Bygdeforum 2003

Ca. 90 bygdeutviklarar, administrasjon i kommunar og fylkeskommunen, folkevalde, media og andre møtte ein fint pynta haustsal med plommer på borda og luka av kaffi og Sagedamsbrød. Dette er brød som er steikt i vedfyrt bakarovn ved Sagedammen på Ulvedal.

Ordførar i Stryn, Nils Petter Støyva, helsa velkomen til Stryn i ord og bilete, og landbruksdiretør Per Ingolv Nygård informerte kort og greit om komuneretta landbrukssatsing. Dette er ei demokratireform frå 1.1.2004 der miljø- og skobruksmidlane vert overført til kommunane. Og han såg føre seg at kommune/utviklingslag vart meir avhengige av kvarandre som følgje av dette med tanke på planlegging og tildeleing av midlar.

Distriktskommisjonen sin representant, Liv Signe Navarsete, var med på Bygdesamlinga i fjor på Ytre Stadlandet, og gav uttrykk for at var glad for å møte att dei optimistiske bygdene som har tru på framtida. Ho var inne på mange vesentlege spørsmål m.a. definisjonen av distrikt. Småsamfunns-senter, distriktet.no, distriktsombod er element som kan bidra til sterke, synlege og stolte lokalsamfunn også i framtida.

DistriktskommisjonenVi kan ikkje akseptere skeivfordeling, meiner Liv Signe Navarsete som også peikar på meidia si fokusering. Ho vil gjerne ha god dialog med bygdene i arbeidet i distrikskommisjonen og helsar innspel velkomne!



















Den ”raude tråden” i årets samling var nærings i bygdene, og ”Hytter som næring” ved Pål Haugstad frå Ringebu var ein viktig programpost. Haugstad la vekt på ærlegheit, åpenheit, humør, respekt, engasjement og evnen til å lytte for å lukkast i forretningssamarbeid med andre. Store beløp var investert, og målet var å ta ut meirverdi frå a til å. Han peika på drift av området og ettermarknad (reingjering, ved, brøyting osv.osv.)

Lukta av sosekjøt fortalde at no var det middag, og alle som var spesielt interessert i temaet hytteutbygging fekk sitje til bord ute på skuleplassen saman med Pål Haugstad.
Pål Haugstad

















Nordsida Næringsstove presenterte seg gjennom ein rykande, fersk, sjølvlaga video. Den viste at ein kan få ordna ferdig bygg frå a til å gjennom verksemdene i næringsstova. Og eit vellukka sal vert feira med ikkje noko ringare enn hoppemelk. Veldig bra!!!





Eli Grete HøyvikRådjgevar Eli Grete Høyvik tok oss med ”På skattejakt i Bygde-Norge”. Intepretasjon er henta frå Skottland og er ein kommunikasjonsprosess for å få fram lokal identitet og eigenart.
Ho inviterte også til høgskulekurs med same tittel 1. halvår 2004.





















Bjørn VollstadINFAMNA er eit nytt ord som vi fekk lære under Bjørn Vollstad sin programpost ”Motivasjon og samarbeid i bygdeutvikling”. Det tyder noko så viktig som Ikkje Mottakeleg For Andre Menneskers Negative Adferd. Hans råd til oss var å bruke positiv tankegang og minnte oss på at også andre har eit hjarte; dvs. leggje vekt på å få fram kva betyr det vi ynsker å få gjennomført for andre?

















Torill Callsen frå Stranda tok føre seg ”Felles marknadsføring av bygdene” og viste til Østerrike som eit godt eksempel. Kunsten vert å produktorganisere og lage ”pakkeløysingar”.
Ho framheva også distribusjon av bodskapen som viktig.




Politikarane fekk ordet, fekk svare på spørsmål og fekk sluttord i høve valet i haust.
Paneldebatt








Bygdeforum 2003 vart oppsummert av landbruksdirektøren.
Og tilbakemeldingane tyder på at det har vore nok ei vellukka bygdesamling der ein reiser heim med stort ”påfyll”.
- Og vi veit at vi samlast i ei anna bygd i fylket neste år!


Det var også svært gledeleg å reistrere tilreisande deltakarar heilt frå Bjoa og Etne.

Tilreisande deltakarar



















Og at Fylkesbanken som har støtte www.bygdeutvikling.no som eit prøveår stillte opp så sterkt var ei stor oppuntring!

Fylkesbankteltakarar



















Ordførar Nils Petter Støyva bur på Nordsida, og han tok med interresserte tilreisande på omvisning i Kulturløypa på Ulvedal. I tillegg var det ope hus i Nordsida Næringsstove.

Kl. 20.00 var det rømegraut ved Sagedammen, og Bergljot var på plass på ”gamlebutikken” i Høvleriet.

Kl. 21.30 heldt Fjøgl utekonsert frå hellaren i Lunden. Lys, lykter og faklar laga ei stemning som berre må opplevast.





Bygdene takkar for ein framifrå dag!

24.08.2003 – Kompetansebygder i Nordfjord v/Rønnaug Leite