Prosjekt Kulturlandskap og attgroing

Kulturlandskap og attgroing
- Kva kan me gjera i vårt nærmiljø?


2.1.
Attgroing av kulturlandskapet; dagens situasjon og nokre konsekvensar av attgroinga.

Kulturlandskapet er forma gjennom lang tids bruk og i eit nært samspel mellom natur og menneske. Menneskestyrte aktivitetar som husdyrbeiting, slått, lauvsanking, vedhogst og stølsdrift har skapt eit ope, variert og opplevingsrikt landskap.

Attgroinga av kulturlandskapet er stadig aukande, og attgroinga er såleis ei stor utfordring både i Sogn og Fjordane og i landet elles. Aldri før har attgroinga gått så raskt som den gjer i dag; i løpet av ein mannsalder kan ein sjå store og graderande endringar i landskapet.

PaulenBilete er teke av eit nedlagt gardsbruk i Paulen i Jølster. Bruket dreiv med mjølkeproduksjon på geit fram til 1975 då det vart lagt ned. I 1975 var det nesten ikkje tre i området, no er det ein massiv skog der. Biletet illustrerar slik godt kor rask og omfattande attgroinga i dag er.
















Grøn tunnelBiletet er teke langs Førdefjorden på strekninga mellom Naustdal og Førde. Biletet illustrerer dei såkalla grøne tunnelane. Bilisten på bildet køyrer i ein grøn tunnel og går glipp av den flotte utsikta over Førdefjorden.




















Kring midten av 1900-talet var utnyttinga av utmarkinga på sitt høgste, med fleire beitedyr enn nokon gong tidlegare. Etter 1950 starta ein nedgang i utnyttinga av utmarka. Stølane blei gradvis lagt ned, utmarksslått og fôrsanking i utmarka opphøyrte, det blei færre beitedyr (forutan sau) og mindre uttak av ved.

Landskapet vil til ei kvar tid gjenspegla landbrukspolitikken som er gjeldande. Stadig aukande effektivisering og rasjonalisering i norsk landbruk fører til bruksnedlegging og at jordbruksareal går ut av drift. Dette fører til auka attgroing av kulturlandskapet.

Beitedyra er dei viktigaste landskapspleiarane våre. Landbruksdrift basert på beitedyr produserer ikkje berre mat og gjev arbeidsplassar, men er og heilt avgjerande for å oppretthalda eit ope og velstelt kulturlandskap: innmarka vert stelt og slått, kulturbeita og utmarka vert beita. Beitedyra held vegetasjonen og stiane i fjellet opne og er såleis viktige med tanke på friluftslivinteresser og vår mogelegheit til å nytta utmarka og fjellet som turterreng. Mange raudlista plante-, insekt- og fugleartar er og heilt avhengig av at landskapet vert slått og beita for at dei skal kunna eksistera. Beitande husdyr er såleis svært viktig og med tanke på biologisk mangfald.

Sogn og Fjordane er eit reiselivsfylke med vill og vakker vestlandsnatur med fjordar, brear og kvasse fjell. Den amerikanske tidskrifta National Geographics kåra i vinter Fjord-Noreg til verdas reisemål, og Vestlandet har såleis fått eit internasjonalt stempel som turistattraksjon. Dersom Vestlandet og i framtida skal lokka turistar til regionen og inn til landet, er det heilt avgjerande med ein aktiv virkemiddelbruk som i framtida og sikrar eit ope og variert kulturlandskap her i vest. Ei satsing på kulturlandskapet på Vestlandet vil vera viktig for å få turistar inn til landet, og vil såleis kunna koma heile Noreg som nasjon til gode. Dersom kulturlandskapet gror att vil det få store fylgjer både for landbruket og reiselivet. Kulturlandskapet er ein av landets viktigaste eksportartiklar. Det er naturen vår, dei opne dalføra og dei levande fjordbygdene turistane kjem til fylket vårt for å sjå, og det er det opne landskapet som gjev mange av oss opplevingar og rekreasjon.


ByrkjeloBilde av Byrkjelo som syner ei jordbruksbygd i drift noko som gjev eit ope og variert landskap.























UtvikBilde av Utvik som syner ei jordbruksbygd i drift noko som gjev eit ope og variert landskap.
























