Øyvind Glosvik - innlegg

Foredrag på bygdekonferanse i
Nordfjord 31.08.02
Øyvind Glosvik

Øyvind Glosvik

1. Kvifor er eg her?

Godtfolk!

Først takk for innbydinga til å halde innlegg på denne konferansen. Lat meg seie litt om kvifor eg er her.
Det starta i fjor haust (2001). Høgskulen i Sogn og Fjordane vart kontakta av Fylkesmannens landbruksavdeling med spørsmål om vi kunne evaluere BU-programmet i Sogn og Fjordane – eit tiltak som var i ferd med å runde 10 år - og det fylkeskommunale prosjektet Levande bygder, som hadde mykje til felles med BU-programmet. Oppdraget fall i all hovudsak på meg. Både oppdragsgjevar og andre som er opptekne av bygdeutvikling - både i og utanfor Sogn og Fjordane – har gjeve gode tilbakemeldingar på sluttrapporten ”Levande bygdeutvikling”. Eg oppnådde noko som gjer at ein samfunnsvitar føler seg til nytte: Eg kunne fortelje dei noko om seg sjølve dei ikkje hadde tenkt så nøye over. Som sagt, då får ein samfunnsvitar vere nøgd. Vi er ikkje betre vant.
Etter at rapporten vart levert, har det vore ein del kontaktar om presentasjon og utdjuping av det eg har sagt om bygdeutvikling i Sogn og Fjordane. Dette er ein av dei.
Dei stikkorda eg har fått oppgjeve for innlegget – som arrangørane har gjeve tittlen ”Det gjeld å sjå mogelegheiter framover” – er desse:

- samarbeid på tvers av grenser og nivå i staden for å sitje på kvar si tue og verne om særinteresser. Positiv marknadsføring, nytenking, nettverk og næring på grunnlag av bygdekvalitetar

- og han skal denne gongen få lov å vere ganske konkret på kva bygdene/distrikta bør gjere sjølv om vi veit at bygder er ulike. Vi treng å høyre ”løysingar” når alle er samla under same tak.

Eg er ikkje heilt viss på kva arrangørane meiner med at eg skal vere ”ganske konkret”. Det kan jo bety at eg tidlegare har uttalt meg temmeleg ullent og vagt om BU-programmet. Eg skal forsøke å la det vere, og gjennom følgjande punkt vil eg utdjupe nokre av konklusjonane frå evalueringa:

• Kva ”er” bygdeutvikling sett frå bygdeutviklarane si side?
• Kva prosessar skapar ”utvikling” i bygda?
• Mangesysleriet i nye utgåver ?
• Utsyn: Den moderne bygda i verda

Innlegget vil eg dele i to. Dei første to punkta byggjer på evalueringa. I dei to siste punkta handsamer eg meir friare generelle spørsmål knytte til framtida for dei små bygdesamfunna våre.


2. Kva er ”bygdeutvikling” sett frå bygdeutviklar-ane si side?

”Bygdeutvikling” og ”bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane” treng ikkje vere det same. Det siste – BU-programmet - er eit offentleg tiltak i regi av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, eit tiltak som no har gått i 10-12 år frå det først starta som ein ide hjå ein tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Bygdeutviklingsprogrammet er såleis i utgangspunktet berre ein pott offentlege pengar og nokre generelle idear på fylkesnivået i Sogn og Fjordane. ”Bygdeutvikling” er på den andre sida det folk i dei deltakande bygdene gjer ut av programmet og det som vert lagt i det av meining frå dei folka som skapar resultata i programmet. Det er den siste meninga eg har lagt til grunn i evalueringa. Ved å spørje informantane om kva dei meiner ”bygdeutvikling” er, og kva dei forsøker å gjere med bygda gjennom deltaking i BU-programmet, fekk eg denne lista:

Bygdeutvikling er evig motpolitikk
Det mest generelle biletet eg har registrert er utsegna om at bygdeutvikling ikkje er noko anna enn det som har skjedd til alle tider her i landet: Folk forsøker å klore seg fast meir eller mindre upåverka av kva slags politikk staten forsøker å setje i verk. Folk - eldsjeler - er motorane i lokalsamfunn dei forsøker å utvikle - like mykje på tross av som på grunn av - nasjonale tiltak som BU-programmet er del av, eller den sentraliseringspolitikken BU-programmet forsøker å motverke konsekvensane av.
Deltaking i BU-programmet vert slik sett eit verkemiddel bygder kan nytte fordi det er eit sett av løysingar som kan koplast til evige problem bygdene har. Bygdeutvikling er i dette biletet også eit protestrop om at bygdene har kvalitetar og verdiar nokon finn grunn til å take vare på og utvikle i eit tid der det offentlege rommet ikkje har plass til positive omtaler av desse.

Bygdeutvikling er samfunnsutvikling - ikkje landbruk
BU-programmet og bygdeutviklingspolitikken har eit marknadsførings-problem. Ein skal leite langt mellom kvart direkte landbruksretta prosjekt. Det er bygdesamfunnet det dreier seg om, ikkje landbruksnæringa, sjølv om pengane kjem frå den såkalla jordbruksbruksavtalen mellom bøndenes organisasjonar og staten. På ein måte er bygdeutviklingsmidlane Landbruksdepartementets versjon av den generelle distrikstpolitikken. Det er lokalsamfunnsutvikling i bygdene det dreier seg om. Dette seier dei ansvarlege for programmet det er vanskeleg å få gehør for. Også i høve deler av fylkeskommunen - som ein elles arbeider tett saman med - vert "BU-programmet" oppfatta som eit program for bønder. Heller ikkje media synest forstå at "bønder" og "bygder" ikkje er eitt og det same. Dette skal eg komme attende til.

