Hr. Hvermannsen og Tom Sawyer

Dag Jørund Lønning (utdrag)

Alternativet til sjølv å gripa taket om eiga framtid, i eit konkurranseutsett individualistisk samfunn , er uansett tilbakegang og kan hende til sjuande og sist undergang.

Følgjande kan illustrera dette:

1. Sigurd Evensmo sin "lille mann, eller "Hr. og fru Hvermannsen"

Vi har alle møtt ham.
Det underligste ved denne personen - som fortjener en omvendt Nobelpris - er hans gode samvittighet, og er det noen på denne guds grønne jord som ikke trenger sovepiller, så er det han. Still ham til ansvar, rett anklagen mot ham med rene ord - og han vil først ose på deg med et blikk så vått som et fjellvann en stille sommerdag, og dernest le hjertelig fra dypet av maven slik bare det sikre mennesket kan, og slå deg på skulderen for din spøk og endelelig forslå en øl.
Han hykler ikke. Han bærer på den store skylden, men vet det ikke.
Derimot vet han - og dette er hans aller sikreste viten - at nettopp han er fri for ethvert ansvar. Hva politikere og generaler steller til, kan han ikke gjøre noe med. Hva skulle han kunn gjøre?
For han er den lille mann, og han dyrker sin litenhet, han ifører seg sin litenhet som en astbestdrakt mot flammene i tiden og er beskyttet atskillig bedre enn barnet i mors liv ...
Dessuten kan ikke små menn vite nok om ... vanskelige saker, og det gjelder i grunnen for alt dette med politikk. Om han mente noe, så ville det ikke telle, og hvorfor skal han da legge seg borti det? Han har sitt å stelle med, på jobben og hjemme.
Hans navn er Hvermannsen, og han bor i Oslo, han bor i Berlevåg og Florø, han påtreffes i Moskva og London, Washington og Berling ...
Herr og fru Hvermannsen er så små, så små, og har det meget godt slik.

Dette er harde ord! Men er poenget i røynda noko mindre relevant for kvar og ein av oss i dagleglivet?

Kan ikkje detteogså vera eit godt bilete på kvifor dei urbane kreftene synest å vera tilnæærma einerådande i kampen om det offentlege rommet? For gjer me i røynda noko særleg med det? Gjer me, dei fleste av oss bygdefolk, ein særleg aktiv innsats for å motverka desse trendane?

Om ikkje me gjer det sjølv, kven skal ta ansvaret for utvikling av bygdene i dag?


2. Dei fleste av oss kjenner Mark Twain sin Tom Sawyer, og hugsar episoden då Rom fekk ordre om å måla Tante Polly sitt hagegjerde. Det var ein vakker sommardag, og Tom hadde eigentleg tenkt seg til elva for å bada. Han visste og svært godt at kameratane kom tilå mobba han bår dei kom forbi på veg til ein dag med bading i fridom. Men då byrja og Tom sine små grå å arbeida; Kunne ein tilsynelatande bakdel vendast til ei føremon? Ideen modna i hovudet hans, og slagplanen vart gjort klar. Då første kamerat kom til syne, var Tom difor ivrig oppteken med målararbeidet. Kameraten på si side reagerte som forventa, med litt småvondskapsfulle åtak på visse personar som laut arbeida medan andre hadde fri. Då er det den kreative entreprenøren slår til med ei kraftsalve: Kor mange gongar har du eigentleg hatt høve til å måla eit skikkeleg hagegjerde? Tom sin strategi verkar til fulle. Resten av dagen sit han roleg med beina i kors, og ser den eine etter den andre av kameratane måla gjerdet for han. På toppen av alt vert han "rik"! For gjennom å framstilla saka frå denne sida, skaper han eit stort behov hjå kameratane, eit behov som er så stort at dei til og med er viljuge til å betla for å gjera arbeidet. I løpet av dagen stig og prisen monaleg. Til kvelden har Tom lommene fulle av klinkekuler, inntørka froskar m.m.

Det entreprenøren Tom her gjer, i tillegg til å syna seg som ein kreativ kremmar, er i røynda å snu ei etablert oppfatning av eit fenomen. Det fins allereie ein god del slike som han i norske bygdesamfunn, menneske som arbeider for å snu bilete av bygda til noko positivt, og som aktivit identifiserer og realiserer bygderessursrar med relevans og interesse for samtida. Men framleis treng me så uendleg mange fleire. Urbaniseringa i dag går fort. Før me veit ordet av det, kan det rett og slett vera for seint!