Referat frå arbeidsseminar og skipingsmøte for org

Møtet vart halde i Volda Turisthotell, Volda , laurdag 17.august 2002 .

Møtet var på førehand kunngjort på enkel måte ved brev til lokalaviser, telefonar til interesserte, og ved orientering på nettsidene til organisasjonen. Det møtte om lag 20 personar. Det var utlagt mapper til kvar deltakar. Her låg velkomenhelsing, deltakarliste, kampsaker, aktuelle arbeidsmåtar, framlegg til vedtekter og "Den omvendte Jante-lova", omskriven og tillagt nye punkt av Marita Aarvik.

Nestleiar i interimstyret, Eldar Høidal, ynskte alle velkomne. Saman med ansvarleg for
nettsidene, Roald Solheim, orienterte Høidal kort om bakgrunnen for tiltaket. Over mange tiår har folk flytt frå dei minste kommunane mellom anna til Oslo og sentrale strøk av aust-Noreg.
Dette hender trass i at fråflytningsområda er fyrsteklasses mål for reiselivsnæringa, og i tillegg svært gode oppvekstmiljø. Mange kommunar er så nedtyngde av lånegjeld at det går ut over trivselen. Folk over heile landet reagerer mot at det vert gjort for lite for å hjelpe distrikta, trass i at landet er mellom dei rikaste i verda. Det er skipa fleire ulike lag og organisasjonar som kvar for seg arbeider for ei betring. Organisasjonen distriktet.no vil arbeide for å samle desse laga, i fyrste omgang i eitt nettverk, seinare til ein organisasjon. Samlingsplassen skal vere internettsidene til organisasjonen. Her skal det også mellom anna bli tilgang på aktuelle e-postadresser, relevant litteratur, avisinnlegg og forskingsrapportar.

Professor Jørgen Amdam frå Volda var hovudtalar. Han forelas engasjert om problema som distrikta slit med, og om moglege årsaker til dette sett med forskarauge. Truleg er det fleire faktorar som får folk, og særleg då unge, til å flytte frå heimstaden sin. Den gamle myta om at det einast er skulda mangel på arbeid, held ikkje. Det kan lettare setjast fram ein mothypotese om at den som i tilstrekkeleg grad ynskjer seg arbeid i Noreg i dag, klarar oftast å skaffe seg det. Ny teknologi, t.d. IKT, gjer oss langt meir fleksible med omsyn til geografisk tilhaldsstad enn tidlegare. Då er truleg psykologiske og sosiale faktorar viktigare. Tryggleik er ein slik faktor. Skulevegen skal vere trygg. Næringsgrunnlaget skal vere rimeleg trygt. I primærnæringane spelar nok eigedomsrett ei rolle. Tendensen i tida er at dei som flytter frå bygda let grannen slå innmarka, men tviheld på eigedomsretten. Husa blir ofte ståande tomme mesteparten av året, eigaren brukar dei sporadisk til feriebustad. Sosiale nettverk spelar ei stor rolle. Det er vanskeleg å bryte opp dersom du har gode vener rundt deg på alle kantar. Det er triveleg med samkomer av ulikt slag. Skulen og den geografiske og sosiale nærleiken mellom heim og skule er svært viktig når unge folk skal etablere seg. Etter den grundige forelesinga var over, vart det høve til spørsmål.

Neste talar var kontorleiar Rønnaug Leite frå Kjølsdalen. Ho fortalde med stor glød om arbeidet med bygdeutvikling i Nordfjord. Dette arbeidet vart i utgangspunktet sett i gang av det offentlege. Så vart dei ulike utviklingslaga overletne til seg sjølve. Det var då somme såg at det kunne vere føremålstenleg med ei samanslutning av laga. Resultatet vart Kompetansebygder Nordfjord, ein organisasjon som i utgangspunktet hadde ambisjonar om å bli nasjonal. Dei etablerte eiga webside- og fekk til ein årleg møteplass, eit stort seminar for medlemmene i utviklingslaga. Det er skipa 30 slike lag som arbeider for nye og fleire arbeidsplassar og for auka trivsel i bygdene. Leite peikte på at det er forskjellige vegar til utvikling av dei forskjellige bygdene, men nokre utfordringar har dei felles. Difor meinte ho det var viktig med alliansar, også på nasjonalt nivå.
Bygdeutviklingslaga skal ha samling på Ytre Stadlandet laurdag 31.august og dei tek gjerne mot besøk utabygds frå.

