Prosjektet med Bryggja heimesida www.bryggja.no

 Vart med i Bygdeutviklingsprogrammet og der var heimeside eit av prosjekta. Vi valde å bruke heimeside i staden for bygdeavis dette for at vi kan oppdatere og legge inn stoff hyppigare enn å skrive avis.
 Vi nytta oss av tilbodet som vi fekk av firmaet DagenDin på Blakset. Dei laga eit administrasjonssystem til heimeside der lag og organisasjon, barnehage, aldersheim og skule vert brukarar. Og der alt som skjer i bygda vert presentert.
 I prosjektgruppa er vi 4 personar. Randi Husevåg(leiar), Harald Maurstad(Historie ansv.), Vivian Sollid(ungdomsrep.) og Aud Hessevik.
 Vi bestilte tidleg domene www.bryggja.no. Sida opna vi den 10.10.2003.
 Vi skreiv brev rundt til alle som vi kunne tenke oss ville vere brukarar av sida. Vi ende opp med 13 lag + skulen + aldersheimen som aktive brukarar. Barnehagen kjem med i år. Elles så har vi andre lag i bygda som eg legg inn stoff for.
 Vi ser i dag at det er viktig å velje brukarar/personar som vi veit kjem til å bruke sida og har kjennskap med word, viss ikkje så blir utviklingslaget sittande med mykje registreringsarbeid på sida likevel. Vi har personar som er brukarar for fleire lag. Dette fungerer gangske bra. Eg må pusje på brukarane fortsatt no etter 1 år. Det er uvant for dei å skrive om kva dei gjer….
 Det er fortsatt tungvindt å legge inn bilde sidan dei må lagrast om til ca 50 kb før dei blir lagt inn på sida. Dette har DagenDin lovd oss at det skal bli enklare.
 Vi tilbyr firma i bygda plass under Bedrifter i bygda. Her sender firma materiell og link til meg og eg legg inn på sida. Dei er ikkje brukarar av sida. Planen var at nokre firma skulle reklamere på framsida nede på sida med logo. Dette har vi ikkje starta med.
 Vi har ein eigen kultur og historiedel på sida. Her legg eg inn etterkvart som Harald Maurstad finn stoff om historie og kultur i bygda. Vi viser og gamle bilde på sida. Vi har laga ein perm med alt under kultur og historie som vi skal legge på butikken slik at dei som ikkje har internett kan få sjå. Det er fortsatt mange som ikkje har internett heime. Vi har internett på bygdekafeen som er open laurdagane. Vi har fått breiband no i juni til bygda så no håper eg at arbeidet for brukarane blir lettare og kjappare.
 Utviklingslaget har ein eigen del på sida der vi legg inn referat frå styremøta, oversikt over prosjekta og elles kva vi arbeider med.
 Vi tilbyr også utflyttarar og bygdefolk å sende helsingar på sida.
 Vi har ein felles Aktivitetskalender for Bryggja der alt som blir lagt inn frå laga samlar seg i ein kalender. Det er meininga at lagleiarane går inn å sjekkar kva som skjer i bygda før dei set opp sine eigne arrangement.

Helsing Bryggja Utviklingslag
www.bryggja.no
Randi Husevåg , mob. 95101 806
Prosj.ansv. for heimesida
post@bryggja.no