Bygdeutvikling er det fylkeskommune og kommune ikkje maktar
Det er ofte eit trugsmål eller ei negativ hendig som utløyser etablering av eit bygdeutviklingslag og/eller søknad om deltaking i BU-programmet. Det kan vere butikken, skulen, bankfilialen som er utsett. Eller det kan vere ei anna form for funksjonstømming det er tale om. Staten gjennom Norsk tipping, Posten og Statoil har ikkje bidratt til å halde på optimismen i mindre bygder. Fylkeskommunen og kommunane er meir eller mindre hjelpelause i dei sentraliseringsprosessar statens leiarar kallar ”modernisering”. Kommunane sjølve ser på skulenedlegging og skulesentralisering som mogelege strategiar for å makte dei krava dei vert pålagde i lys av kommuneøkonomi - eller nasjonal skulesatsing - paradoksalt nok.
Ser vi på mange av dei såkalla nærmiljøtiltaka - som det er langt dei fleste av i BU-bygdene - er dette tiltak som klart fell innanfor det kommunar har ansvaret for. Men det er bygdeutviklingslag som trer inn der kommunen ikkje maktar oppgåva - eller ikkje vil. Alle turløyper, idrettsanlegg osv. fell delvis inn under fylkeskommunens politikkfelt, delvis kommunane. Bygdeutvikling vert slik sett ein slags forsvarsstrategi, eit svar på eitt eller anna trugsmål verken fylkeskommune eller kommune synest å handtere.
Men om aktivitetar forsvinn eller vert berga, er trugsmålet om funksjonstømming der likevel. Bygdeutvikling vert då ein aktiv strategi for å take vare på og utvikle tilbod det offentlege burde teke ansvar for. Det ser vi av alle prosjekta som på ein eller annan måte er knytte til skulane. Dei lokale bygdekontora med alt sitt utstyr er svært ofte knytte opp til skular og barnehagar, og utstyret vert stilt til disposisjon for elever og lærarar. Slik sett går BU-tiltaka inn og hevar kvaliteten på desse skulane.

Bygdeutvikling er verdiskaping på fleire måtar
Bygdeutvikling dreier seg på ein eller annan litt vanskeleg måte å forklare, om å tenkje positivt. Det er dreier seg om å setje søkelys på det gode og verdiar ein har, trass alt. I samtalane eg hadde med folk som var opptekne av bygdeutvikling i Sogn og Fjordane mangla det ikkje på realistiske skildringar av trugsmål av mange slag. Likevel var dei prega av noko eg vil kalle ein "bygdeutviklingsideologi" som dreier seg om å samle dei kreftene som tenkjer positivt og kreativt og setje dei inn som ei felles drivkraft som utkrystalliserer seg i tiltak som på ulike måtar aukar verdiane eller verdiskapinga i bygda. Verdiar er her mange ting - det kan vere å halde på dei demningane som skule og barnehage utgjer, men også dei abstrakte tankane bygdefolket har om seg sjølv og bygda. Det dreier seg om verdien av å tenkje positivt og konstruktivt heller enn å sutre.

Bygdeutvikling er å skape nye fellesskap i mikrobølgebygda
Det er nokre som seier at bygdeutvikling dreier seg om å finne att fortida. Andre seier at det dreier seg om å redefinere bygdas posisjon. Finne ut kvar ho er i verda. Uansett er dette utsegner som seier noko om å finne eit haldepunkt om kven ein sjølv er i eit tid vi opplever som full av endringsprosessar. Bygdeutvikling kan i denne meininga vere ei arbeidsform der ein forsøker å byggje opp noko mange meiner er tapt, eller på veg til å bli tapt i mikrobølgebygda der folk er opptekne med seg og sitt, køyrer borna til og frå musikken og idrettsøvingane i kommunesenteret og knappast talar med naboen lenger.
I dette ligg det at dei møteplassane bygda ein gong hadde, kanskje ikkje eksisterer lenger. Dei gamle organisasjonane og laga slit - kanskje klarer dei ikkje å rekruttere, kanskje fengjer ikkje aktivitetane og tilboda slik dei ein gong gjorde. Som ein informant sa det: Husmorlaget var ein av organisasjonane som stod bak søknaden om deltaking i BU-programmet. Det var det siste andedrettet til laget. I BU-bygdene er det interessant å sjå kven som er deltakarar i prosjektstyre og bygdestyre; av og til ser ein yrkestittel og utdanning nemnt: Og det er ofte tale om folk med høgare utdanning og innslaget av (relativt) unge kvinner er høgt. Kanskje har desse trong for å organisere seg på andre måtar enn i dei tradisjonelle organisasjonanene og laga? For desse personane vert BU-tiltaka eit høve til å drive lokalsamfunnsutvikling gjennom ein form for personleg kompetansebruk der dei skapar dei nye møteplassane dei sjølve etterlyser. Men dette skjer så stille at ingen merkar det. Over tid har kanskje Kvinneforum avløyst Bondekvinnelaget som den sjølvsagte møtestaden for kvinnene, prosjekt 'Digital bygdebok' har avløyst historielaget og 4H møtest like gjerne på internettkafeen som ved kaninbura.
Ein av informantane fortalde at ho var på ein jubileumsfest i ungdomslaget. Det slo henne under festtalane at ungdomslaget eingong gjorde det Bygdeutviklingsstyret no forsøker å gjere. Ungdomslaget eig ungdomshuset og driv bingo for å finansere det. Men bygdeutviklingslaget hadde overteke stafettpinnen då ungdomslaget tapte si sjel i bingo.
Når bygdefolket møtest i årsmøtet i eit aksjeselskapet som eig og driv nærbutikken, men ikkje lenger framfor disken der dei ber om kreditt hjå handelsmannen medan naboen høyrer på, har det skjedd eit kvantesprang. Møteplassen kunne vere eit problem, før i tida òg.
"Det er så tungvint når ikkje alle har e-post", glapp det ut av ein informant. Han snakka om korleis styret i bygdeutviklingslaget arbeidde. Eg trur ikkje han var klar over at måten hans å samhandle med sambygdingane ikkje lenger kunne byggje opp om bygda i meininga eit fysisk, sosialt samvære på butikken eller ungdomshuset. Det er slikt som gjer bygda virtuell. Ho vert ikkje det sjølv om ho har eiga heimside. Men ho vert det når innbyggjarane heller legg inn meldingar på heimesida enn å bruke oppslagstavla utanfor butikken. Det er slik vi sjølv endrar bygda.