2.2.
Offentlege midlar som kan søkast på til kulturlandskapstiltak.

Spelemidlar:
Spelemidlane er fylkeskommunale midlar. Lag, kommunar og diverse samanslutningar kan søka fylkeskommunen si kulturavdeling om spelemidlar gjennom den såkalla forenkla ordninga. Det er ingen søknadsfrist for ordninga, det kan søkast heile året.
Krav:
- Midlane skal brukast til tiltak med friluftsføremål for allmennheita utan mål om eiga forteneste. Med tanke på tiltak i kulturlandskapet vil såleis rydding av turstiar og ferdslevegar eller rydding kring kulturminne vera døme på prosjekt som ein kan søka om spelemidlar til.
- Ein kan få inntil 50 % støtte.
- Kravet til totalkostnad for prosjektet er sett til minst 20 000 kr, og ein kan få maksimalt 80 000 kr i støtte.
- Det vert sett krav om eit vedlikehaldsansvar av prosjektet i 10 år.

SMIL- midlar:
SMIL-midlane (Støtte til spesielle miljøtiltak i landbruket) er kommunale midlar. Grunneigarar eller føretak kan søka. Søknaden skal sendast til den einskilde kommune, og kommunane set eigen søknadsfrist.
Krav:
- For grunneigarar er det sett krav til at dei har miljøplan trinn 2.
- Ordninga er vid og ein kan søka om midlar til alle miljøtiltak i kulturlandskapet.
- Ein kan få inntil 70% støtte, og det er inga minstegrense for beløpet som ein kan søka om.



2.3.
Praktisk skjøtsel ved ryddetiltak i kulturlandskapet.

- Generelt: Dersom vegetasjonen er på buskas-stadiet vil beitedyr ved rett beitetrykk (rett tal dyr i høve til areal og vegetasjon) kunna opna og stella landskapet. Dersom vegetasjonen er på tre-stadiet må ein kombinera manuell rydding med beitedyr. Når ein har felt tre og opna vegetasjonen manuelt vil beitedyr ved rett beitetrykk halda vegetasjonen i hevd og oppretthalda eit ope landskap.

- Eit hovudprinsipp er at ein ved manuell rydding skal utføra tynning, ikkje snauhogging. Her har det diverre ofte vore mykje missforståingar. Snauhogging vil som oftast gjera gale verre då ein vil få ein auka gjenvekst etter snauhogging. Ved at ein tynnar og då set att ein lauvskjerm vil ein hindra/minska solinnstrålinga til botnvegetasjonen og slik redusera gjenveksten. Dersom det rydda området skal nyttast til beitedyr er det viktig at ein set att tre og med tanke på livd for dyra. Eit område som ikkje er snauhogge, men som har noko tre og såleis variert vegetasjon, vil og ofte gje eit meir estetisk landskapsbilete enn eit område som er snauhogge.


- Når ein ryddar manuelt er det svært viktig at ein stubbebehandlar etter at ein har felt trea. Ved stubbebehandling vil ein få ein punktbruk av gift, rota til treet døyr og ein hindrar då gjenvekst. Til stubbebehandlinga kan ein nytta roundup eller anna glyfosat som ein penslar på stubben etter felling. For å sikra at alle stubbar vert behandla tilrår ein at ein stubbebehandlar like etter felling. For å tydeleg sjå kvar ein har pensla kan ein og blanda blå markeringsfarge eller frostvæske i glyfosaten.

- Anbefalt tidspunkt for manuell rydding med stubbebehandling er frå juli – oktober. Frå juli og utover er sevja på veg attende til rota, og glyfosaten vert då trekt med attende til rota og drep treet. Fram til juli er sevja på veg opp, og glyfosaten vil då verta pressa ut av planta og ikkje ha god effekt. Etter oktober kan det fort koma frost og glyfosaten vil då ikkje virka. For å sikra at glyfosaten skal virka dersom det er fare for frost bør ein difor blanda i frostveske. Glyfosat med iblanda frostvæske påført like etter felling vil vera funksjonelt ved temperaturar ned til -10°C.

- Dersom ein vil nytta arealet til produksjon av kvalitetsvirke er tilråda avstand mellom trea 5-6 meter.

- Eit alternativ til stubbebehandling og då bruk av gift kan vera ringborking av trea. Transporten av vatn og næringsstoff går mellom barken og veda i trea, og ei ringborking vil då utarma rota og drepa treet. Ringborkinga kan utførast kor tid som helst på året, men det må gå to år (24 månader) før treet kan fellast for at ein skal sikra at rota og treet er dødt og då unngå gjenvekst. Fordelen med ringborkinga er at ein unngår bruk av gift. Ulempa er derimot at det tek tid (to sesongar), og visuelt kan det vera skjemmande då treet døyr på rot.



