Den omvendte jantelova

DEN OMVENDTE JANTELOVA

1. Du skal alltid tru at du er verdt noko.

2. Du skal alltid tro at du er like viktig som alle andre.

3. Du skal alltid tru at du er like klok som andre.

4. Du skal ha tru på at du kan vere betre enn enn andre.

5. Du skal ha tru på at du veit og kan noko som ikkje alle andre veit.

6. Du skal alltid ha tru på at du duger.

7. Du skal alltid la andre le av deg og dine tabbar, då kan du dra på smilet av deira tabbar.

8. Du skal alltid tru at nokon bryr seg om deg.

9. Du skal alltid ha tru på at du kan noko som du kan lære til andre.

10. Husk ar der du bor er verdens sentrum!

11. Dersom du verkeleg vil skape noko, kan ikkje byråkratane stoppe deg!

12. Det du verkeleg vil, det får du til!


Omskriven og tillagt nye punkt av Marita Aarvik