BU-programmet 2002-2005

Prosjektplan for fjerde fase, perioden 2002-2005
(Vedteke 14.05.02.)

1. MÅL OG RAMMER

1.1. Bakgrunn
Bygdeutvikling er ein del av den nasjonal landbrukspolitikken og den generelle regional- og distriktspolitikken. Regjeringa vil styrke regionalpolitikken for å sikre busetnad, verdiskaping og levande lokalsamfunn over heile landet. Dette dreier seg ikkje berre om å skape arbeidsplassar, men også om å skape attraktive lokalsamfunn med gode bu- og leveforhold. Regjeringa vil rette spesiell merksemd mot utkantkommunar og småsamfunn ved å sikre viktige velferds- og tenestetilbod, utdanningstilbod, tiltak innan landbruket og innsats mot unge.

I fylkesplanen for Sogn og Fjordane har ein melloma anna mål om gode nærmiljø, robust næringsliv som utnyttar fylket sine ressursar, og ein infrastruktur som legg til rette for busetnad. Folketalet i Sogn og Fjordane er nokolunde stabilt, men det skjer ei sentralisering innan fylket med folkeauke i nokre regionsentra og kommunesenter, og tilsvarande nedgang i utkantkommunar og utkantbygder.

Gjennom dei siste 10 åra har fylkesmannen og fylkeskommunen hatt dette og liknande utviklingsprogram retta mot bygdene. Målsetjinga har vore å utvikle livskraftige lokalsamfunn gjennom lokal mobilisering og samarbeid mellom private personar, utviklingslag, kommunane og fylket. Programmet vart evaluert av Høgskulen i S & Fj, som tilrår å bygge vidare på BU-programmet, og i samarbeid med fylkeskommunen innarbeide småsamfunnsatsinga i dette programmet i staden for å utvikle det som eit nytt tiltak


1.2. Prosjektmål
Hovudmålet er å utvikle livskraftige lokalsamfunn, der både kvinner og menn har like moglegheiter, og der ungdom finn ei utfordrande og attraktiv framtid.

Delmål er:
1) Oppretthalde og utvikle desentraliserte samfunnsfunksjonar og velferdstilbod
2) Stimulere evna til entreprenørskap og etablering av lokale arbeidsplassar
3) At bygda etter prosjektperioden har etablert ein varig utviklingsorganisasjon basert på samarbeid, nettverk og vilje til læring

1.3. Målgrupper
Målgrupper for Bygdeutviklingsprogrammet er:
1) Ungdom og vaksne i bygder og andre småsamfunn
2) Frivillige organisasjonar som representerer lokalsamfunnet
3) Kommunane

1.4. Rammer
Bygdeutviklingsprogrammet inngår som eit prosjekt i programmområdet Landbruk og bygdeutvikling i Handlingsprogrammet i fylkesplanen for Sogn og Fjordane. Fylkesmannen ved landbruksavdelinga (FMLA) administrerer BU-programmet.

Den finansielle ramme for fase 3 er budsjettert til vel 2,46 mill. kroner i driftsutgifter, sjå budsjett og finansiering. Finansieringskjelde er i hovudsak BU-midlane og fylkeskommunen sine regionale utviklingsmidlar.


2. INNHALD OG STRATEGIAR
Bygdeutviklingsprogrammet er eit løpande tiltak for områderetta bygdeutviklingsarbeid. Første fase vart gjennomført i tidsrommet 1993-1995. Fase 2 har gått frå 1996 til 1999, tredje fase frå 1999 – 2002, og fjerde fase går frå 2002-2005. Det er opptak av 2 nye bygder kvart år medan 2 andre går ut. Kvart bygdeprosjekt deltek i 3 år, slik at det til kvar tid er 6 aktive bygder med i programmet. Etter kvar fase skal programmet evaluerast.

Programmet rettar seg mot heile fylket utan særskild prioritering av nokon region eller område. Konkrete aktivitetar og tiltak i prosjektperioden blir lagt til dei bygdene som blir opptatt i programmet etter søknadsrunde kvart år.

Programmet skal fremje omstilling i bygdene gjennom kompetanseutvikling, samarbeid, erfaringsutveksling med andre lokalsamfunn, og gjennom informasjon om andre utviklingstiltak. Dette gjeld nasjonale satsingar som t.d. Merkur og Verdiskapingsprogrammet for mat, andre fylkesplanprogram med ulike programområde, men også og regionale og lokale strategiar og satsingar innan til dømes: entreprenørskap i skule og lokalsamfunn, (REAL-metodikken), økologisk landbruk, kulturlandskap, reiseliv, friluftsliv, grøn omsorg, etableringsstipend m.m.
Det kan også vere aktuelt å utveksle erfaringar med lokalsamfunn i andre land gjennom Interreg-prosjekt.