Bygdeutvikling er å lære prosjektstaten å kjenne
Bygdeutviklingsarbeid er ein ny måte å tenkje på for mange. For å få del i dei gode stat, kommune og fylkeskommune disponerer, må initiativtakarar, eldsjeler og bygdestyre klare å handtere møtet med eit system som ikkje alltid er like enkelt å forstå.
Program og prosjekt, kva betyr det? Kva er eit ”mål” i byråkratmeining? Kor mykje tid skal nyttast til rapportering, kva skal rapporterast? Når er vi avgrensa av eit nei på ein søknad? Kven kan vi då gå til for å få finansiert ideane våre? Spørsmåla syner kva deltakarar i BU-programmet og liknande tiltak må lære for å kunne fungere innanfor ramma av program- og prosjektforma slik det offentlege no organiserer slikt utviklingsarbeid som dette. Det kan vere slitande å lære seg alt dette. Ikkje minst stiller deltaking i BU-programmet krav om kontroll over eit abstrakt språk som gjer det mogeleg å samspele og omsetje mellom bygdefolkets vilje til byråkratispråkets ulike dialektar.

Bygdeutvikling er å auke handlingskapasiteten
Bygdeutvikling dreier seg om mobilisering. I dette ligg det minst følgjande forståingar: Mobilisering er å få bygdefolk til å bidra med idear, det er å få dei til å bidra med pengar og arbeid, det er å lære opp bygda, å skape lokal sjølvkjensle og få dei til å forstå at det nyttar å satse berre ein forstår korleis. Det ligg også ei fjerde forståing av mobilisering i tanken om å kople eksterne personar, verksemder og kompetanse til bygda utanfrå.
Folkemøtet vert gjerne nytta som startbasis for mobiliseringsarbeid, gjerne også undervegs i BU-prosessen. Problemet med folkemøte kan vi illusterer med ein vri på ein gamal vits: "kor mange bygdeutviklarar trengs det for å skifte ei lyspære? Svaret er ingen, dersom den trengs å skiftast gjer eit folkemøte det". Poenget er at dersom ein vil forklare effekten av mobilisering gjennom organisering av folkemøte støyter ein på følgjande problem: Folkemøte gjer ingenting, dei berre snakkar ein saman og drikk kaffi.
Slik bygdene framstiller seg sjølve er det som aktive sosiale einingar med mange lag og organisasjonar. Men alle desse laga gjer ikkje like mykje. Kva også med alle dei tiltak som fell mellom laga og organisasjonane sine naturlege ansvarsområde? Kva med alle dei tiltaka som eigentleg fell mellom private aktørar og det offentleges ansvarsområde? Kven skal gå mellom kommunen og ein privat grunneigar i spørsmålet om det bustadfeltet folkemøtet meiner bør byggjast ut? Det er i dette skjæringsfeltet eit bygdeutviklingslag naturleg finn ein stad å vere. Og gjennom deltaking i programmet får utviklingslaget hand om visse pengesummar - rett nok små - som gjer dei handlingsdyktige. Det er heller ikkje tilfeldig at det er i omstillingstider og i ei tid med trugsmål mot bygda i ulike meiningar det vert skipa utviklingslag. Dette er naturlege svar på eit "krav om omstilling", om "modernisering", om "alt det nye" osv. osv. Bygdeutviklingslag vert bygdenes organisatoriske svar på krav om endring, og gjennom BU-programmet gjev staten dei midlar som skapar handlingskapasitet og handlingsrom.
Ein annan måte å seie dette på er at Bygdeutviklingsprogrammet fungerer fordi ein gjev pengar på temmeleg fritt grunnlag til ein organisasjon som dermed får kapasitet til å gå inn og organisere andre ressursar. Slik eg oppfattar temmeleg mange av bygdene - kanskje alle - har dei eigentleg vore gjennom ein mobiliseringsprosess før dei søkjer om opptak, og ei gruppe av eldsjeler har funne fram til eit handlingsgrunnlag. Ja, nokre har venta lenge før dei kom med. Dette er då også dei ansvarlege for BU-programmet klar over, når dei talar om "bygdenes modningsprosess
Bygdeutvikling i denne meininga er såleis å auke handlings-kapasiteten - til nokon i bygda. Til dei som klarar å overvinne skepsis, til dei som ikkje bryr seg om bygdedyret, eller dei som på anna vis vert kalla og får verkemiddel til å organisere andre.
Lat oss sjå nærare på dette.

