Studiereise i Sverige 21. - 23. sept. 2004

Det nasjonale Småsamfunnssenteret i samarbeid med småkommunane sin organisasjon SmåKom i Sverige, inviterte interesserte med på busstur i glesbygdene, området Jamtland, Harjedalen, Halsingland og Dalarna.


Vi reiste ut frå Værnes tirsdag 21. september og kom tilbake til Gardermoen torsdag 23. september, og fekk sjå mykje skog, vakre raudmåla stugor og møte svært mange entusiastiske personar med aktuelle problemstillingar for oss.


Knut, Inger og TerjeHer er Knut og Inger frå Kompetansebygder saman med prosjektleiar for Småsamfunnssenteret Terje Risholm.
Vi gjorde raskt ei artig oppdaging; i Sverige heiter dei aller minste bygder eller landsbyar (klyngetun) byar, og litt større bygdelag vert kalla for bygder!













Første stopp var Glesbygdsverket i Østersund der vi fekk orientering om den offentlege etaten si rolle i høve glesbygdene. Glesbygdverket er eit statleg utgreiingsorgan for småsamfunna som utarbeider statistikkar om fråflytting som til dømes "No flyttar til og med gutane frå bygda". Kun små områder i Sverige har auke i folketalet, og talet på personar som går bort er høgare enn fødselstala.Besøk Glesbygdsverket på nettet!

GlesbygdverketKanskje er vi etterkvart modne for statistikk og forsking som viser mogelegheiter og alternativ i staden for tal på trendar som vi faktisk veit og føler på kvar dag i distrikta!












På Hotel Cløvsjøfjell fekk vi besøk av representantar for Bergs kommune i Jamtland som var i gang med ei djuptgripande politisk og administrativ endring. Kommuneøkonomien var svært dårleg, og 22 folkemøter hadde gjeve som svar at innbyggjarane ville ha utvikling basert på samarbeid. Målet no var å få til ei heilskapleg organisering i 4 ulike geografiske områder i kommunen, samt nokre fellesområder. Dei geografiske områda skulle få høve til å delta aktivt i utforming av tenestetilbodet og nytte ressursane ut frå eigne behov. Kommunen hadde 7800 innbyggjarar og ein storleik på 5757 kvadratkilometer.


OvanåkerProgrammet neste dag starta hos Ovanåker kommune i Helsingland, og viseordførar Bertil Erikson inviterte slik: "Om du funderar på ett nytt jobb - fundera på ett nytt liv!".
Næringssjefen i kommunen kunne fortelje om 12 dramatiske år frå 1989 då staden måtte hente industriarbeidarar frå Norge, til at 1200 arbeidsplassar vart borte. Næringssjefen hadde jamlege møter med næringslivsleiarane, og Vaxtkraft Ovanåker sette inn ein eigeninnsats på 50 mill. i ein snuoperasjon der dei bygde på sine sterke sider nemleg kunnskap om skog og tre. Kommunen såg det som svært viktig å halde på kompetansen, og etablerte mellom anna gymnas på staden. Dei bygde opp Alfa Industrisenter og starta Program for landsbygdsutvikling.





BandyhallKommunen hadde utarbeidd eigen marknadsplan, og næringssjefen sa det slik: "Vi må få det vi har behov for så kan Stockholm få sitt!" Og for å vekkje merksemd, ta del i "mediabruset" så vart Sveriges største trebygning, bandyhallen Edsbyn Arena AB, reist. Småskalafordelar er å klare å gjennomføre ting som dette som ikkje er mogeleg i storsamfunna. Strategien vidare er fortsatt sterk industrisektor, utvikle besøksnæringa (turisme), samarbeid for å utnytte småskala-fordelar og fleksibilitet og kvalitet i offentleg sektor. "All business is local" - I dag kjennest det trygt i Ovanåker kommune!
























Neste stopp var Skattungbyn og Orsa kommune der vi fekk høyre om korleis ein reddar ei lita bygd, utviklar ny service og stasar på framtida. I Skattungbyn hadde det aldri vore storindustri, og leiar for Skattungbyns bylag meinte at dette var lukka for staden som no hadde stor innflytting fordi her var det rom for å ha det moro, vere kreativ og få til samarbeid. Skattungbyn er eit livsval - naturen, fridom for kropp og sjel, kulturen, jakt og fiske lokka framande til staden m.a. barnefamiliar og folk som vil bu på gardar og ikkje i leiligheter i sentrum. Det var no 400 verksemder i kommunen herav 250 einpersonsbedrifter. Skattungbyn tenkjer annaleis har som mål å bli dyktige til å ta seg av menneske og realisere folk sine draumar. Dette er også ein forretningside i vår tid!

