- Lov å tene pengar på utmarka

- Det må bli aksept for å tene pengar på utmarka. Gardbrukarar treng fleire bein å stå på. At så få prøver, kan tyde på at vi har det for godt, seier Pål Haugstad.


Skrevet av: Bengt Flaten (søndag, 24. august 2003 23:34)

Han prøvde både å provosere og vise veg, Pål Haugstad då han vitja Bygdeforum 2003 på Rand i Stryn laurdag føremiddag. Nær 100 deltakarar fann vegen til ein av dei desiderte utkantar av Stryn, der nettopp ulike formar for bygdeutvikling var tema. Bygdeforum vert arrangert årleg, og alternerer mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
Haugstad er gardbrukar som har lukkast med hyttebygging som attåtnæring.
Ettermarknad
- Punkt ein er at ein må vere villig til å sleppe folk inn i utmarka si. Du kan ikkje verne om fiskevatnet ditt eller jaktretten din dersom du vil tene pengar på andre ting enn det tradisjonelle landbruket. Sel du hytter, anten i form av ferdig konsept eller ved å leggje ut tomter, bør du også ha eit tilbod i tillegg. I bilbransjen heiter dette «ettermarknad», sa Haugstad.
Han orienterte om ulike måtar å leggje til rette for hyttesal. Grunneigaren kan velje å levere nøkkelferdig, eller vere råleverandør berre av tomta. Innteningspotensialet er størst ved å gjere mest mogleg sjølv. Men denne varianten krev også mest eigenkapital.
Kremmarhaldning
- Bønder må tenkje nytt og annleis. Vi må sjå oss om etter kva som er mogleg, ikkje kva som er problem. Det handlar om å utnytte det unike i det enkelte område. Vi må få kremmarhaldninga i blodet. Vi må bli serviceinnstilte, og vi må knyte til oss den kompetansen vi ikkje har sjølv. Dessutan er det viktig å leggje planar. Det nyttar ikkje starte før ein har orden i både planar og papir, poengterte Haugstad.
- Ærlegheit, openheit, humør, respekt, engasjement og evne til å lytte er viktige stikkord. Kan du ikkje svare ja på alt dette, kan du la vere å starte noko som helst, avslutta han. Og fekk i alle fall humør og engasjement tilbake frå deltakarane.