2.4.
Kva kan ein som privatperson gjera for å hindra attgroing?

Det er gjerne først og fremst grunneigarane som kan gjera noko med kulturlandskapet nettopp fordi det er dei som eig og forvaltar areala. Likevel vil me alle kunna gjera noko, både som grunneigarar og som privatpersonar.

Som privatpersonar handlar det først og fremst om å vera bevisst:

- Fyr med ved! Fyr med norsk, gjerne lokal ved!
Me importerer diverre enorme mengder ved til Noreg. Dette er paradoksalt då landskapet vårt held på å gro att. Dersom du fyrer med norsk ved, og då lokal ved, er du med å steller kulturlandskapet i heimbygda di.

- Kjøp norsk kjøt av beitedyr; sau, geit og kyr!
Ved å kjøpa norsk kjøt av beitedyr er du med å støtta næringa som steller og opprettheld eit ope og variert kulturlandskap.

Som forbrukar har du makt; dine val og haldningar vil gje konsekvensar!

Det gjeld elles å ha eit bevisst forhold til landskapet kring oss. Det at me held det ryddig og stelt i tun, hage og langs vegkantar virkar inn på og er viktig for heilskapsbiletet i kulturlandskapet. Kanskje kan ein i grenda/bygda gå saman å rydda langs vegstrekningar på dugnad? All rydding i landskapet må uansett klarerast med grunneigar og utførast i tråd med god skjøtsel (sjå kap.2.3.)



2.5.
Kva kan ein som grunneigar gjera for å hindra attgroing?

- Rydding av beite: Manuell rydding og/eller rydding ved hjelp av beitedyr (sjå kap. 2.3.).

- Utleige/leige av beite- og slåtteareal.

- Utleige/leige av beitedyr.

- Beitepussing. Dersom slåtteareal går ut av drift og ein ikkje får leigt vekk arealet kan ein slå arealet med traktor og beitepussar. På den måten held ein enga open og stelt utan arbeid med fôrhausting og fôrkonservering. Ein ny beitepussar kan skaffast for 32 000 kr. Dersom ein går saman i grenda eller i maskinlaget om innkjøp av beitepussar vert ikkje dette nødvendigvis den store kostnaden.

- Vedsal.

- Sjølvhogst av ved. Dersom ein ikkje sjølv har høve til å hogga og selja ved frå eigen teig kan ein nytta sjølvhogst av ved ala sjølvplukk av bær. Til ein billeg peng kan folk få hogga sin eigen ved på bonden sitt areal.

- Entreprenørverksemd/Bygdeservice. Gardbrukarar sit ofte inne med mykje og gode maskiner og reiskap. Dersom ein ynskjer det kan bonden, anten åleine eller saman med andre gardbrukarar, ta på seg ryddeoppdrag i landskapet både på privat og kommunalt areal.

- Samdrift. Mange småbruk i Sogn og Fjordane la diverre ned drifta si etter jordbruksforhandlingane i 2003 der det blei sett krav til omsetting på 30 000 kr for å vera berettiga produksjonstilskot. For sauebønder vil samdrift (felles driftsregnskap) gjera at ein lett oppfyller kravet til omsetning, vert berettiga produksjonstilskot og kan oppretthalda produksjonen og den kulturlandskapspleia som då fyl med.

- Kje som landskapspleiarar. Kje frå norsk mjølkegeit har eit enormt potensiale som landskapsryddarar. Diverre vert flesteparten av dei avskaffa ved fødsel. Me utarbeider no i Sogn og Fjordane tilskot til bonden for å koppa opp kjea. Bonden kan ved beiteslepp då selja kjea til andre som ynskjer kje til landskapsrydding. Kjea må haldast åtskilt frå andre beitedyr i beitetida for så å slaktast etter beitesesongen. Kjøparen har då fått stelt eit areal og fått førsteklasses grillmat i tillegg!




Liv Astrid Nordheim

Prosjektleiar


--------------------------------------------------------------------------

Prosjekt kulturlandskap og attgroing

Tlf: 57 72 32 54

Fax: 57 72 32 50

Mob: 48 02 98 36

E-post: liv.astrid.nordheim@fm-sf.stat.no