3. Kva prosessar skapar ”utvikling” i bygda?

Det er vanskeleg å sjå føre seg noko særleg til utviklingsprosessar i bygda utan ein eller fleire 'eldsjeler' og 'initiativtakarar' som drivkrafta i det lokale arbeidet. Eg trur det er viktig å rette søkelys på nett desse samfunnsentrepre- nørane – som det nok er mange av her i salen.
Bak eit bygdeutviklingslag og/eller søknaden om deltaking i BU-programmet står i regelen fleire organisasjonar. Det kan vere ungdomslag, bondelag, jakt- og fiskelag osv. Grunnane til at det vert oppretta eit utviklingslag vert oppgjeve å vere både trongen for eit felles talerør, men også trongen for eit organ som overstig det naturlege ansvarsområdet for ein formell organisasjon som har eit smalare interessefelt. Som ein informant sa; "det føltest heilt feil at idrettslaget skulle gje alle fråsegner i samband med reguleringsplanen, men det var ingen andre som greip tak i det". Han var ein av initiativtakarane til utviklingslaget i si bygd.
Dette at "nokon" finn saman, som elles naturleg hadde arbeidd i dei meir tradisjonelle saks- og interesseorganisasjonene, kan kanskje vere ein nøkkel til å forstå utviklingsprosessar i bygda.
I figuren har eg forsøkt å syne korleis det er mogeleg å tenkje omkring bygdeutviklingslaga og deira rolle, også i lys av det vi kallar nettverksteori.
Som vi ser, kan vi tenkje oss bygdas tradisjonelle "gamle" organisasjonsstruktur som delt i to. Vi finn for det første dei saks- eller gruppeorienterte organisasjonane som er i utgangspunktet representer ei gruppe eller eit tema. Det kan vere grunneigarlag eller jakt- og fiskeentusiastar, husmorlag (eller kva det heiter no), idrettslag eller andre former for spesialiserte organisasjonar.

Type nettverk
Rekruttering "Nye" "Gamle"
Saksnettverk "Smal" rekruttering i bygda? "Handlingsgrupper": Flinke til å gjere konkrete ting
"Saksgrupper": Flinke til å tale ei gruppe eller ei sak ("Bondelag")
Verdinettverk "Brei" rekruttering i bygda? "Utviklingslag" Flinke til å få andre til å gjere konkrete ting (mobilisere) "Ungdomslag": gjer tradisjonelle ting for bygda







Figur: Utviklingsmiljø og nettverk i bygdene

Det som særpregar dei er er at dei er smale i meininga at dei aldri kan, og heller ikkje let som dei gjer det, fange bygdas fellesskap. Dei fangar berre ein liten del av fellesskapet, og dei er, slik eg oppfatta informantane, av og til låst fast i eit negativt rollespel av reglar, årsmøte, jakt på leiarar som vegrar seg osv. For det andre har vi tradisjonelt hatt ungdomslaget som bygdas generalistorganisasjon med brei rekrutteringsbasis. Mange stader gjer framleis ungdomslaget ting for bygda, dei eig og driv forsamlingslokale og dei arrangerer sosiale samkome og aktivitetar av ymse slag. Spørsmålet er likevel om også denne organisasjonen vert fanga i det tradisjonelle mønsteret av oppgåver.
Det vi altså ser, er at desse organisasjonane står bak eit utviklingslag - saman med enkeltaktørar elles. Utviklingslaget utgjer slik sett eit fellesorgan som har brei rekrutteringsbasis og som representerer ein organisatorisk nyskaping og ein annan måte å gjere ting på. Det er slike organisasjonsstrukturar BU-programmet treff og stimulerer. Det informantane fortel, er at det dei forsøker er å få andre til å gjere ting. Typisk er sogene om korleis dei skaffar pengar og prosjekt som ungdomslaget eller jakt- og fiskelaget så vert sett til å gjennomføre eller ha ansvaret for.
I figuren ser vi likevel ein fjerde type aktørar. Eg har kalla dei "handlingsgrupper" og "nye" fordi det dreier seg om dei nye gruppene av personar som i løpet av programperioden eller satsinga har funne saman om ein ny ide, eit nytt tiltak eller ei etablering. Eit godt døme på kva det dreier seg om kan vi hente frå Undredal. Då bygda deltok i første fase av BU-programmet var eitt av satsingane knytte til Undredalsosten og den tradisjonelle produksjonen av kvit geitost. Ei mindre gruppe produsentar fann saman i felles problemstillingar knytte til utvikling av kvalitet, produksjon, sal og marknadsføring av osten som bygdas spesialitet. Både Undredalsosten produsentlag og organisasjonen Norsk gardsost, med leiar og sekretariat i Undredal, er direkte avleia av den satsinga nokre få personar står bak. Mykje arbeid har vore lagt ned av ei lita gruppe personar gjennom ei årrekkje, og dei står no framfor etablering av eit fellesysteri. Årsakssamanhengane med BU-programmet er vanskelege å slå fast. Dette kunne godt ha skjedd likevel, men uansett skjedde det eitt eller anna i løpet av BU-prosessen som gjorde at ei mindre gruppe fann saman i eit fellestiltak som gald næringsverksemda deira, og dei arbeider saman framleis om eit konkret produkt og ei konkret satsing.
Når vi då talar om langsiktige næringsverknader av at ei bygd deltek i BU-programmet, trur eg det dreier seg om nett at ein eller i regelen eit fåtal personar arbeider vidare med eit prosjekt eller tiltak som er blitt utkrystallisert. På same vis kan vi tenkje om vidareføring av tiltak og resultat generelt. Det syner seg vanskeleg å halde oppe engasjement og aktivitet over lang tid i BU-programmet, men dersom ein lukkast i å knyte eit mindre tal personar til eit utval idear, tiltak eller satsingar, så lever det vidare. Dette er då også mange bygdeutviklingslag klar over, og har som målsetjing at prosjekt og tiltak skal leve vidare i regi av eksisterande lag og organisasjonar, eller i regi av andre personar/grupper enn dei sjølv.
Det kan sjølvsagt framstå som eit tankekors at dersom eit slikt tiltak ender i ei kommersiell etablering vil verksemda ganske raskt kunne fjerne seg frå bygda i meininga at den spesifikke marknaden vil leggje dei viktigaste føringane på strategiske avgjerdsler, ikkje dei opphavelege ideane i bygdeutviklingsprogrammet. Det ser vi også døme på i prosjektbygdene.
Dei konkrete resultata, eller endå meir konkret, arbeidsplassar og sikring av arbeidsplassar gjennom omstilling kjem då dersom nokon annan enn Bygdeutviklingslaget eller grendelaget har fatta interesse og arbeider vidare med det som vert utkrystallisert i sjølve programmet og den mobiliseringa som skjer i forkant eller i løpet av programdeltakinga.

