distrikta har vorte langt meir mobile pga auka bilbruk, noko som har redusert avstandsulempa, og data og Internett har teke over nokre tenester.

Jukka Oksa frå universitetet i Joensuu i Finland snakka om bruk av data i Karelen:
• Dette er eit svært tynt befolka område og vha data har dei prøvd å betre sørvistilbodet/informasjonen for folk i området. Dette har dei gjort ved å plassere ut datautstyr på mange offentlege og private møteplassar som skular, arbeidsplassar, bibliotek, kioskar, pubar (!) og der folk elles møtast. I gjennomsnitt har 20 % av folket vore innom og brukt nettet, i dei tynnast befolka områda har 30 % vore innom. Som eit tillegg til dette kan eg nemne at det var eit oppslag i ei lokalavis medan eg var der om bruk av fjernundervisning for skuleverket i dei tynnast befolka områda i Skottland.

Gruppearbeid
Føremålet var å utvikle nye samarbeidsidear og prosjekt, og eg deltok på ei gruppe som diskuterte økonomisk utvikling. Det var mange tema og prosjektidear som vart lufta, men lite konkret for oss. Det nærmaste var grøn/økologisk turisme, men det var ikkje nok interesse til at det vann fram. Eg reknar med å få rapport frå dei andre gruppene seinare.

Mine eigne hovudinntrykk etter turen
• Vi har eit tradisjonelt landbruk her i fylket som er svært sårbart for endringar i politiske rammevilkår. Slik sett er det ganske risikabelt at vi satsar så mykje pengar på det tradisjonelle og så lite på å utvikle nye næringar og/eller styrke lokalsamfunna som buplass. (Av 12 milliardar i budsjettstøtte, går berre 1-2 % til å utvikle nye næringar/generelle bygdeutviklingstiltak)
• Vår strategi i BU-programmet er rett, det vert den frivillige innsatsen utviklingslag og grendelag som må fylle tomromet når kommunane vert større eller ikkje lenger maktar sine lokale oppgåver. Her bør vi auke innsatsen i åra som kjem. Ein organisasjon som Landbruksselskapet vert også stadig viktigare som møteplass, koordinator og initiativtakar på vegne av mange ulike frivillige organisasjonar.
• Eg trur vi skal orientere oss litt meir mot Sverige og Finland. Desse landa ligg nærmare oss samfunnsmessig enn Skotland og det er kanskje litt lettare å overføre erfaringane direkte.
• Det er viktig å ha kontakt med bygder og lokalsamfunn i andre land og det er viktig å halde ved like dette nettverket, sjølv om vi ikkje har konkrete tunge samarbeidsprosjekt på gang.

Chr Rekkedal