Gratisarbeid gjenreiser bygda

30 FYLKESBAROMETER • SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE OG SND 30

Den som berre stikk innom utkantbygder som Oldedalen, Svanøy, Hyen, Jostedalen, Bulandet
eller Hopland, blir stor og spørjande i augene. Vegen er smal, ferja går sjeldan, gardane er bratte
og små. Likevel byggjer folk hus, ungdom flyttar tilbake og bedrifter blir etablert. Det verkar som
folket her ikkje har forstått at dei har alle odds mot seg, og at framtida ligg i urbane, sentrale
strok med kaffelatte og siste mote.

Eller er det nettopp her vi finn den sterkaste sjela i Sogn og Fjordane? Er det nettopp her i den
ytterste utkant vi finn kraftkjeldene for framtida? Ein kan lure når ein ser kva trendforskarane er
opptatt av. Dei har nemleg peika ut frivillig sektor som den viktigaste krafta for samfunnsutvikling
i vår tid. Og vi som trudde det snart var avlegs med lagsarbeid, dugnad og kvinneforeiningar.

La oss stogge ei staka stund på Nordsida
i Stryn kommune. Her på platå og
i brattbakkar over Nordfjorden ligg
småbygdene på rekke og rad: Fjelli,
Blakset, Randabygda og Hopland. 650
menneske har nærast klora seg fast
og tviheld på gard og grunn. Spør du
om kvifor dei held ut på så små og
tungvindte bruk, smiler dei vennleg og
litt overberande som om du ikkje har
forstått meininga med livet.

Norgesmeister i dugnad?
Skulle du derimot tilfeldig spørje om
dei store hoppbakkane eller kulturdagane
i bygda, slepp du å spørje meir.
Ordet dugnad går igjen i annakvar setning.
Du innser det etter kvart. Du
står overfor dei som må vere norgesmeistrar
i dugnad. Eller menneske
som ikkje nøyer seg med å søke, be
og krangle med offentlege system og
vesen. Dei tek skeia eller rettare sagt
spaden i eiga hand og får framtidsforskarane
til å sperre opp augo.

Gratisarbeid for 4 millionar
Det er berre å ta av seg hatten: Då vi
spurde leiaren i Nordsida Utviklingslag,
Reidar Sørland om tal på dugnadstimar
i desse bygdene, gav han
ordre til ein ny liten dugnad: Tel opp!
Leiarane i ungdomslaga, bygdekvinnelaga,
idrettslaga, velforeiningane og
skyttarlaga sette seg kjapt til med kalkulatoren
og kom opp med følgjande
kvalitetssikra sum: 35.880 dugnadstimar
pr år dei siste åra.
Sidan vi grovt sett reknar eit årsverk
til 1800 timar, utfører innbyggarane
på Nordsida ca 20 årsverk aldeles
gratis, og då er ikkje innsatsen
rundt dei mange arrangementa og
basarane rekna med. Med ein timesats
på 110 kroner kjem gratisarbeidet
i desse småbygdene opp i rundt 4
millionar kroner i året. Under JuniVM i
Stryn i februar stiller 200 frivillige frå
Nordsida opp ei heil veke. Berre den
Mange driv eiga bedrift på Nordsida og har fått kontorfellesskap i Nordsida
Næringstove. Mykje av fritida blir brukt til dugnad og arrangement i kulturløypa
på Ulvedal.

Og hitvil folk flytte?
– Vi flytta frå Stavanger fordi mannen
min arva ein gard her på Fjelli.
Men når vi valde å ta steget, var det
også fordi vi såg at her skjedde det
mykje, folk virka aktive, blide og positive.
Det har halde stikk. Anten har
ikkje bygdedyret slått seg ned her,
eller så er det ei kraft som held det i
sjakk.

Næringstove
Denne oppdaginga kjem frå stavangerjenta
Inger Langvik. Ho er arkitekt og
har inngått kontorfellesskap med 8
andre småbedrifter og fått i stand
Nordsida Næringsstove. Rundt henne
er det byggingsingeniør, kunstnar, webdesignar,
rekneskapsførarar, byggekonsulent
og fabrikkarbeidarar.
Saman dannar dei eit næringsmiljø
som inspirerer og utviklar kvarandre.
Og no har også mannen til Inger, Ivar
Bergset, fått «heimekontor» i næringstova.
Herifrå leier han 12 tilsette i eit
tryggingsfirma i Stavanger.