Lærande nettverk i bygda
Dersom vi vel å bruke omgrepa nettverk, kan vi også tenkje oss to typar nettverk på bygdenivået. Utviklingslag og liknande kan vi kalle organisatoriske uttrykk for at eit nettverk av bygdefolk og organisasjonar i bygda på bakgrunn av felles verdiar finn saman. Rekrutteringsgrunnlaget er breitt, og det er ideane om fellesskap, ytre trugsmål og trongen for ny meiningsdanning som er basis for fellesskapet. Dette er verdinettverk.
På den andre sida kan vi tale om tale om mange saksnettverk i ei bygd. Kvart av dei vil ha eit smalare rekrutteringsgrunnlag, det vil vere felles interesser knytte til ein aktivitet, eigarskap osv. som vil vere styrande for nettverket. Langsikte, konkrete resultat av bygdeutviklingsarbeid ser vi altså truleg berre dersom saksnettverka fungerer over tid i ei bygd.
Kva samanheng kan det vere mellom slike nettverk og læringsprosessar i bygda? I det følgjande skal eg forsøke å drøfte korleis vi kan tenkje oss slike samanhengar.

Interne nettverksprosessar i bygda
Saksnettverk Verdinettverk
Eksterne nettverksprosessar i bygda Saksnett-verk 1 2
Verdinett-verk 3 4

Figur: Fire samanhengar mellom interne og eksterne nettverk

Å delta i eit nettverk saman med andre menneske – anten vi talar om saksnettverk eller verdinettverk, inneber at vi deler informasjon og tolkar informasjon i lag. Informasjon dannar basis for læringsprosessar. Likevel inneheld saksnettverk og verdinettverk ulike informasjonstypar. Sidan det også er mogeleg å skissere interne og eksterne nettverksprosessar kan vi teoretisk sjå føre oss fire ulike samanhengar slik:

1. Interne saksnettverk vert kopla mot eksterne saksnettverk
Den første læringsprosessen vi kan skissere består i at dei interne saksnettverka bygda har etablert for å løyse konkrete oppgåver vert kopla mot nettverk som er berarar av kunnskap bygda konkret kan gjere seg nytte av. Døme kan vere å bruke kunnskapen om kven som er "hjelparar" og kven som er "vaktbikkjer" i kommunen når td. ei reguleringssak står på dagsorden. Hjelparane på teknisk etat inngår i det saksnettverket bygda kan nytte for å løyse sine reguleringsproblem. Andre døme kan vere eigarane av nærbutikken eller interessentane som lurer på å overta ein konkurstruga nærbutikk som kjem i kontakt med miljøet rundt merkurprogrammet eller andre saksorienterte nettverk. Når eit bygdeutviklingslag får hjelp frå FMLA til å kontakte SND, eit departement eller andre som kan hjelpe dei i konkrete, er dette også døme på at saksnettverk vert kopla mot saksnettverk. Kort sagt dreier det seg om å hente inn konkret informasjon som kan hjelpe bygda med konkrete problem.

2. Interne verdinettverk vert kopla mot eksterne saksnettverk
Den andre læringsprosessen skjer når interne verdinettverk vert kopla mot eksterne saksnettverk. I dette ligg det at produkt, tenester, tilbod, natur eller særdrag som har spesielle verdiar eller kan fungere som symbol for bygda får aksept i saksnettverk der desse kan fungere eller inngå. Å komme inn i BU-programmet kan i seg sjølv vere eit døme på slike prosessar. Eldsjeler som vil bygda vel finn saman og utformar ein søknad som - gjerne etter fleire runder - går inn. Bygda som verdi får aksept i eit eksternt saksnettverk. Eit anna døme kan vere Stårheimbygda i Nordfjord (med i Levande bygder) som i 2002 arrangerte NM i skiskyting for menn senior. Det er tredje gongen ein nasjonal meisterskap i skiskyting er lagt til denne bygda. Skiskyting og skiidrett er viktig i Stårheim og bygdene rundt. I lys av nettverksomgrepet kan vi seie at dei verdiane som ligg i eit velfungerande og tiltrekkjande anlegg klarar eit nettverk av entusiastar lokalt å marknadssføre ovanfor det saksnettverket som avgjer kvar slike arrangement skal haldast. Døme på liknande prosessar kan vere arbeidet i Undredal knytt til utvikling og sal av Undredalsosten som eit unikt produkt. Nettverksarbeidet her vil vere å få aksept for produktet hjå kjeder, butikkar, næringsmiddeltilsyn osv.

3. Interne saksnettverk vert kopla til eksterne verdinettverk
Ein tredje læringsprosess kan vi forstå som samspelet mellom den kunnskapen eit saksnettverk i bygda har som vert etterspurt av ein ekstern marknad, eksterne organisasjonar eller nettverk av personar som set pris på nett denne kunnskapen eller resultatet av kunnskapen. Gardbrukarar som utviklar og leverer spesielle produkt til ein eksklusiv marknad som etterspør nett dette produktet; driftsformer som skapar unike kulturlandskap som vert spesielt sett pris av td. natur- og kulturentusiastar kan vere døme. Eit anna døme kan vere ei gruppe av gardbrukarar som har gått saman om å byggje ei hyttegrend som år etter år vert leigd ut til dei same tyske familiane.