3. ORGANISERING
3.1. Ansvarsforhold
Bygdeutviklingsprogrammet er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskom-mune, fylkemannens landbruksavdeling (FMLA), Sogn og Fjordane bondelag, Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag, Høgskulen i Sogn og Fjordane og deltakande kommunar. Bygdeutviklingsprogrammet er forankra i handlingsprogrammet i fylkesplanen som eige prosjekt. FMLA er prosjektansvarleg og aktiv iverksetjar av prosjektet gjennom prosjektleiaren.

Prosjektansvarleg:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, landbruksavdelinga

Prosjektleiar: Kvinnekonsulent Oddveig Birkeland

Prosjektstyre:
Dette har 6 medlemmer med følgjande fordeling:
- ein frå fylkesmannen (FMLA)
- ein frå fylkeskommunen
- ein frå kommunane
- ein frå prosjektbygdene
- ein frå faglaga i landbruket
- ein frå Høgskulen i S & Fj

Prosjektstyrets viktigaste oppgåver er å skaffe finansiering, utforme og gjennomføre dei tiltaka som inngår i programmet. Vidare å velje ut deltakande bygder og syte for oppfølging og rettleiing under vegs. Prosjektstyret skal og gå gjennom rapportar frå dei enkelte prosjektbygdene og korrigere eller justere programmet dersom dette er nødvendig. Prosjektstyret bør ha kontakt til kommuneleiinga, og syte for politisk forankring av det lokale prosjektet.

Prosjektleiaren sine arbeidsoppgåver er å vera prosessleiar og tilby dei lokale prosjektbygdene hjelp i (bygdemobiliserings)prosessen, men utan å styre innhaldet. Prosjektleiaren er hovudkontakt for styra i deltakande bygder, men andre kontaktpersonar kan utpeikast i tillegg. Andre viktige oppgåver er ansvar for framdrift i programmet i samsvar med årsplanen, med organisering av samlingar (Bygdeforum), kurs, studieturar o.l.

3.2. Lokale prosjektstyre
Dei utvalde bygdene skal ha eit lokialt prosjektstyre på 4-5 medlemmer samansett av representantar frå bygdelaga og ein medlem frå kommunen. Det skal vere både kvinner og menn i styret, og det bør vere ulike aldersgrupper.

Dei lokale prosjektstyra har ansvar for å organisere arbeidet og utpeike ein prosjektsekretær. Vidare å vera drivkraft i mobiliseringa, med kontroll av framdrift i dei lokale prosjekta. Det har og ansvar for prioritering, utvelging og gjennomføring av aktuelle tiltak. Dei lokale prosjektstyra skal rapportere til prosjektstyret (på fylkesnivå) i samsvar med rapporteringsrutinene i programmet. Kontakt og informasjon til kommuneleiinga er i denne samanheng viktig.


3.3. Ansvar og roller for deltakande partnerar
Sogn og Fjordane Fylkeskommune (FK) skal i samband med samlingar og overfor deltakande bygder, formidle modellar og gi råd om bruk av plan- og bygningslova som verkty i utvikling av lokalsamfunna. FK har vidare ansvar for samordning og oppfølging i forhold til andre fylkesplanprogram, og medansvar for finansiering av programmet.

Faglaga i landbruket (her representert ved Sogn og Fjordane Bondelag og Sogn og Fjordane Bonde- og småbrukarlag) skal overfor sine medlemmer i deltakande bygder syte for informasjon om programmet, og vera pådrivar i det lokale mobiliseringsarbeidet. Ellers kopling til og samordning med eigne utviklingsopplegg, studiegrupper o.l.

Kommunane som deltek i programmet har ansvar for kontakt mellom dei deltakande bygdene og kommunen, og skal ha ein medlem i det lokale prosjektstyret for bygda. Kommunen er medansvarleg for finansiering ved eit årleg tilskot på minst 20 000 kr til deltakande bygd.

Høgskulen i Sogn og Fjordne (HSF) deltek i programmet for å bidrag med sin faglege kompetanse frå forsking og undervisning innan bygde- og lokalsamfunnsutvikling. HSF stod for den siste evalueringa av programmet, har ansvar for andre prosjekt innan regional utvikling, og har elles lang erfaring på dette fagområdet.


4. OPPLEGG OG GJENNOMFØRING

4.1. Hovudinndeling av programmet
Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane er ei bevist satsing på lokal mobilisering som strategi for å fremje nærmiljøutvikling, nyskaping og næringsutvikling i bygdene. Erfaringane frå dei tidlegare fasane i Bygdeutviklingsprogrammet har vist at programmet har vore vellykka når det gjeld å motivere bygdefolk til innsats for utviklingstiltak i eiga bygd.