SkattungbynSamarbeidet mellom bygdelaget og kommunen hadde til tider vore komplisert, men sanninga var enkel; enten så samarbeider vi eller så klarer vi oss ikkje. No skapar bygda røyndomen slik dei vil ha den! Bygda fekk 1 mill i gåve som dei fekk bruke fritt, og det vart danna ei partnerskapsgruppe som styringsorgan. Det vart fortalt at for å redde butikken vart det danna eit kooperativ der bygdefolket betalte varer på førehand kvar månad mot 4 % rabatt på den endelege handelen. Staden hadde også 100 år gammal tradisjon for årleg Bystemne (ting), og la vekt på at ingen skulle gå ut av ein konflikt som taparar. Framtida i Skattungbyn peika opp og fram, for som det vart sagt - nye menneske, nye tankar.







Tida gjekk ikkje til spille på denne studiereisa, tvert imot. Undervegs frå stad til stad fekk alle deltakarane presentere seg og si rolle og byggje nettverk for vidare arbeid.
Programmet på turen gjekk i sikker stigning, og møte med kommuneleiinga i Rattvik gav tru på at det fortsatt er potensiale på heimebane.

Rattvikwww.rattvik.se

Rattvik satsar målretta på bygdeutvikling, små skular i grendene og samarbeid med omliggjande kommunar. Folk i dag vil bu der det er triveleg. Livskvalitet betyr meir, arbeid etterkvart mindre. Rattvik satsar på å halde kulturlandskapet vakkert rundt innsjøen Siljan, fortsatt landbruk, lokal mat på bordet, biogas, tre som energikjelde, natur og kulturturisme og bygdeutvikling. Det er viktige å vere tydelege og konkrete ut mot bygdene for å skape tryggleik. Ein bygdepolitikk som sler fast gjennom langsiktige plandokument at skule, bibliotek, butikk, helsesenter osv. er "freda". Søknadsskjema for stimuleringsbidrag skal vere enkle - eit A4 ark. osv. Det vi fekk presentert i Rattvik var vakker musikk i alle bygdeutviklarar sine øyrer.



Bygde.netDenne kvelden fekk Kompetansebygder oppfyllt ein draum vi har hatt i fleire år, nemleg møte leiaren for folkerørsla "Heile Sverige skal leve" og Bygde.net. Stefan Bond kunne fortelje om ei glesbygdorganisering i 4 nivå med 4500 lokale utviklingsgrupper på lokalnivå. Den svenske organiseringa er igjen del av eit nordisk nettverk, og eit Europeisk bygdeparlament er i emning. Motivet for nettverket er hjelp til sjølvhjelp! Påverknad og endring av distriktspolitikk og EU-politikk er kongstanken.










Etter ein dag med svært mange inntrykk som fekk ein til å bli kreative, var Entreprenørskolen i Leksand ein god stoppestad.


EntreprenørskolenLeksandKort visjon, kort målformulering, det å sjå 10 - 20 år fram i tid, byggje underfrå og kontinuerleg prosess i staden for prosjekt som avsluttar var viktige stikkort frå ein allsidig leiar og samfunnsleiar som satsa livet sitt heilt og fullt på å byggje menneske som skal vere i stand til å vidareføre bygdene. - "Visse menneske ventar heile livet på sitt livs sjangse, andre skaper den".















Siste stopp var Sollerøn Sockenforening som hadde som mål etter EU-medlemskapet å plukke heim mest mogeleg pengar.
Les meir!


SolleønSockenforeningUtviklingskontoret ved prosjektleiar Johan Bostrøm arbeidde på mange ulike plan, og var mellom anna med i arbeidsgrupper som utforma EU-program som bygda igjen kunne tilpasse søknad og få pengar frå m.a. riksprosjektet "Hållbare bygder i Sverige".






















Det gjenstår å takke Terje Risholm for ein målretta tur der han fekk vist nye mulegheiter for norske bygder.

Vi frå Sogn og Fjordane meinte vi sjølve var komne svært langt i bygdemobiliseringsarbeidet gjennom Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane. Dette må vi vidareføre så lenge her er bygder som vil delta, men kanskje bør bygdene som er ferdige med den første utdanninga kome inn i eit opplegg, ei fase II, slik at det grunnlaget som er lagt kan vekse seg større og sterkare.