Småsamfunnssenteret

Eit småsamfunnssenter som dekkjer heile landet er under etablering;
Høgskulen i Narvik (nord), Høgskulen i Hedemark, avdeling Rena (sør-aust) og Høgskulen i Volda (sør-vest).
Bakgrunnen for dette er sluttevalueringa av Utkantkommuneprosjeket 1997 – 2001 som avdekka behov for ein arena på tvers av regionar.
Terje Risholm som har tala distrikta si sak på ulike samfunnsnivå gjennom mange år er prosjektleiar.

21. – 23. september inviterte han høgskular, fylkeskommunar, mindre kommunar og deira næringsliv, frivillege organisasjonar og ungdomar på studiereise i Sverige.
Det uformelle bygdeutviklingsnettverket Kompetansebygder i Nordfjord deltok med Knut Åland, Inger Langvik og Rønnaug Leite med støtte frå FMLA.

Kompetansebygder og SmåsamfunnssenteretHer er Kompetansebygder representert ved Inger Langvik og Småsamfunnssenteret sin prosjektleiar Terje Risholm.







Mindre kommunar i Sverige har på 1990-talet vore gjennom store endringar, og har tileigna seg betydeleg erfaring i å gå nye vegar for å løyse innbyggjarane sine behov for tenester. Mange bygder har ved hjelp av kommunen klart å behalde skulen, butikken, heilseheimen m.m. ved at bygda sjølv gjennom etablering av kooperasjon har teke over drifta. Det er også gode eksempel på næringsutvikling som har si rot i bygdemobilisering. Kompetanse har vore eit stikkord i utvikligsarbeidet.

Mobiliseringa har bakgrunn i at at Sverige på slutten av 1980-talet lanserte slagordet ”Heile Sverige skal leve”. Bygde.net i Sverige består av 4000 ulike utviklingsgrupper i småsamfunn. Bygdene fekk også høve til å søkje EU-prosjektmidlar då Sverige kom med i EU. Dette har tilført bygdene meir midlar enn statleg prioritering truleg ville ha gjort.

Studireise til Sverige





















Studiereisa har til føremål å gje oss ein nasjonal møteplass med mogelegheit for å løyse felles utfordringar. Nettverket som vart skapt på turen skal utviklast til noko meir over tid på tvers av fylkeskommunar og landegrenser.