Det moderne klyngetun – ein buplass for fleire enn

31.03.2004
av fylkesjordsjef Christian Rekkedal

Mange er opptekne av å få fleire til å busette seg i bygda. Men dette er ikkje alltid så lett, og noko av forklaringa er kanskje at det vert for få og for langt mellom naboane på bygda? Folk er i utgangspunktet sosiale vesen, og kanskje kan dei tradisjonelle klyngetuna vere ei aktuell løysing for bygdene?


Næringsgrunnlaget i bygdene er i endring. No er berre 1/3 av det som ein gong vart kalla landbrukseigedommar i sjølvstendig drift, og stadig fleire av desse kan omsetjast konsesjonsfritt og utan bu- og driveplikt. Korleis skal vi møte desse endringane? Skal vi utvikle desse eigedommane som buplassar? Eller fritidseigedommar? Eller ikkje bry oss?

Av omsyn til folketalet i bygdene er det sjølvsagt viktig at vi satsar på dette som attraktive buplassar. Busetnad avheng av ei rekke faktorar: arbeid, privat og offentleg sørvis, kultur, kjennskap, slekt, trivsel m.m. Tidlegare hadde ein mest fokus på at arbeidsplassar måtte kome først og bumiljø etterpå. Men erfaringar frå bygdeutviklinga syner at gode bumiljø trekker til seg folk. Så kjem arbeidsplassar med på lasset i form av pendling, heimekontor eller at folk skaper sine eigne arbeidsplassar.

Fleire kommunar har prøvd ulike tiltak for å lokke til seg innbyggjarar. Luster har prøvd å formidle sal av småbruk ved å gje økonomisk støtte til folk som vil selje fråflytte bruk. I Setesdal har dei delt opp så store tomter at det nærmar seg småbruk. Erfaringane med desse forsøka er så langt ikkje eintydig positive, men dette kan likevel vere ei god løysing for enkelte personar og bygdelag.

Mange opplever livet på bygda som einsamt. Tre firedelar av opphavlege gardsbruk er ikkje lenger i sjølvstendig drift. Mange av desse er både nedlagde og fråflytta, og det er stadig færre personar på dei bruka der det bur folk. Dersom ein driv gardsbruk eller anna næring åleine, og i tillegg ikkje har eigen familie, kan det gå fleire dagar utan skikkeleg kontakt med andre folk. Mange unge familiar kvir seg for å busetje seg på bygda dersom det er langt til nærmaste nabo, ungane ikkje har leikekameratar og ein knapt nok ser naboane.

Renessanse for det gamle klyngetunet ?
Hjå fylkesmannen har vi tenkt litt på ei anna løysing enn å gje folk som vil busetje seg på bygdene mest mogeleg plass og stor avstand mellom naboane. Menneska er i utgangspunktet sosiale vesen som søkjer til kvarandre, noko som delvis forklarer at mange trekker inn til sentrum.

Ei slik buform hadde vi tidlegare på Vestlandet i dei gamle klyngetuna. Der låg husa tett, og folka budde saman nærmast slik som i små landsbyar slik vi ser i Sveits og Austerrike. No var det gode grunnar for at klyngetuna vart oppløyst som ein del av jordskifte for nesten 100 år sidan. For det var ikkje berre lekkert når gjødsla rann frå ”oppitunet” via ”midttunet” og til ”nedretunet”. Nye driftsformer med nye bygningstypar trengde meir plass.

Men dagens utfordringar er annleis enn for 20-30 år sidan. Atter nye tider, krev nye løysingar og kanskje kan vi finne tilbake litt av dei positive sidene ved dei gamle klyngetuna?

Skal vi unngå einsemd, må vi tillate at folk kan bu tett også i bygda. Det moderne klyngetun treng ikkje berre vere ein buplass for bondefamilien og eit driftstun for gardsbruket. Her bør ein også planleggje slik at ein kan byggje andre bustadhus rett ved tunet. Dette kan skape ein fellesskap mellom dei som driv gardsbruk og andre som er interesserte i å bu på bygda. Dei sistnemnde har for ofte vorte ”forvist” til ei einsleg tomt i ein avkrok av eigedomen for å unngå interessekonflikt. For å skape positivt bumiljø må ein ha buformer og sosialt liv som er inkluderande og ikkje isolere folk gruppevis alt etter yrke og eigedomsforhold. Dette gir også nye muligheiter for korleis bygdesamfunnet kan inkludere desse ”bustadfolka” i slikt som jakt og fiske, noko som ofte vert sett på som eit gode for dei som bur på bygda.

Prosjekt klyngetun i Sogn og Fjordane
Både føringar frå sentralt hald og våre eigne strategiar i Fylkesdelplan for landbruk, peiker på at vi i framtida må satse meir på å utvikle gode og framtidsretta bumiljø på bygdene etterkvart som den næringsmessige verdien av landbrukseigedommane vert mindre. Landbruksdepartementet er også interessert i desse tankane og støtter prosjektet Det moderne klyngetun — ein buplass for fleire enn bønder. Gjennom dette arbeidet vil vi vurdere ulike kombinasjonar av bustadtun og driftstun på gardsbruk.

Utprøvingane skal i første omgang skje gjennom prosjektering av konkrete byggeprosjekt, og presentasjon og vurdering av eksisterande tun der ein alt har ei blanding av eigne frådelte bustadhus, bustadhus på bruket og driftsbygningar for landbruksdrift. I desse dagar er vi derfor på leit etter konkrete døme, både nye og gamle.

Det finst sjølvsagt også argument mot slik frådeling nær gardstun og dyrka mark. Ikkje minst har vi i landbruksstyresmaktene vore svært flinke til å påpeike desse ulempene. Vi har tala om farane i og ved driftsbygningane, traktortrafikk, støy, gjødsellukt og nabokrangel. Vi har kanskje vore så flinke at vi har skremd folk frå å ville busetje seg på bygda? Den utviklinga vi ser i dag krev andre løysingar enn tidlegare, og ikkje minst må vi tillate at ein prøver ut nye modellar.

Vi kan sjølvsagt risikere å møte oss sjølve og vår praktisering av planregelverket i døra. Vi møter i så fall kjentfolk, så dette kan verte både interessant og krevjande.