4.2. Søknad og opptak av nye bygder
Opptak av nye bygder blir gjort etter ei open søknadsrunde med utlysing gjennom media, kommunane og aktuelle organisasjonar. Dei enkelte bygdeprosjekt skal ha samarbeid med kommunen og arbeidet skal helst vere forankra i målsetjingar i kommuneplanen. Det er viktig med organisert samarbeid mellom ulike aktørar i det lokale hjelpeapparatet.
Krav og innhald i søknaden:
• Kva føresetnader bygda har for å starte eit bygdeutviklingsprosjekt?
• Målgrupper og geografisk område
• Kva er formålet med prosjektet, og resultat ein ønskjer å oppnå etter tre år?
• Tankar om korleis resultata av prosjektet og bygdeutviklingsarbeidet skal vidareførast etter prosjektperioden
• Samarbeid med kommunen og forhold til kommunale planar og tiltak
• Prosjektstyre med namn på deltakarane (NB! Alders - og kjønnsbalanse)
• Arbeidsplan/framdriftsplan - mest detaljert for det første året
• Budsjett - helst for heile prosjektperioden, med inkludering av eigeninnsats og kommunale tilskot

I denne fjerde fase av bygdeutviklingsprogrammet, opnar vi for at bygder som har delteke tidlegare kan delta på nytt. Desse vil verte prioritert bak gode søknader frå bygder som ikkje har delteke tidlegare. Ein søknad om å delta på nytt, må også innhalde opplysningar om:
• Erfaringar frå første periode
• Utviklinga i bygda i åra etter dei deltok
• Kva vil ein oppnå vidare med å delta på nytt ?


4.3. Tilbod og krav til deltakarane
Bygdeutviklingsprogrammet er eit tilbod til bygder og kommunar om hjelp og rådgjeving for målretta bygdeutvikling. Deltakarane vil gjennom programmet bli kjent med ulike metodar for lokal mobilisering og entreprenørskap, og få kjennskap til kva som finst av offenteleg tilbod som kan støtte opp under utviklingsarbeidet.

Gjennom denne metodikken siktar Bygdeutviklingsprogrammet mot ei systematisk og vedvarande mobilisering av lokal utviklingskraft, mellom anna ved å stimulere til at bygdeutvikling blir ein del av den lokale næringspolitikken.

Metodikken og arbeidsforma baserer seg på at det ikkje skal nyttast heiltidstilsett prosjektleiar i gjennomføringa. Bakgrunnen for dette er å sikre at arbeidet ikkje fell saman når vedkommande sluttar etter prosjektperioden. Vi krev derfor at deltakarane i løpet av prosjektperioden skisserer korleis bygdeutviklingsarbeidet skal halde fram etter prosjektperioden, både organsiasjonsmessig og ansvarsforholda.


Tilbod til bygda og kommunen:
• Innføring i diverse metodar for lokal mobilisering og entreprenørskap
• Fagleg oppfølging frå FMLA, og årleg besøk av prosjektleiaren ved FMLA.
• Bygdeforum – ei samling pr år for alle bygder i BU-programmet. Dette er ein arena for nettverksbygging, og erfaringsutveksling mellom prosjektstyra og programstyret
• Bygdesamling – eit ope arrangement for alle registrerte bygdeutviklingslag og andre interesserte i fylket
• Eit økonomisk tilskot til prosjektstyret på kr 60 000 årleg over 3 år. Pengane skal prioriterast og disponerast lokalt i nært samarbeid med komunen. Det lokale prosjektstyret disponerer desse pengane til gjennomføring av eigne planar og tiltak.

Krav til kommunen:
Det er svært viktig at kommunen deltar aktivt i bygdeutviklingsarbeidet, og kommunen (formannskapet) må i vedtaks form forplikte seg i høve til intensjonane i programmet. Dette innber mellom anna:
• Kommunen må løyve minimum kr 20 000 årleg i tre år til den lokale potten.
• Kommunen må avsette tid og ressursar til å følgje opp det lokale prosjektet
• Kommunale sektorar må forplikte seg til å delta i aktuelt tverrsektorielt arbeid i høve prosjektbygda
• Kommunen bør skissere korleis ein tenkjer seg vidareføring av erfaringar frå det aktuelle bygdeutviklingstiltaket


4.4. Bygdeforum og Bygdesamling
Alle nye bygder får eit Innførings- og oppstartskurs første året.

Bygdeforum er ei årleg faglege samlingar mellom alle lokale prosjektstyre og styret for BU-programmet, og eit forum der folk kan utveksle erfaringar og idear. Faglege tema på desse samlingane er problemstillingar frå bygdene, arbeidet i dei lokale prosjektstyra, og kompetanseoppbygging. Bygdeforum blir så langt det er praktisk mogleg lagt til ei av dei deltakande bygdene.