4. Nettverksbygging som fører til at bygda held fram med å lære
I figuren ser vi ein samanheng der interne verdinettverk er kopla til eksterne verdinettverk. Ein annan måte å seie det på er å utvikle og behalde kontaktar som systematisk fører til vedlikehald av og påverknad gjennom koplingane til eksterne krefter som definerer og strukturerer røyndomen for bygda. Når bygdepolitikken endrar seg i kommunen, på fylkesnivået eller nasjonalt, må det vere nokon som evnar å sjå kva det kan innebere for bygda. Deltaking på slike møte som dette kan vere døme på slike prosessar.
Men slikt vedlikehald kan skje på mange måtar. Det er også tale om ei mental tilpassing til ei skiftande omverd. Grunngjevinga for kvifor bygda er til, kan endre seg. Og desse grunngjevingane kan vi vere med å skape sjølv. Måtane folk ser på bygda, og måten bygdefolket oppfattar seg sjølv er avhengig av gjensidige kontaktar og relasjonar mellom det indre livet og omverda. "Det gjer noko med deg når du høyrer naboen må snakke engelsk", sa ein informant. Ho sikta til uventa konsekvensar av å take i mot ein delegasjon frå utlandet som vitja bygda for å sjå på lokale utviklingstiltak. "Det å arrangere bygdedagar synte oss noko om oss sjølv, vi kunne, vi klarte det", sa ein annan.
Eit vellukka bygdeutviklingstiltak bør vurderast ut frå føljgande norm: I bygda er det mange som har den haldninga at det er lov å prøve seg og det er lov å feile. Dei dominerer ikkje i kraft av å vere i fleirtal, men i kraft av handlingane sine, kontaktane dei har og viljen til å stå på. Dei utgjer eit nettverk av folk med eit indre samhald som gjev gjensidig støtte samstundes som dei er omgjevne av eit større nettverk av personar i bygda som støtter opp om dei og stimulerer arbeidet deira gjennom positive haldningar. Like gjerne kunne vi sagt at dei var systematisk omgjevne av eit nettverk utanfor bygda som støtta dei og som gav positive tilbakemeldingar. Systematisk deltaking i slike samanhengar kan også vere med å byggje opp under ord, omgrep, bilete og positive bilete som held ved like og styrkjer bygda sitt sjølvbilete.

