Sogn og Fjordane - best på Bygdeutvikling!

Vellukka satsing på Bygdeutvikling i Sogn og Fjordane

Hovudmål:
Utvikle livskraftige lokalsamfunn, der både kvinner og menn har like moglegheiter, og der ungdom finn ei utfordrande og attraktiv framtid

Delmål:
Oppretthalde og utvikle desentraliserte samfunnsfunksjonar og velferdstilbod

Stimulere evna til entreprenørskap og etablering av lokale arbeidsplassar

At bygda etter prosjektperioden har etablert ein varig utviklings-organisasjon basert på samarbeid, nettverk og vilje til læring



Christian RekkedalUtviklingsleiar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Landbruksavdelinga, Christian Rekkedal informerte om BU-satsinga i Sogn og Fjordane og gav dei to nye bygdene i Bygdeutviklingsprorammet
Hornindal Utviklingslag
og
Ytre Solund Vekst

innføring i utviklingstrekka i landbruket i fylket på Oppstartssamlinga i Førde 16. og 17. okt. 2004




1)Tradisjonelt landbruk i omstilling
Færre og større bruk
Nye former for samdrifter
Nye nisjeprodukt innan frukt og bær
Skogsentreprenørar
Fokus på kvalitet og miljø
Viktig å halde på vår del av produksjonen

2) ”Nye” bygdenæringar i vekst
Meir lokal foredling
Sal av tenester, offentleg og privat
Grøn omsorg: ”Inn på tunet”
Natur og reiseliv – Naturbruksprosjektet
Telependling og anna pendling





Småsamfunnssenteret og Studiereise i Sverige 21. - 23. sept. 2004

Eit småsamfunnssenter som dekkjer heile landet er under etablering;
Høgskulen i Narvik (nord), Høgskulen i Hedemark, avdeling Rena (sør-aust) og Høgskulen i Volda (sør-vest).
Bakgrunnen for dette er sluttevalueringa av Utkantkommuneprosjeket 1997 – 2001 som avdekka behov for ein arena på tvers av regionar.
Terje Risholm som har tala distrikta si sak på ulike samfunnsnivå gjennom mange år er prosjektleiar. Les meir om Småsamfunnssenteret og Studiereisa under menypunkt Tema.