I tillegg får bygdene delta på ei årleg Bygdesamling som etter planen skal vere ope for alle bygdeutviklingslag i fylket, og verte arrangert i samarbeid mellom eit/fleire bygdelag og FMLA. Plasseringa av desse samlingane vil rullere mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.


4.5. Tidsplan - årsplanar
Årssyklusen i Bygdeutviklingsprogrammet startar om våren og har følgjande milepælar:

Mars-april: Utlysing av opptak av nye bygder, med søknadsfrist ca. 1. mai.
Mai-juni: Bygdeforum (for bygdene i BU-programmet)
Juni: Utvelging og opptak av nye bygder
September: Innførings- og oppstartkurs for nye bygder
Sept- nov.: Bygdesamling (for alle bygdeutviklingslag i fylket)
Desember: Årsrapport frå bygdene til programstyret


4.6. Nettverk - informasjon
Gjennom Bygdeforum, Bygdesamling, og kurs og andre samlingar som blir lagt til ulike bygder, siktar Bygdeutviklingsprogrammet mot å bygge eit tett nettverk mellom bygdene med open utveksling av erfaringar og informasjon.

Kvar bygd som deltek i BU-programmet bør utvikle si eiga heimeside på internett, der siktemålet er å skape ein informasjons- og møteplass for folk i bygda og for andre som ynskjer å vite kva som skjer i prosjektet. På fylkesnivå finst det ein nettstad med lenker til alle bygder med eigne heimesider. Aktiv bruk av e-post vil etter kvart inngå i informasjonsflyten til og mellom bygdeutviklingslaga.


5. RAPPORTERING OG EVALUERING

5.1. Årsrapportar
Kvart prosjekt skal utarbeide årsrapport som inngår i samla årsmelding for heile programmet.
Bygdene skal sjølve definere sine lokale målsettingar for prosjekta, og årsrapporten skal samle og dokumentere erfaringar som er gjort og resultat som er oppnådd i prosjektet. Rapporten bør innehalde følgjande punkt:
1) Samandrag - kort samandrag av arbeidet gjennom året
2) Gjennomføring - omtale av korleis hovudaktivitetane er utført i høve til planen
3) Måloppnåing - kva var måla og korleis er dei nådde
4) Ressursdisponering - enkelt rekneskap med kostnader og finansiering
5) Viktige erfaringar - gjerne med tilrådingar til programstyret og dei andre bygdene


5.2. Evaluering
Evaluering av heile programmet med dei enkelte delprosjekta vil bli gjort etter 3 år når denne programfasen er gjennomført, dvs. i løpet av 2005. Evalueringa skal mellom anna klårlegge måloppnåing, positive og negative erfaringar og oppnådd resultat i høve ressursbruk.
Mange faktorar inverkar på utviklinga i eit bygdesamfunn, men i deltakande bygder er vi på noko sikt ute etter å kunne måle:
- Tilrettelagde fellestiltak
- Auke eller stabilisering av folketal
- Positiv utvikling i kjønns- og aldersfordeling
- Nyetablerte arbeidsplassar
- Organisering av bygdeutviklingsarbeidet



6. KOSTNADER - FINANSIERING

6.1. Budsjett


Aktivitet 2002 2003 2004 Sum
Motivasjons-/oppstartkurs 30 000 30 000 30 000 90 000
Prosjektstyret 10 000 10 000 10 000 30 000
Bygdeforum (BU-bygdene) 110 000 50 000 50 000 210 000
Bygdesamling (Open – alle) 0 60 000 60 000 120 000
Ekstern hjelp 10 000 10 000 10 000 30 000
Bygdebesøk 10 000 10 000 10 000 30 000
Rapport/formidling 20 000 20 000 20 000 60 000
Tilskot til prosjektstyra
6 lag *60 000 kr/lag 360 000 360 000 360 000 1 080 000
Kommunalt tilskot til prosjektstyra, 20 000 kr/lag 120 000 120 000 120 000 360 000
Prosjektleiing v/FMLA 150 000 150 000 150 000 450 000
Sum 820 000 820 000 820 000 2 460 000



6.2. Finansiering

Finansieringskjelde 2002 2003 2004 Sum
FMLA - driftsbudsjett 150 000 150 000 150 000 450 000
FMLA – BU-midlar 275 000 275 000 275 000 825 000
Fylkeskommunen 275 000 275 000 275 000 825 000
Kommunane 120 000 120 000 120 000 360 000
Sum 820 000 820 000 820 000 2 460 000


Det pågår ein diskusjon om framtidig organisering og arbeidsfordeling mellom kommune, fylke og stat. I løpet av prosjektperioden kan det skje endringar som gjer at denne finansieringsplanen må justerast, ved til dømes at private finansieringskjelder kjem sterkare inn i biletet. Dette vert ei oppgåve for prosjektstyret.


Chr Rekkedal