Liv-Ingrid Iversen Rand er ei anna
innflyttarkvinne som tok spranget frå
Holmedal til Randabygda då kjærleiken
kalla.
– Eg hugsar det var rart å oppdage
at grannane stod fyrst på gjestelista i
bryllaupet vårt. At dei var viktigare enn
slekta var utenkeleg for meg. Men slik
er det her, og eg har etter kvart forstått
kvifor. Det er grannane vi treng
mest og har eit nært forhold til. Der eg
bur er det framleis skikk at grannane
pyntar kyrkja ved bryllaup. Når nokon
døyr i bygda hjelper grannekonene til
på kjøkkenet ved minnestunda, mens
grava er karane sitt ansvar sidan gravplassen
er så bratt at gravemaskin
ikkje kjem til. Det gjev ein heilt spesiell
fellesskapskjensle.
Flottast i fylket
Kanskje er det denne limen, denne fellesskapen,
denne krafta som har
utretta «under» på Nordsida? Bygda
har i dag det flottaste hoppanlegget i
fylket med både ein 70 og 90-metersbakke
og mange småbakkar. Millionar
i tippemidlar, ja vel, men også 4000
registrerte dugnadstimar. Her og i
Markane skal Junior-VM gå av stabelen
i februar. Eit kjempearrangement
som vil legge att fleire millionar kroner
i heile Stryn kommune.
Ein kan saktens spørje kva desse
bygdene skal med moderne hoppbakkar.
Drivkraft og anleggsleiar for prosjektet,
Ola Ødegård, har høyrt spørsmålet
før:
– Vi hadde innsett at vi sjølve måtte
ta eit krafttak for å hindre nedbygging
og fråflytting. Dette var sjansen som
baud seg då Stryn fekk NM på ski. Vi
greip han og fekk ein ny motor og ein
ny magnet i bygda.

Aktivitetssenter
I tilknyting til hoppanlegget har dei
driftige brukt utruleg mange dugnadstimar
på bygging av kafe, garderobeanlegg
og sengeplassar. Huset har blitt
senter for Stryn Leirskule som tilbyr
elevar frå Bergen til Ålesund aktive
timar i naturen. Og vil du ha søndagsmiddag,
får du han her. Kokt på dugnad,
sjølvsagt, for å skaffe kontantar
til senteret.

Kulturløype
Ei anna smaksoppleving er sagedamsbrød,
steikt i vedfyrt omn og bakt
av mjøl, malt i gamle, restaurerte
kvernhus. Heile vassmiljøet på Ulvedal
med restaurert oppgangssag, renner
og kvernkallar har blitt eit vakkert
kulturminne og ein viktig møteplass.
Også her ligg det statskroner bak,
men ser du etter, vil du fort oppdage
at slikt handtverk får du ikkje for
pengar. Her ligg eigarskap og sjel i
arbeidet. Hallvard Almenning åleine
har lagt ned opptil 500 dugnadstimar i
året i det flotte anlegget.
– Vi har hatt kulturdagar ved sagedammen
og masse folk på besøk. Det
skal vi fortsette med, men vi må
vidare. Vi må frå dugnad til næring,
seier Inger og får støtte av Liv-Ingrid:
– Kassaapparata må opp for å
skape fleire arbeidsplassar.

Turisme
Turistane er på veg inn. I sommar har
fleire busslaster oppdaga «Panoramavegen
» og kulturløypa med vetestove,
kvernhus og oppgangssag. Det har
4H-ungdommane utnytta på kafeen
sin på Hopland. Husflid for 120.000
kroner og kaffi og kaker for 50.000
fortel at kremarånda er på plass.

Hestemjølk
Eller kva skal vi seie om hestemjølka
frå Fjelli. Den har snart gått verda
rundt via TV-skjermen, og den unge
gründeren, Berit Bergset sel unna alt
ho produserer av dei helsebringande
og melonsmakande dropane frå 10
hestar.
– Den er også fin som kaffimjølk,
eller hoppelatte, smiler Berit.

Revy
Tre unge menn frå Nordsida hadde
kassasuksess i Stryn sentrum i sommar.
Dei skreiv tekstar og songar og
køyrde revy for fulle telt under tittelen
«Sommarglade Stryn.» Kreativitet og
kunstar på scena har dei lært i 4H og
ungdomslaget heime.

Frå dugnad til næring
Frå dugnad til næring er mange opptatt
av på Nordsida. Mange unge har
flytta tilbake til nedlagte bruk. Nye hus
har skote opp i fleire byggefelt. No vil
dei skape fleire inntektsbringande jobbar
i utkant-Norge.
– Vi har invitert fylkesmannen og
fylkeskommunen til diskusjon, sjølvsagt
i håp om prosjektmidlar. Vi kan
ikkje berre vente på gründerar. Dei er
det eigentleg få av. Vi kan setje mykje
av det vi har lært gjennom dugnadsprosjekta
om i kunnskap og forretningsidear.
Mellom anna kan vi lage
malar og program for gode arrangement,
seier Inger.
Kanskje ho og kollegane også kan
dokumentere kva dugnad og samarbeid
betyr for trivsel og livskraft? Kanskje
er det denne krafta som har overtydd
politikarane om at det er på tide
å bygge veg frå Hopland til Hennebygda?
Arbeidet startar i haust og dermed
blir det like snart for folk på Nordsida
å reise til Nordfjordeid som til
Stryn.

Og fleire vil oppdage det frivillige
kraftsenteret i Nordfjord.
4H-ungdommar på Nordsida driv kafe
i bygda. Her lærer dei både bakekunsten
og god forretningsdrift. Totalt i
fylket har 4H fem gongar så høg medlemsfrekvens
som på landsbasis.