Ordførar i Gaular kommune, Per Kjelstad frå Sande i Sunnfjord fekk så ordet. Han er også leiar i ein organisasjon som kallar seg Distriktsopprøret i Sogn og Fjordane. Dette laget arbeider på ein konstruktiv måte for at bygdene i distrikta skal få betre rammevilkår, og for at ungdommane i større grad skal kunne busetje seg også i utkant-Noreg. Mange kommunar har så avgrensa økonomisk handlefridom, at det langt frå er like interessant å vere med i politikken i dag, som berre for få år sidan. Kjelstad sa at det ikkje låg til dei som kalte seg distriktsopprørarar i Sogn og Fjordane å protestere. Heilt til det siste har dei vore uthaldande optimistar. Og dei meiner framleis at distriktskreftene må bidra sterkt sjølv, men det må også stillast rettmessige krav. Det er også viktig å søkje samarbeid med andre som slit i dei same motbakkane, elles kan kampen bli av kort varigheit.
Han kom så inn på forskjellege måtar å måle verdiskaping på. På ein humoristisk måte peikte han på at han bidrog meir til brutto nasjonalproduktet ved å ete eit lite stykke sauekjøtt på ein fin restaurant i hovudstaden, enn ved å produsere heile sauen! Skal ein måle verdiskaping i BNP-storleikar ville ein trulig finne ut at Orderud-ekteparet i år bidrog meir til nasjonalproduktet enn nokon andre, ved å gje næring både til advokater og mediebedrifter over ein lang periode!
Reell verdiskaping var det mest av langs vestlandskysten, påpeikte Kjelstad. 60% av eksportverdien vert skapt på strekninga Agder – Møre og Romsdal. Det er like stor verdi på eksporten frå Sogn og Fjordane som frå Oslo. Men 60% av dei offentlege investeringane vert gjorde i Oslo og Akershus. Han peikte også på at vegsystemet synest innretta etter Oslo sine behov. Skal ein køyre frå Oslo til Stavanger slepp ein unna med ca 170 kroner i bom- og brupengar etc. Lastebilar som køyrer strekninga Stavanger - Ålesund må ut med minst eit par tusen i bom-, bru- og ferjepengar. Ein mest mogeleg sammenhengande kyststamveg ville vore samfunnsøkonomisk lønnsam for heile Noreg, påpeikte Per Kjelstad.

Til slutt fortalde Else Ragni Yttredal frå Norddal om verksemda Steget Friluftskompetanse som ho saman med to andre unge kvinner held på med å bygge opp. I botnen ligg ynskjet om å skape eigen arbeidsplass og trua på at dette klarar vi. Trass nokre utfordringar, har alt så langt gått svært godt, og dei tre ser lyst på framtida.
Er her ikkje høvelege arbeidsplassar, så lagar vi dei sjølve!

Etter at innleiingane var ferdige, var det matøkt. Etter det var det gruppearbeid og diskusjon. Hovudtemaet var: Korleis kan paraplyorganisasjonen distriktet.no medverke til å nå mål om
• ein meir aktiv distriktspolitikk frå dei statlege styringsorgana.
• Meir positiv merksemd om dei ressursane som er i distrikta, både menneskelege og materielle.
• Frigjering av menneskelege ressursar i distrikta.

Etter at arbeidsøkta var over la gruppeleiarane fram resultata. Det var semje om at distriktet.no måtte ha ambisjonar om å bli meir enn ein nettorganisasjon. Det er trass alt ikkje alle menneske som har knytt seg til internettet enno. Elles vil ein vinne på å byggje tette og personlege nettverk. Gruppe 1 la vekt på at ein måtte bruke media for å synleggjere dei positive verdiane som finst i distrikta. Ein måtte også søkje å verte representert i offentlege utval som hadde distriktspolitiske mandat. Ein måtte gjerne arbeide gjennom politiske parti, men vokte seg vel for å knyte seg for tett til einskildparti. Talsmannen for same gruppe tok til orde for at bygdene måtte opne seg for nye menneske som ville inn, slik at det kunne opnast for ny og alternativ verksemd.

Den andre gruppa tok til orde for å bruke telefonen flittig for å etablere kontakt mellom ulike aksjonsgrupper. Denne gruppa heldt også fram verdien av å bruke positive eksempel frå bygde-Noreg for å skape ei god distriktsinteresse. Det burde elles vere eit mål for distriktet.no å kome på statsbudsjettet i løpet av eitt år.

Den tredje gruppa meinte at det var viktig i tida framover å kartleggje alle distriktsgrupper rundt om i landet og skape kontakt mellom desse. Talspersonen for gruppa peikte på at dersom distriktet.no tek sikte på å vere ein paraplyorganisasjon for ulike distriktsgrupper så må det etablerast nær kontakt og dialog med flest mogeleg av desse gruppene, helst alle. Dei såg for seg at det i denne omgangen vart etablert eit interimstyre i organisasjonen som arbeidde vidare for å skaffe oversikt over det som rører seg på dette feltet. Målet måtte vere å kalle saman eit meir representativt og breiare samansatt skipingsmøte for paraplyorganisasjonen om knapt eit års tid.


Til sist var det stiftingsmøte. Framlegg til vedtekter var som nemnt framlagde på førehand.
Vedtektene vart drøfta, og det var semje om å skipe eit nettverk som i tida framover skal arbeide
for registrering og samordning av dei positive distriktstiltaka. Ein må også arbeide aktivt for å fremje distriktene sine interesser i media, på eigne heimesider og gjennom ulike utspel i det offentlege rommet.
Så vart medlemmer i nytt interimstyre drøfta.

Valde vart:

Dagleg leiar Ingvild Hansen Nystad, Stordal.
Kontorleiar Rønnaug Leite, Kjølsdalen.
Bedriftsleiar Torill Olsen, Vadsø (nestleiar).
Faghistorikar Eldar Høidal, Straumgjerde ( kasserar, mediakontakt)
Ordførar i Gaular, Per Kjeldstad, Sande i Sunnfjord ( eller ein annan frå DORSF)
Rektor Roald Solheim , Hundeidvik (styreleiar)

Varaperson: Elias Giske, Giske. Tidlegare ordførar og fylkespolitikar.
Varaperson: Gunnvor Krogsæther, Vatne. Tidlegare fylkespolitikar og kulturarbeidar.


Ref.: Roald Solheim/Eldar Høidal