DEN STORE BYGDESAMLINGA 2004

Den store Bygdesamlinga for 2004 vart arrangert av Fjordane Grendalag i Vetlefjorden/Balestrand kommune laurdag 14. august.

Samlinga vart opna ved ordføraren i Balestrand kommune, Erlend Fagermoen, og leiaren i Fjordane Grendalag, Jarle Midttun, presentete arbeidet i Fjordane.


Tema i år: ”Bygdeutvikling vegalangs”!

Vi har no to nasjonale turistvegar i fylket – Sognefjellsvegen og Gamle Strynefjellsvegen. Det er to nye på trappene – Gaularfjellsvegen og vegen Aurland – Lærdal. Bjørn Andresen frå Turistvegprosjektet i Statens Vegvesen tok føre seg korleis vi kan nytta statusen som nasjonal turistveg til utvikling – vegalangs, og det er store summar Statens Vegvesen skal bruke i tida som kjem.

Eli-Grete Høyvik leia samlinga, og ho har arbeidd med å hjelpe bygder til å finne sin eigenart og å formidle verdiane dei har i naturen og kulturarven. Ho svarte også på spørsmålet: Kven er ”Bygdeentreprenøren” og korleis får vi det til?

Om kulturlandskapet gror att, blir det mindre interessant å vitje fylket vårt. Kulturlandskapet er viktig for oss sjølve og vår kontakt med historia vår og det er viktig for å utvikle reiselivet. Korleis vi skal unngå at det veks over hovudet på oss kunne Liv Astrid Nordheim frå FMLA gje mange nyttige tips om.

Ein av dei to inspiratorar frå NorVentus AS i Finnmark, Torill Olsen, tok oss ut i det Kreative rommet høgt oppe i nord.

www.bygdeutvikling.no
Presentasjon av "internett-nettverket" v/Rønnaug Leite frå Kompetansebygder.

www.bryggja.no


















Her presenterer Randi Husevåg frå Bryggja Utviklingslag den lokale bygdeavisa www.bryggja.no på nettet som ein lokalportal med spegling til den overbyggjande portalen www.bygdeutvikling.no til nordfjord-deltakarar frå Nordsida, Hornindal og Bryggja.


Organisasjonane Norsk Gardsmat og Norsk Bygdeturisme har slege seg saman til ein – Norsk Bygdeturisme Gardsmat, og vi fekk synspunkt frå nestleiar i hovedstyret Odd L. Ohnstad.

Og kva bygdene kan tilby av aktivitetar og attraksjonar som er interessante for reiselivet i Sogn og Fjordane fekk vi også innspel på av Arne Glenn Flåten.

Fylkesordførar Nils R. Sandal avslutta ”Bygdeutvikling vegalangs” med kva det betyr for vårt fylke og oppmoda alle bygdeutviklarar, kvar på sin stad, for å stå på framover!


Etter sjølve konferansen var det omvisning for interesserte i Fjordane.

Om kvelden var det bygdedans – eit fast arrangement dei siste åra –
med servering av grillmat m.m.

Fjordane Grendelag baud også program sundagen – ein tur frå Gaularfjellet og gjennom Sværeskaret. Dette var også ein kulturhistorisk fjelltur med Målfrid Sværen som guide!

Svaereskaret



















Bygdesamlinga er ei samling for alle som er engasjert i bygdeutvikling i heile fylket.

Vi takkar Oddveig Birkeland som arbeider saman med Fjordane Grendalag v/leiar Jarle Midttun om å arrangere Bygdesamlinga for ei framifrå BU-helg i Fjordane og ser fram til liknande Møteplass i fylket neste år!