Kvinneliv i distrikta

Dersom kommunane ikkje satsar på kvinnene taper dei innbyggjarar. Resultatet kan bli avfolking av utkantstrøk.

Forskarar har undersøkt notida for å finne veiar i framtida for Distrikts-Norge.

KONSERVA
har familien som hovedprosjekt, og det fins mange Konserva-kvinner i distrikta. Og kommunane har i stor grad sett behova til denne type kvinne.

MODERNA
satsar på karriere og strebar etter suksess både i arbeidsliv, familieliv og samfunnsliv. Det blir stadig fleire Modernaer i bygdene, men dei fleste flyttar likevel ut av bygda.

ALTERNA
vil bestemme over eige liv og realisere livsprosjekt utan stress eller tanke på å bli rik dersom det fins armslag for det i bygda.

I 2010 vil landsbygda kunne finne sitt særpreg og vekse dersom Alterna får sin plass; likestilling med mannen, eit allsidig liv med plass til både mann og barn og jobb.

Dette er noko å tenkje over både for kommunar og bygdeutvikingslag, men både kvinner og menn bør tenkje over mogelegheitene for eit godt liv i bygda sjølve!!

Ref. Arena nr. 6