Tre deltakarar frå bygdeutviklingsprosjektet i Austefjord/ Bjørke-området og to politikarar frå Volda kommune deltok sist veke på ein fire dagars studietur til Jämtland og Härjedalen i Sverige. Arrangørar var landbruksavdelingane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og turen markerte avslutninga på samarbeidsprosjektet ”Kvinner og menn i distriktene- liv og virke” som har vore i gang frå 2003. Mellom dei 41 deltakarane på turen var både frivillige og kommunale eldsjeler, byråkratar og politikarar representerte.




Målet med prosjektet har vore auka kunnskap og nettverksbygging mellom det offentlege, frivillige organisasjonar og næringsliv. ”Nedanfrå og opp-perspektivet har vore viktig, det same har utvikling av tilbod basert på lokale ressursar. På studiereisa fekk deltakarane møte vellukka døme på lokal mobilisering, og ein sette på ulike måtar fokus på kva følgjer EU-medlemskapen har hatt for distriktsbygdeutviklinga i grannelandet. Samstundes vart bussturane gjennom dei store skogane nytta til ide- og kunnskapsutveksling mellom deltakarane.



Glesbygdsverket i Östersund
driv med statleg bygdeforsking og statistikk. Som i Norge går flyttestraumen i Sverige frå distrikta til sentrum. Sentraliseringa starta på 50- 60-talet, og vert forsterka av skeiv alders- samansetning. På oppdrag frå regjeringa har verket sett på korleis distriktspolitikken verkar rundt i landet. Det viste seg at medan nokre fylke har ambisiøse program for bygdeutvikling, er temaet fråverande i andre. Med bakgrunn i dette gjer ein framlegg om at alle fylke vert pålagde å følgje opp arbeidet med bygdeutvikling, og vise kva ein oppnår.

I tillegg til regional utviklingspolitikk ut frå lokale/ regionale føresetnader, trengst det nasjonale mål og tiltak for lokal utvikling i distrikta. T.d. er større bu- og arbeidsmarknads-regionar og godt utvikla servicetilbod i distrikta viktig for at folk vert buande/ flytter til. Differensiert strandsonevern er under utprøving, i tillegg er breiband og telekommunikasjon, oppretthald av grendeskular og kommunale læringssenter viktige satsingsområde. Utflytting av statlege arbeidsplassar er og tema i Sverige.

På spørsmål frå reiseleiar Rønnaug Leite om ikkje det er viktigare å forske på positive utviklingstrekk som kan vere motiverande og nyttige for bygdene, i staden for å dokumentere negative trendar som alle er klar over, var svaret at Glesbygdsverket til no har vore det analytiske organet, medan Folkrörelsesråden har har hatt ei meir utførande rolle når det gjeld bygdeutvikling. No er det ei viss endring på gang. Verket forvaltar m.a.Leader Pluss, EU sitt regionale utviklingsprogram, der partnerskap mellom det offentlege, næringslivet og frivillig sektor står sentralt. Bedriftsutvikling, integrasjonspolitikk og landsbyråda si rolle er tema ein arbeider med. Eitt konkret prosjekt var ein elgfarm, der absolutt heile elgen vert utnytta kommersielt (frå elgmjølk til papir laga av elgmøkk).

Sjølv om handlefridomen på mange måtar har minka med EU-medlemskapet, prøver ein å få attende mest mogeleg av midlane i form av prosjekt.



Berg kommune
var neste post på programmet. Her går folketalet ned, og kommuneøkonomien er dårleg. Vi fekk møte unge kvinner i kommuneleiinga som satsar på omorganisering og utvida samarbeid med bygdene.

Bergspartiet gjorde eit sterkt kommuneval i 2003, og starta arbeidet med nesten tom kommunekasse. Sterk økonomistyring var naudsynt, og som eitt av tiltaka i snuoperasjonen valde ein å omorganisere både politisk og administrativt. Ein valde å satse på dei tilsette som ressurs, på desentralisering av ansvar for den daglege drifta, på samordning mellom ulike kommunale tenesteområde, på samarbeid med frivillig sektor og på større grad av medverknad frå brukarar, pårørande, foreldre m.m. Stikkord er demokrati, lydhør og positiv leiing, ta vare på kreative innspel frå tilsette og innbyggarar.

