Bygdeutviklingskonferansen 2002

EIN STOR DAG FOR BYGDENE

Bygdeutviklingskonferansen 2002 på Ytre Stadlandet laurdag 31. august må kunne kallast eit gjennombrot for bygdeutviklingslaga og det arbeidet som Kompetansebygder i Nordfjord har gjort dei to siste åra.

Øyvind Glosvik sitt utsyn var ”den moderne bygda i verda”, Fylkesbanken sin visjon er klart samanfallande med bygdeutviklingsarbeidet og Distriktsopprøret går gjerne nye vegar saman med grasrota!

70 – 80 personar var samla i Ytre Stad Grendaskule, og stemninga i salen var prega av det positive og kreative. Heile Sogn og Fjordane står samstemde bak begrepet bygdeutvikling. Bygdeutviklingslaga i fylket har dei siste åra vakse fram til å bli ein ny institusjon som høver for dagens samfunn. Laga arbeider prosjekt, er handlingsretta og resultatorienterte. Arbeidsforma er nettverk.

Gunn Helgesen, Øyvind Glosvik, Arvid Andenæs og Per Kjelstad presenterte spennande innlegg med konkret og målretta bodskap:

Ordførar i Selje, Gunn Helgesen, tok fram positiv tenking, marknadsføring av kvalitetar, identitetsskaping og ”grunderånd” i bygdene - det motsatte av det som vert sett på dagsorden i media frå sentralt hald – at bygdene er passive mottakarar av overføringar. Bygdeutviklingslaga har vist evna til å sjå mogelegheiter! Øyvind Glosvik som er tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har evaluert Bygdeutviklignsprogrammet i Sogn og Fjordane og Levande Bygder. Han meinte bygdene ikkje burde vere så opptekne av folketal, men organisering av dei samla ressursar eit bygdesamfunn rår over med tanke på livskvalitet. Han peika på mangesysleriet i nye former der bygda sjølve driv den generelle velferds- og opplæringsorganisasjonen og fleirbruksbutikken. Glopparen Arvik Andenæs som har vendt ”heim” for å drive Fylkesbanken heldt eit glødande innlegg om fylket sine mogelegheiter og var innom alt frå utdanning av politikarar til eit klart ja til å støtte bygdene sine prosjekt.

Fylkesbanken
























Han viste til tallmateriale og statistikkar laga av Vestlandsforsking som dokumenterte fakta i fylket vårt. Ei av dei viktigaste utfordringane våre er å byggje og halde på kompetansen og unge kvinner.
Ordførar i Gaular, Per Kjelstad, har leia Distriktsopprøret i fylket. Han er no styremedlem i distriktet.no, og ser at den nye organisasjonen både må spele på det positive, men også ta til motmæle og setje dagsorden med gode eksempel frå
distrikta.

Ytre Stadlandet Utviklingslag hadde den praktiske gjennomføringa av konferansen og stod fram som ei velorganisert vertsbygd. Marita Aarvik leia programmet. Heimelaga fiskesuppe og kaker set sin spiss på arrangement i bygdene. Det var lagt inn lange og gode pausar med tanke på nettverksbygging og tid til å kike på presentasjonane av Nordfjordbygdene frå inst til ytst.
Kompetansebygder i Nordfjord v/Inger Langvik innleia debatten med å setje søkelys på ein del utfordringar, godt illustrert av lokale eksempel. Ho sa tydeleg frå om at orda overføringar til distrikta måtte erstattast med ordet rettferdig fordeling.
Mogelegheitene er mange om vi vågar tenkje nye tankar og setje tiltak i verk før det er for seint. Her må vi snakke med kvarandre i staden for å kappe hovudet av politikarane våre. Informasjon og argument bør bli den nye arbeidsmetoden. Selje-politikaren Åge Starheim styrte ordskiftet. Alle utviklingslaga fekk høve til å presentere seg og stille spørsmål til panelet som var sett saman av følgjande:

BU2002 - ordskifte















Fylkesjordsjef Christian Rekkedal
Fylkesdirektør Magne Skår
Stortingsrepresentant Magne Aarøen
Representant for DagenDin Tor Åge Berglid
Fylkesutvalsmedlem Liv Signe Navarsæte
Distriktsopprørsleiar Per Kjelstad
Samfunnsvitar Øyvind Glosvik
Hovedutval for Regional utvikling Margreta Navelsaker
Næringslivsrepresentant banksjef Arvid Andenæs
Kommunerepresentant Knut Åland
NordfjordrådsrepresentantGunn Helgesen

Salen hadde mange synspunkt, men færre spørsmål. Dette vart tolka i beste meining; at bygdene eigentleg visste kvar dei ville om dei fekk vilkår og rammer. Stadig trussel om nedlegging og sentralisering er feil bruk av krefter. Vegsamband vart trekt fram både av utviklingslaga i Innvik, Hornindal, Kolset krins og Utvik.
Poenget må vere at auka løyvingar i seg sjølv ikkje alltid medfører løysingar, men det er korleis vi brukar pengane som er utslagsgjevande for raske og konkrete resultat. Dersom bygdene hadde fått tilskot til gang- og sykkelvegar tilsvarande skogsvegar kunne mange born fått ein tryggare skuleveg.
Kompetansebygder i Nordfjord stillte eit konkret spørsmål til alle i panelet om korleis ein såg føre seg samarbeidet vidare. Fylkesmannen legg opp til støtte til ei årleg bygdesamling på omgang mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn der Nordsida er først ute til neste år. Fylkeskommunen peika på fylkesplanarbeidet,
DagenDin har laga publiseringssystem og gjeve bygdene tilbod på tilknyting.
Høgskulen i Sogn og Fjordane arbeider etterkvart meir med saker av interesse for bygdene, og peika på at Høgskulen i Volda hadde utdanning som kunne høve for bygdeutviklarar. Nordfjordrådet skal til med ei utgreiing om interkommunalt samarbeid, og det vert eit tema på Nordfordkonferansen om bygdene skal vere eit satsingsområde.

Dersom alle gode krefter no inkluderer bygdene og ser på verdiskapinga som skjer som ein viktig ressurs og målbær dette i ulike fora så gjev det håp og optimisme framover!

Tida vart så knapp at vertsbygda ikkje kom til orde med sin presentasjon, men dei som ville fekk høve til ein rundtur til Ervik, Vestkapp og Honningsvåg før bygdekvelden med lokale underhaldningskrefter – musikk, song, rim og skjetsjar.
BU - Ervik

















Nokre få utviklingslag tok imot invitasjonen om overnatting og omvisning og orientering om kringsminnesmerka ved Hovden og den vakre kyrkjegarden i Ervik frå 1500-talet.




01.09.2002
Rønnaug Leite


Foto 1: Banksjef Arvid Andenæs hausta fleie pontanapplausar under sitt innlegg.

Foto 2: Inger Langvik sette ein konstruktiv spiss på aktuelle problemstillingar for panelet og deltakarane i salen.

Foto 3: Torill Bennæs frå Innvik og Anne Karin Eriksen frå Utvik brukte helga godt på Ytre Stadlandet og fekk med seg både fag og kultur!