4. Mangesysleriet i nye utgåver?
Eg vart beden om å vere konkret i dette innlegget. Kva utviklingstiltak bør bygdene forsøke å gjennomføre? Det er med ei viss ulyst eg svarar på dette, men skal prøve likevel.
Kva betyr det at ei bygd ”forsvinn” eller ”døyr”?. På våre kantar betyr det ikkje fullstendig avfolking – slik vi har sett døme på i Nord-Noreg eller i andre land. Derimot betyr det at bygda vert integrert i eit større omland, og opphøyrer å eksistere som sjølvstendig samfunn folka der brukar som ramme for dagleglivet. Dette treng ikkje vere negativt – for alle, men det kan vere det. Lange reiseavstandar til skule eller barnehage er ikkje positivt for småungar, men kan aksepterast av ungdom som får ei utdanning dei elles ikkje ville fått, eller vaksne som får tilgang til ein større arbeidsmarknad. Det kan vidare diskuterast kva som er best av ein dyr og dårleg nærbutikk og ein god og rimeleg supermarknad i næraste kommunesenter. De skjønar tankegangen.
Uansett, for å tale om ei sjølvstendig bygd eller samfunn, må vi kunne peike på eit minimum av privat og offentleg tenesteyting som er retta inn mot å tene denne lokalmarknaden eller innbyggjarane i denne bygda. Og det er dette eg vil ta utgangspunkt i.
For mange år sidan vitja eg Kjerringøy i Nordland. Der traff eg ei tysk dame som hadde slått seg ned der som kunstnar. Ho fortalde om sitt liv i bygda, og nemnde mellom anna kor imponert ho var over karfolka der . ”Mennene her kan jo alt. Dei byggjer hus, reparerer båtar, er elektrikarar og røyrleggjarar”. Så hadde ho også gifta seg med ein bygdegut som sette opp eigen kunstnarverkstad til henne av furu han sjølv hogg og skar til, og murte gråsteinsveggar og gråsteinspeis til henne. Ho berre peikte og sa korleis ho ville ha det. Han kunne byggje det, for han var jo bygdegut. Ho hadde fått eit innblikk i det mange har påpeikt som eit særdrag ved småsamfunn. Folk må kunne mange ting; dei må vere mangefunksjonelle. På ein større stad er det rom for ei spesialisering folk i småsamfunna ikkje kan tillate seg.
I jobbsamanheng er fenomet også kjent som mangesysleriet. Det vil seie at ein livnærer seg av fleire aktivitetar, ikkje berre gjennom eit hovudyrke. Fiskarbonden er det klassiske dømet. Det er likevel langt mellom fiskarbøndene i våre dagar. Eg prøvde å finne ein i ein kommune nordpå i 1988. Det skulle vere ein fiskarbonde att, sa dei i kommunehuset. Eg fann han, men det synte seg han hadde overlete båten til sonen. Så det var det..
Det mangefunksjonelle og mangesysleriet er under press. Det er mange grunnar til det. Tilpassing til tekniske og faglege nyvinningar innan kvart fag, bransje og utdanning krev grunnleggjande fagutdanningar som i praksis gjer det vanskeleg å fungere som alt-mogeleg-mann. Eit lite døme på det er byggjeforskriftene som no gjer det vanskelegare for folk å byggje og byggje om husa sine. Det krev fagfolk som har alle papira i orden. Men kvar finn ein dei folka? I bygda spør ein ikkje om kven som har papira i orden når taket skal reparerast, men kven som faktisk kan dette.
Det vi kallar sentralisering – men som i regelen er økonomiske produktivitetskrav sett av eigarar av butikkjeder - eller staten – representerer store trugsmål mot bygdenes mangesysleri. Kravet om større økonomisk produktivet kan oppfyllast mellom anna gjennom auka spesialisering, men det krev i regelen større marknads- eller tenesteytingsgrunnlag som gjer at utkantbutikkane, småskulane, små barnehagar osv. vert for små til at det er grunnlag for denne forma for spesialisering lar seg gjennomføre. Nedlegging av småskular, utkantbutikkar, bankfilialar osv. og overføring av funksjonane til andre og større einingar framstår då som ei mogeleg løysing. Det er den same logikken som ligg bak framlegget frå NRK om å leggje ned redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane og å overføre funksjonen til Bergen. Ved å slå saman to redaksjonar, gjev det eit lite rom for innsparing, men også – på papiret – til ei spesialisering av oppgåver i den nye fellesredaksjonen. Generelle leiarstillingar kan omgjerast. Td ein redaktør og ein kontorassistent vert til tre journalistar. Den same logikken møter vi i framlegga om å slå saman kommunar. Ved å fjerne eit par rådmanns- og etatsjefstillingar frigjer ein midlar som kan nyttast til andre og meir spesialiserte oppgåver. Slik aukar ein – teoretisk – produktiviteten.
For bygder og småsamfunn er konsekvensane av ein slik logikk velkjent. Det fører til ei utarming av funksjonar både i form av tapte tenester og arbeidsplassar. Går slike prosessar for langt innber det ei generell tømming av funksjonar som gjer at vi ikkje lenger kan tale om sjølvstendige samfunn med rimeleg grad av dei tenestetilbod folk og næringsliv er avhengige av.
Er det mogeleg for ei bygd å motarbeide slike trekk? ”Bygdeutvikling” i brei meining kan vere ein strategi. Det kan td. innebere å delta i den typen politiske prosessar som dette møtet er del av. Ein annan strategi kan vere å forsøkje å byggje på dei særdrag og fortrinn som småsamfunn faktisk har. Professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda har i eit innspel til KS i Sogn og Fjordane gjort framlegg om ein måte småsamfunn og utkantbygder kan forsøke å bryte dei destruktive sentraliserings- og spesialiseringslogikkane som trugar dei. Framlegget hans er at utkantbygder bør forsøke å etablerte ein sams organisasjon som tek ansvar for både barnehage, skule og dagomsorg for folk med ymse handikap. Ein slik organisasjonen må ha fridom til å organisere verksemda på heilt andre måtar enn dei kommunale organisasjonane som gjer dette i dag. Amdam sitt framlegg er å organisere verksemda som eit kooperativ bygdefolket eig i fellesskap, og der kommunen og andre kjøper tenester frå den. Skulen må stå sentralt i ein slik organiasjon, og ein må satse offensivt på IKT-basert undervisning i spesialemne slik at ein kan møte kravet om spesialisert undervisning gjennom bruk av teknologien og ikkje gjennom oppretting av nye stillingar kommunen eller bygda likevel ikkje har råd til.
I ein slik generell velferdsorganisasjon må og kan frivillige lag og organisasjonar spele ei stor rolle. Dei kan inngå som eigarar, eller dei kan inngå som leverandørar av tenester. Poenget er at ein må klare å organisere dei ressursane bygda samla rår over på ein slik måte at ein kan motverke sentraliserings- og spesialiseringstyranniet på ein proaktiv måte.
Tilsvarande må ein kunne tenkje seg at lokale butikkar og andre tenesteytande verksemder vert styrkt gjennom fleirbruksløysingar som byggjer opp under den samla verdiskapinga i bygda. Når nærbutikken er eigd av eit fellesskap i bygda, burde den også kunne utføre oppgåver for bygda som går ut over sal av enkle matvarar. Post-i-butikk er ikkje noko dum løysing. Eg skulle gjerne sett fleire slike løysingar for oppgåver det offenlege har ansvaret for, men som ikkje vert løyste på nokon god måte for bygdefolk i dag. Personleg har eg aldri sett det prisverdige i at busette i utkantane må reise land og strand rundt for å handle på vinmonopolutsal som fungerer som handelsmagnetar for regionale sentra og byar. Kor vart det av ideen om minipol? Ein annan ide er å kombinere butikk og biblitekfilial. Kvifor skal bibliotekfilialen vere knytt til skulen og ha ope to timar i veka når den kan vere knytt til butikken og vere open like lenge som den?
Det er ikkje gjeve at framlegga her er dei rette. Det eg likevel er overtydd om, er at bygdesamfunn treng felles, overbyggjande organisasjonar/institusjonar som kan handtere sosiale og økonomiske endringsprosessar for bygdefolk på nye måtar enn i dag. Det må vidare vere nokon som evnar å presentere alternative løysingar for offentleg og privat tenesteyting når staten trekkjer seg attende frå ansvaret for småsamfunna og kommunane vert sett ut av stand til å gjere noko der staten sviktar.
Det var dette eg likte så godt med BU-programmet i Sogn og Fjordane: Bygdene fekk pengar på så frie vilkår at dei var i stand til å gå inn i roller der dei vart i stand til å organisere andre til felles beste for bygda.
Det handlar om å organisere mangesysleriet og det mangefunksjonelle i nye former.