Kommunestyret vart i større grad eit forum for strategisk tenking.

Heilt frå barneskulen satsar ein på entreprenørskap, på å gjere borna initativrike og kreative. Som døme på at ein også i etableringsarbeidet har ein særleg hatt fokus på kvinner, fekk gjestene møte Margaretha Lindbäck Hansson. Med utgangspunkt i eit lokalt ressurssenter for kvinner, som i samarbeid med kommunen har fått til mykje, fortalde ho om prosjektet ”Ung innovation i ett internationellt perspektiv”, eit Interreg-prosjekt med deltakarar frå Bergs kommune i Sverige, Nord- og Sør-Trøndelag fylke og kommunane Steinkjer, Lierne og Selbu. Eit svært spennande prosjekt, som m.a. har resultert i at Margaretha har starta si verksemd, Höglunda Gårdsvärdshus.



I Skattungbyn

fekk gjestene servert nydeleg lokalprodusert middag, før vi fekk orientering om eit nytt EU-prosjekt med namnet ”Attraktiva bygder”.

Deretter presenterte Kåre Olsson eit kreativt bygdesamfunn som skaper sine eigne tilbod ut frå lokale behov, og som til ein viss grad også har sin eigen økonomi! Skattunge handel, eller Budi, bygdas møtestad, er ein kombinasjon av ein kooperativ butikk, eit lokalt servicehus der du kan få post, polvarer, apotekvarer og bensin, leige videofilm, løyse fiskekort og omsorgsbustader på ”loftet”!

Butikken, som er eigd av innbyggarane, vart starta for 10 år sidan som alternativ til nedlegging. I tillegg kartla ein behova til innbyggarane, og fann ut at det dei eldre frykta mest var å måtte flytte frå heimbygda når dei ikkje lenger klarte seg sjølve heime. Dermed innreidde ein omsorgsbustader i 2. høgda på butikken! Frivillige lagar informasjonsblad og køyrer ut varer til dei som treng det.

Olsson fortalde at kommunen ikkje handlar noko i lokalbutikken, og at ein oppmodar dei om å innføre Arvika-modellen, der ein deler opp kommunale anbod i delanbod, slik at også små butikkar kan vere konkurransedyktige.



Rättvik kommun
Var ein ny spennande stoppestad for følgjet frå Norge. Dette er ein av fleire kommunar rundt Siljan-sjøen som samarbeider om utvikling av reiseliv, og som ein viktig lekk i dette for å halde kulturlandskapet mot sjøen ope. Over 100 ulike EU-prosjekt er i gang i kommunen, m.a. innanfor ”Det opne landskapet”. Heile kommunen er dekka av bygdeutviklingsgrupper, med ”bottom up”, engasjement og livskraftige bygder som sentrale stikkord. Satsing på småskular er viktig for Rättvik; det same er byggeskikk og tettstadutvikling. Folk må ta tak sjølve: ”Visse menneske ventar på sitt livs sjanse; andre skaper den”. Politikarane si rolle er å legge til rette og skape eit positivt klima for nyskaping.

Her fekk deltakarane også møte Staffan Bond, ”guru” for den svenske folkerørsla ”Hela Sverige ska leva”, eit nettverk av 4000 lag og organisasjonar som arbeider til beste for eige lokalsamfunn. Dei har og etablert www.bygde.net som igjen samarbeider med nordiske og europeiske bygdenettverk.



