Rikskomframsen for Bygdekraft - Innobygd 2006

10 bygdeutviklarar frå nettverket Kompetansebygder reiste for å delta på Rikskomframsen for Bygdekraft. Her registrerer Inger Johanne Heikinen frå Bryggja og Alf Steinhovden frå Eikefjorden seg som første deltakarar.













Statsråd Åslaug Haga og Sogn og Fjordane sin eigen statsråd Liv Signe Navarsete vert helsa velkomne til Innobygd 2006 for å presentere distriktsmeldinga. Her saman med fylkesmannen i Hedemark og statsministeren i fristaten Lucky Næroset. "Raud løper" var på plass i anledning dagen!












150 deltakarar frå heile landet var samla i langlavvuen 16. og 17. juni 2006.
Her var det plass til både utandørs komframsesal og festsal i det strålande sommarveret.















Inger Johanne, Alf og Rønnaug fekk møte ein reiselivsguru for første gong i sitt liv og fekk vite svaret på neste utviklingstrekk innan reiseliv og turisme.

















Breim Utviklingslag er med i Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane og stillte ungdommeleg sterkt.




















Hornindal Utviklingslag delte ny Gaupen hestehengar på høggerhotellet "Ittno å bli Rica" og fekk utmerka service av "Pikkole".























Som styrkedrikk vart tilbydd Fantasi, Kreativitet, Galskap og Mot.
















Styrkedrikken medførte skikkeleg Skallebank dvs. forpliktande målsetjingar frå kvart fylke om kva ein skal gjere i tida som kjem for distrika, småsamfunn og bygdeutvikling.








































Dei utenkte tankars tårn må opplevast!




















Deltakarane på Innobygd 2006 fekk den store glede og ære å vere til stades under markeringa av Fantasiens Manifest.


















Inger Langvik frå Nordsida signerer Fantasiens Manifest.




















Rønnaug Leite nyttar høvet til å ta plass i stolen for Kongstankar!

























På kulturprogrammet stod Dukketeater; Et dukkehjem av Henrik Ibsen.






























Oline Løvlid frå Hornindal takka for maten og for ein Komframse vi seint eller aldri vil gløyme.

















PROGRAMMET VAR PÅ NASJONALT NIVÅ OG HELDT HØG FAGLEG KVALITET

Vi takkar for "påfyll" og service frå a til å!

Neste år skal bygdeutviklingslaga i Sogn og Fjordane fylle ein heil buss og reise til Lucky Næroset for å oppfylle kongstanken om eit nasjonalt bygdeutviklingsnettverk med internasjonale kontakter.

Rønnaug Leite

Innobygd