Den Norske Bygda og Den Store Verda

Om lokal utvikling i ei global tid.

Dag Jørund Lønning
Forskingsprogrammet Trademark Telemark
Telemarksforsking Bø:

"Det er lokalt ressursane finst; menneskelege, kulturelle, naturbaserte. I kulturøkonomien, er det i menneskeleg kunnskap og tradisjon kimen til ny utvikling ligg. Det me har og det me kan lokalt, må liggje i botnen for å få til ei positiv kulturell og
økonomisk utvikling."

Fokus og konsentrasjon må flyttast frå det me ikkje har til det me har.
Eit nytt og positivt språk om bygda må utviklast.



I mange år no har både utviklingsmål og strategiar vorte definerte utanfor det lokale. I rolla som råvareprodusent har bygda stått meir og meir ribba tilbake, ettersom funksjonar knytt til foredling og omsetjing, og ikkje minst makt og styring, har vorte sentraliserte. Aukande import har ikkje gjort stoda betre.

Slik sett er ein tvinga til å ta meir av kontroll og foredling attende for å kome styrkja inn i framtida. Her trengs det såleis nye blikk, nye idear, og nye grep.

Individualiseringa av samfunnet flyttar fokus over på lyst, interesse og fri vilje.

Bygda må gjerast spandande utifrå trendar i samtida. Me må få fram det som er spesielt med bygda. Det bygda har som ikkje byen har, det vår stad har som ikkje naboen har.

Me lever i eit konkurransesamfunn. Me tevlar om marknader, men også om å fanga einskildmennesket si interesse. Det stillest aukande krav krav om å vere synleg, om å ha klare bodskapar, klare stategiar og klare mål.




Det nye hamskiftet.

Frå moderne industrisamfunn til postmoderne opplevingssamfunn.

Dag Jørund Lønning (utdrag)

Overgangen frå det tradisjonelle bondesamfunnet til det moderne, industrielle samfunnet der bygdene vart råvareleverandørar og arbeidskraftprodusentar, er gjerne kalla "det store hamskiftet". I løpet at desse 50 åra har me utvikla oss frå fattigdom til overflod. Det kollektive har vore i fokus. Medan det gamle bondesamfunnet på mange vis hadde vore ei total ramme for menneskelivet, vart bygda, som ledd i industrialisering og modernisering, gjort om til produksjonssatelitt. Gardar har vorte nedlagde i tusental, og bygdene har blitt tappa for folk - trass i at Norge på mange vis har ført ein svært proteksjonistisk landbrukspolitikk. Me er på veg ut av det moderne samfunnet og inn i det me kallar det "postmoderne", og det postmoderne mennesket tenkjer annleis, har andre verdiar og andre krav. Postmodernitet: Val, individualitet, endring. Det postmoderne uttrykket dukka opp i samtidsdebatten eit par tiår attende og framheva protesten mot framstegs- og utviklingretorikken, mot eit samfunnssett der ein hevda einskildmennesket sin kreativitet og individualitet vart borte i det planlagde og føreseielege. Frå kollektivisme til individualisme; det å realisere seg sjølv - er dei unge i dag sine tankar om framtida. Ein må rett og slett mindre i dag! Når mange unge flyttar bort frå bygda, går dette på verdi- og interesser, ikkje tvang. Den beste måten å rekruttera nye menneske i eit samfunn som vårt, er å leggja vekt på dei positive sidene ved staden og produktet. At det faktisk flyttar mange til bygdene høyrer vi lite om, for massemedia har byen som utgangspunkt for det postmoderne liv. Såleis kan bygda ikkje framstå som eit produkt for massane, men har godt utgangspunkt for å tevla om nisjemarknaden (og dei menneske som er så lure at dei ikkje let seg forføra av massane?). Bygda må fremjast og "seljast" i eit språk som menneske i dag skjønar og kan idenitifisera seg med. Dersom ein held fram med å marknadsføra seg i gårsdagen - industrisamfunnet - står ein i fare for å utdatera seg overfor nye generasjonar menneske. Interessefellesskap gjev nærleik til andre, men samstundes fridom. Gjennom det me kjøper, det me gjer, og dei interesser me dyrkar, fortel me soga om kven me er og kva me vil framstå som i samtida. Og det er fleire og flerie som er så dyktige og kreative at dei også klarer å tena pengar på interesser. Meir postmoderne kan ei ikkje vera!

25.01.2004
"På skattejakt i Bygde - Norge" (utdrag) - Rønnaug Leite