5. Utsyn: Den moderne bygda i verda
Når eg i intervjua spurde leiarar av bygdeutviklingslag som hadde delteke i BU-programmet kva dei prøver å gjere med bygda, vart svara ofte vage og usikre. Ikkje fordi desse folka var usikre, men fordi omgrepa og ideane vi nyttar for å forstå notida og framtida ikkje alltid er like klare som dei vi nyttar om fortida. For meg verka det likevel nokså klart at bygdeutvikling for bygdeutviklarane mellom anna dreier seg om å leite etter ein ny ståstad for bygda i ei tid der vi opplever både eit sterkt ideologisk skift i korleis landsbygda normativt vert vurdert, og teknisk/økonomiske endringsprosessar som undergrev det vi meiner er tradisjonelle livs- og arbeidsformer av verdi for oss. Men slike prosessar er historisk sett ikkje noko nytt, og omstillingsprosessar er alltid vanskelege for dei som deltek. Når ein skal orientere seg i slike prosessar, trur eg bygdeutviklarar med fordel kan tenkje om bygda i verda på to måtar:
For det første; kva er det som er ”bygdeutvikling” i dag, mot kva det var i går? Eg har her eit døme frå eit finsk tidsskrift om bygdeforsking og bygdepolitikk. Forfattaren har prøvd å syne korleis ulike generasjonar av ”bygdeutvikling” har avleira seg som ulike lag av aktivitetar i bygdene.
I den finske samanhengen var moderniseringa av skogbruket og mekaniseringa av familiebruket og oppbygginga av velferdstenestene og kommunane viktige utviklingstrekk på 60- og 70-talet – som det var hos oss. I dag talar vi på lik line med finnane om det prosjektdrivne utviklingsarbeidet. Det er mange som ikkje likar ”prosjekt” og ”program”, men det er viktig å tenkje seg dette som arbeidsformer tilpassa ei anna tid enn det som skjedde då familiegarden vart modernisert, eller då velferdsjobbane kom til bygda. Ein beskrivelse av bygder i dag, ville gje eit bilete som ikkje var så langt frå den finske: Vi ville finne både pensjonistar, flyktningar frå byen, særingar som vil bu åleine og drive med ting ingen andre bryr seg om, folk som arbeider med privat tenesteyting og reiseliv, vi ville finne nye former for tenesteyting, småverksemder av ymse slag side om side med hypermoderne gardsbruk – ein ung bonde driv fem-seks gardar – firma som driv ut skog på kontrakt osv, osv. Og vi vil finne deltidsbønder, hobbygardsbruk osv, sjølv om staten gjennom landbrukspolitikken trur dei kan klare å utrydde slikt. Vi ville mao finne ei breidde i aktivitetar som bygdas strategiar for utvikling må ta høgde for.
For det andre: Dersom det kan vere noko trøyst, er norske bygder og bygdeutviklarar i godt selskap når dei prøver å finne nye ståstader for lokalsamfunnet sitt. Det vi kallar ”urbanisering” er resultatet av sosiale og økonomiske prosessar som råkar bygdesamfunn over heile verda. Reiste vi til midtvesten i USA, til Hebridane, til landsbygda i Polen eller øyane i Egeerhavet, ville vi møtt den same uroa over ungdom som reiser til byen, over endringar i landbruket og om svekka lokalsamfunn. Det er djupe og tunge politiske, demografiske, tekniske og økonomiske drivkrefter som fremjar flyttinga av folk og aktivitetar mot ”sentrum”. Dette fører til at det er mange bygdefolk rundt om i verda som er opptekne av dei same prosessane. Leitinga etter ei ny framtid har alle desse bygdesamfunna felles.
Vi har ein tradisjon her i landet som inneber å rope mot sentrum etter løysingar. Kanskje bør vi heller tenkje på andre måtar? Er det mogeleg å tenkje seg alliansar og kontaktpunkt mellom regionar, utkantar og småsamfunn andre stader i verda – i alle høve i Europa og Norden?
Kva skulle det i så fall komme ut av det? Ein av dei viktigaste grunnane trur eg er å halde tritt med ungdomen. Både gjennom media, skuleverk, arbeidsliv - og ikkje minst ein ungdomskultur som i stadig sterkare grad vert globalisert – vert det viktig i framtida å skape haldningar i bygdene som gjer det mogeleg for ungdom mentalt å vere både lokal og global. Mange stader klarer dei det – gjennom td. internasjonalt orienterte verksemder. Blir det likevel for stor kulturell avstand mellom heimbygda og omverda, er det omverda som vinn. Mellom dei tinga vi bør leite etter hjå andre bygder og utkantstrøk er kva haldningar som skapar oppslutning og framtidsvon mellom den moderne bygdeungdomen. Kan vi finne måtar å plassere bygdene våre i ein global samanheng som gjer dei til vinnarar om ungdomen? Eg berre spør – men veit ikkje svaret. Men eg trur ikkje svaret ligg i fortidas utviklingsstrategiar. Ein annan grunn til å vere internasjonalt orientert ligg i leitinga etter praktiske løysingar på dei tenesteytings- og velferdsutfordringar bygdene står overfor. Finnst det andre løysingar for organisering av skular, barnehagar, butikkar og andre offentleg/private tenester enn dei vi er vane med? Er det i andre lands utkantar utvikla modellar vi kan lære av? Heller ikkje her veit eg svaret – eller kor vi skal leite etter det. Det er bygdeutviklarane sjølve som må finne svaret.
”Det gjeld å sjå muligheitene” framover, var tittelen eg fekk oppgjeve for dette innlegget. Er eg då optimist med tanke på framtida for norske bygder og småsamfunn? Både óg. For det først trur eg mykje er opp til bygdene sjølv. Dersom dei vil ha ei framtid, og klarar å løfte i flokk, skape optimisme og framtidstru har dei ei framtid. Ho kan sjå ut på andre måtar enn i dag, men absolutt ei brukbar framtid. For dei som klarar å halde motet oppe, er eg med andre ord optimist. Eg er derimot pessimist med tanke på dei bygdene som berre fokuserer på folketal, og ikkje klarar å lausrive seg frå det teljetyrraniet som sler fast at ein unge frå eller til er avgjerande for skulen eller barnehagens framtid. Dei som ikkje klarar å utvikle robuste modellar for privat og offentleg tenesteyting som i større grad er immune mot ”delingsmodellar” og minimumskrav til omsetnad, vil bli integrerte i større samfunn og opphøyre å eksistere som sjølvstendige bygder.