Entreprenörskolan i Leksand
-den vesle høgskulen med dei store mulegheitene, er ein del av Høgskulen i Dalarne. Her vart vi mottekne av Lasse Nygård, som fortalde om korleis ein tenkjer utdanning i entreprenørskap frå førskule til høgskule, med utgangspunkt i det lokalsamfunnet ein lever i. Universitet og høgskular vert lett for teoretiske, difor satsar ein her på Kvalifiserte Yrkesutdanningar innanfor handel, kommunikasjon, dekorasjon, opplevingsindustri, alternative driftsformer innanfor pleie og omsorg i form av personalkooperativ. Leiarskap og det å utvikle seg som menneske går som ein raud tråd gjennom utdanningane. Samstundes skal ein behalde småskalaperspektivet. Ved å la bransjeorganisasjonar og verksemder delta i utforming av tilboda, legg ein til rette for at ungdom får arbeid etter utdanninga.



Siljansnäs Sockenförening
Var siste post på det tette programmet. Der informerte Uno Lundbäck om arbeidet til foreninga frå starten i 1995 til i dag, og Carl Rönn presenterte eitt av prosjekta, School@Work, Siljan Flying Cirkus.

Bygdene er grunnlaget for lokaldemokratiet, med eiga bygdestove, bygdemøte og oppsynsmann som viktige pillarar. På slutten av 80-talet gjekk slagordet ”Hela Sverige skall leva” over landet, og gav startskotet til bygdeutviklingsarbeidet. Ein innsåg at det ikkje kom nokon utafrå for å berge landsbygda; ein måtte ta tak sjølve. Ei av hovudutfordringane var at ”bystugan” heldt på å gå konkurs. Ei økonomisk forening vart starta for å berge huset i 1995, og same året vart Siljansnäs Sockenförening starta. Målet er å styrke lokaldemokratiet og auke medverknaden frå innbyggarane i planlegging og bygdeutvikling.

Då distriktssjukepleiarstillinga vart nedlagd av lenet (fylket) av økonomiske årsaker,

miste butikken 1 million i omsetning. Landstinget brydde seg ikkje. Kven skulle då bry seg? ”Annanisme” definerte Lundback som at ”nokon andre skal gjere det!”. Men kven? Konklusjonen var at ein må ta tak i si eiga framtid. Lokalt engasjement må vere utgangspunktet. Ein må lage ein visjon.”Den som ikkje lagar eit bilete av si eiga framtid,

vil leva i nokon annan si framtid”.

Etter at frustrasjonen over EU-avrøystinga hadde lagt seg, fokuserte ein på korleis flest mogeleg av dei 21 mrd. Sverige sender til EU kan kome attende. Frå 1996 og til i dag har ein fått tilsaman 40 mill. kr. i reine midlar. I tillegg kjem dobbelt så mykje ”luftpengar” i form av frivilleg innsats, som vert verdsett til 165,- kr./t



Siljan Flying Cirkus

Carl Rönn kom til Siljansnäs for å presentere mogelege EU-prosjekt. Gjennom ei analyse i samband med forstudien ”Tailwind” vart ein flyplass frå 50-talet der det kvart år er eit stort treff, interesse for gamle amerikanske bilar, tradisjon for husbygging, bilreparasjonar og skogsarbeid blinka ut som lokale ressursar. Det overordna målet var ”Arbeid for alle”.

Ideen om eit friluftsteater, bygging av småfly og ein ”air park” munna ut i planar om eit byggeprosjekt som skulle røme 43 hus med hangar på tomta og taksebane til flyfeltet. Banken gav klarsignal dersom ½ av tomtene vart selde innan 6 månader. I dag er alt selt, ein har utvida med 9 tomter og enno er der kø! Mange av kjøparane kjem frå utlandet (m.a. Sveits, Østerrike og Danmark). Dette vert verdas mest internasjonale airpark! I prosjektet inngår og eit samarbeid med andre europeiske land.

Ein føresetnad for å lukkast er ifølgje Rönn god informasjon og demokratiske prosessar. Ein har hatt dialog med bøndene i området, som vil misse noko dyrkbar jord. Andre ulemper vil vere meir folk og meir støy i området, men ein prøver så langt råd er å minimere skadeverknadene. På den andre sida får ein att mykje anna, m.a. 20- 50 nye arbeidsplassar!



Ingrid Opedal